Tekst: Johanne Flottorp

Pumpegris gav i slutten av februar ut debutalbumet sitt «Fritids». Denne vinteren har dei vore på turné og hausta gode ord hos anmelderar og publikum for musikken sin, som dei sjølv kallar folk-fusion.

Vera Sonne (fremst) og Trygve Liahagen (t.h. bak) er medlemmar i det etter kvart profilerte bandet Pumpegris. Bandnamnet kjem frå dansk barnelitteratur. Foto: F. Schwarz.

Bandnamnet er importert frå dansk barnelitteratur. Vokalist Vera Sonne er halvt dansk, og ho fortel at også litteratur frå Danmark var viktig då ho var lita.

– Forfattaren Halvdan Rasmussen anbefaler eg alle. Gøy og surrealistisk. Han har skrive eit barnerim som heiter «Pumpegris», seier Vera.

Kort fortalt er det ein gris som kan pumpe ut kva som helst av trynet sitt, og ein unge får grisen til å pumpe ut saft. Men då ungen igjen spør om grisen kan pumpe ut meir, seier grisen at pumpa er tom.

– Då seier ungen at han heller skulle ha pumpa ut brennevin, fortel Vera og legg til:

– Så er det jo slik at ein må ha eit bandnamn, og nokon må bare ta den beslutninga. Så me gjekk for dette, og har stått ved det.

Gjennom hausten og vinteren har Pumpegris i tillegg til releaseturneen spelt på fleire bransjetreff, og til hausten ventar også Bylarm. Men før det blir dei truleg å sjå på ei festivalscene nær deg.

Her møter du to av musikarane i fredagspraten.

Høyr Pumpegris her.

Fakta

Namn: Vera Sonne
Fødd: 04.11.1999
Yrke: Musikar
Frå: Oslo
Bur i: Oslo

Namn: Trygve Liahagen
Fødd: 11.11.2001
Yrke: Musikar 
Frå: Ottestad
Bur i: Oslo

Kvifor og kor ofte syng/spelar du?

Vera: Eg syng fordi det kjennest godt. Så enkelt. Det er ein fysisk god sensasjon. Og så er det koplinga ein får til andre når ein syng. Eg har prøvd meg på mange ulike instrument, men ingenting toppa songen. Eg syng heile tida, det er nesten ein sjukdom. Og eg syng nok meir enn eg trur. Det er slikt eg kan legge merke til når eg er med andre folk, at «oi, det der må eg ikkje gjere heile tida». Det er spesielt ein slått Trygve har skrive som me brukar i bandet som har fasta seg som handballklister til hjernen. Den syng eg mykje på, så kudos til han.

Trygve: I utgangspunktet var det fordi lillebror ønska seg fele, og det var uaktuelt for meg at han skulle kunne noko eg ikkje kunne. Men nå er det fordi det er fantastisk gøy. Eg har øvd på å lage liv i fela i mange år, og det er moro å spele og kjenne at ein klarer det. Og sjølvsagt å dele det med eit publuikum, og å uttrykke seg. Det blir mindre tid til øving nå enn før, men eg speler fleire gigs.

Kven er dei fremste læremeistrane dine?

Vera: Den første læren min i folkesong over tid, var Margrete Nordmoen på Toneheim folkehøgskule. Då skjønte eg at tradisjonsmusikk var noko for meg. Unni Løvlid og Øyonn Groven Myhren også vore viktige for meg. Øyonn har lært meg masse materiale som eg brukar aktiv i dag, spesielt tralling, i tillegg til mykje materiale frå Oslo.

Margrethe Nordmoen, for øvrig mor til Trygve Liahagen, fekk Vera Sonne til å innsjå at folkesong var noko for henne.

Trygve: Den første læraren eg hadde var Marit Westling. Av henne fekk eg fantastisk god opplæring i grunnteknikk og grunnleggande forståing for felespel. På vidaregåande på Vinstra hadde eg Vegar Vårdal, og han skjønte at eg hadde konkurranseinstinkt, noko han brukte flittig for å få meg til å øve. På Musikkhøgskulen, er det Andreas Bjørkås og Håkon Høgemo som har vore fantastiske lærarar, og Unni Løvlid. Eg har lært ekstremt mykje om musikken og alt rundt av henne.

Kva var den siste plata du høyrde på?

Trygve: Nå har eg akkurat høyrt på den nye plata til Reolô. Den var fader så bra!

Vera: Å, eg visste ikkje at den kom i dag. Den gleder eg meg til å høyre! Det siste albumet eg høyrde på, er det nye til Tone Hulbækmo, «Harpedåm». Det har vore med meg nå som me har vore mykje ute på reise.

