Bak namnet Fru Skagerrak finn du dei tre dyktige folkemusikarane Maja Kjær Jacobsen (Danmark), Elise Wessel Hildrum (Noreg) og Anna Lindblad (Sverige). Det er fela som dominerer på plata, men alle utøvarane syng òg. Hildrum har òg tatt med seg blokkfløyta, og Lindblad har eit godt grep rundt triangelen på ein av låtane. Musikken er både eigne komposisjonar og henta frå dei ulike tradisjonane som finst rundt Skagerrak, og det i nær så mange musikkstilar som det er mogleg å putte inn på desse tolv kutta.

På dei fire fyrste kutta må du sperre opp både auga og øyra ein halvmeter, for her får ein ikkje kvile eit sekund. Fyrst får vi snilt nok ein forholdsvis tradisjonell halling, i eit fint, tett arrangement. Vi kan bli lurt til å tru at dette blir ei artig plate med friske felearrangement av gamle slåttar frå dei ulike landa. Men nei – no kjem det ein reinlendar («Kräfta») i eit svingande groovy arrangement, forholdsvis langt frå uttrykket på fyrste låt.

Ja – kanskje dette blir ei plate med masse ulikt felerepertoar? Vi set oss godt til rette for å nyte neste felearrangement, men atter ein gong blir det nei. No kjem det i staden ein meditativ rein vokallåt henta frå mellomalderen, der arrangementet er så enkelt at sjølv du og eg kan synge med etter ein omgang. Når vi då gjer oss klare for neste låt på plata, er vi iallfall sikre på at vi skal høyre folkemusikk – for det er vel ei folkemusikkplate? Nei, sjølvsagt kjem det ei overrasking no òg. Fruene kastar oss rett inn i ein nykomponert moderne swinglåt. Desse musikarane vil ikkje bli plasserte i ein bås – her er det bredde, leik og ein ankerdram som skal rå.

Fru Skagerrak - Ankerdram
Fru Skagerrak - Ankerdram
  • Go' Danish Folk Music, 2018
  • 12 spor, 45 minutt
  • Produsert av Antti Järvelä og Fru Skagerrak

Samanlikna med fyrste plata (Fru Skagerrak, 2016), er dette definitivt eit eller kanskje to steg opp i kvalitet. Her er det få feilslag, og dei har brukt god tid på å gjere det lyttarvenleg utan at det har gått utover spontanitet og speleglede. Dei har laga gode arrangement til kvar einaste låt, og det gjer at plata veks etter kvar gjennomlytting. Eg blir ikkje alltid like overtyda av songen deira, men det gjer seg godt i heilskapen på plata. Songane er gode pusterom, og vi får litt fri frå tette harmoniar og dynamiske felesprell.

Fellestrekket for alle låtane er fokuset på den folkelege rytmen. Det er superbt stødig spelt, og det gjer dansaren i meg rastlaus – han vil heller hive seg ut på dansegolvet enn sitte framfor eit tastatur. Sjølv den siste bånsullen «Sørens far» er heilt stødig, og eg ser for meg ei mor som dansar ungen sin i søvn med ein roleg vals. Kanskje den same ungen har lært seg sine fyrste polskasteg til «Munkedal»? Rytmen i låten er som er som ei ekstra førande hand på dansegolvet, som sjølv den mest umusikalske dansar må la seg rive med av.

I «One-Two» syner Fru Skagerrak fram kor rytmisk overlegne dei er ved å spleise to låtar med ulik rytmikk. Overgangen mellom dei to rytmane er på ikkje meir enn 3 ½ slag, og nerden i meg ler høgt over korleis dei fiksar den biffen. Og vil du ha noko anna enn storband å danse swing til, så er «Roll your Rs» eit godt alternativ på spelelista. Denne innbyr ikkje berre til å kaste sveitte hit og dit, men av og til òg til ein tett tangoklem.

Er du glad i folkemusikk av den feststemte typen, utan for mykje teknisk show-off, så kast deg over denne produksjonen. Om du klarer å sitte stille og lytte til denne plata, så er eg imponert. Her synest eg du skal svinge ikkje berre din snasne bakdel, men òg alle menneske du treff på din veg medan du lyttar. Eg ser for meg at eg har Ankerdram på øyra medan eg dansar meg nedover Karl Johan, og når eg blir over meg av danselyst, grip eg fatt i eit vettug menneske og svingar meg rundt til tonane frå Fru Skagerrak.