Den nye plata til Tone Hulbækmo har Vera Sonne høyrt på i det siste. 

Kva var den siste konserten du var på?

Vera: Eg høyrde to band som spelte på Victoria jazzscene her for litt sidan, blant anna bandet til mi gode veninne Papole Khaki, som lagar jazzmusikk der ho blandar inn sin kurdiske bakgrunn og også har med eit snev av norske folkemusikkornament.

Trygve: Ei bakside ved å vere musikar er at ein ofte speler konsert sjølv, samtidig som konsertane ein vil sjå spelast. Eg fekk heldigvis med meg Alf Tveit og Helga Myhr på Blodklubb for ein dryg månad sidan, det var fantastisk!

Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?

Vera: Eg var på Osafestivalen, og på konserten til Reôlo fekk eg danse med Martin Myhr. Eg hugser ein augneblink der eg følte at eg slutta å eksistere. Eg kunne følgje dansen som om eg ikkje fanst, eg trengte ikkje flytte beina, men bare svevde rundt i musikken til Reolô. Det var veldig magisk.

Reolô lagar god stemning på dansegolvet rundt omkring på ulike festivalar for tida.

Trygve: Den første opplevelsen som dukker opp i hovudet er Resjemheia på Parkteateret i desember. Det var heilt rått!

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

Vera: Eg vil trekke fram ein god gammal favoritt, som eg ofte kjem tilbake til: Margit Finnekåsa. «Sortebergen», som er på albumet «Margits folketonar» var det første arkivopptaket eg jobba med. Og eg kjem stadig tilbake til denne og dei andre på albumet, for Margit Finnekåsa har ein fantastisk stemme.

Trygve: Min favoritt er eit opptak med Marius Nytrøen, «Polsdans frå Kvikne». Det er heilt fantastisk. Det går så utruleg fort, med temposkifte og alt. Veldig fascinerande og artig spelt.

Høyr Marius Nytrøen spela polsdans frå Kvikne her.

Kva er den største kappleiksopplevinga di?

Vera: Første gongen eg reiste på kappleik, var det saman med Martin Steinum Brun og Victoria Oftestad. Det var sjølvsagt stas i vinne Open klasse saman med dei (med gruppa Rakkarpakk, journ. mrk.) eit år, men det første året me var på Landskappleiken saman var i 2019. Eg og Victoria, to oslojenter, fekk vårt første møte med den scena. Alt var heilt nytt. Me såg på lagdans saman, og då sat me og grein rett og slett. Det var så nydeleg. Å sjå så mange dyktige, eldre menneske danse saman to og to, den dansegleda, det var bare skikkeleg rørande, og det står fortsatt som eitt av dei sterkaste kappleiksminna mine. Så eg vil anbefale alle å sjå på lagdans.

Trygve: Det må vel kanskje vere i 2022 og 2023, då eg vann B-klassa på fele. Det var ekstremt kult å komme opp i A-klassa, men etter at eg hadde spelt då i 2023, sa eg at om eg rykker opp, så speler eg aldri på kappleik igjen. Eg veit ikkje heilt om eg står for det nå då, så me får sjå. Eg skal i alle fall få med meg heile kappleiken i år, men det er jo litt skummelt å stille.

Trygve Liahagen frå då han vann B-klassa i vanleg fele i Lom.

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?

Vera: Spesielt med det oppsvinget som skjer nå, med at folkemusikken møter den generelle befolkninga, blir det endå viktigare at me jobbar med alt av Tono, rettigheiter og så vidare. Det blir gjort ein god jobb, men den fortsetter å vere viktig. Kva er musikken verdt i dei systema me har?

Trygve: Tono kan vere litt frustrerande. Så det er absolutt ei viktig sak å jobbe med, slik at det blir ei rettgferdig ordning, der folk blir oppmuntra til å bruke tradisjonsmusikken. På ein måte blir ein straffa for det i dag, framfor om ein skriv eigen musikk, og det svekker tradisjonsmusikkens posisjon og status på eit byråkratisk plan, i alle fall.

Vera: Ein anna ting som det også er viktig å jobbe med når det er ein positiv bølgje, er rekruttering. Ei slik interesse det er nå kjem ikkje kvart år, eller kvart tiår for den del. Difor er det viktig å skvise flest mogleg inn i den skjøre, rare greia me held på med. Dette med  rekruttering tenkjer eg er viktig i svingingane – både når det er mange som er interesserte, og når det er få.