Tekst: Kjellbjørn Karsrud og Jostein Aardal

- Vi har ha hatt kontroll på økonomien og reknar med det blir overskot på Landsfestivalen, seier Britt Elise Skram.

Festivaleiar Britt Elise Skram og nestleiar Kristina Farstad Bjørdal hadde travle dagar, både som utøvarar og arrangørar. Men dei kom vel i hamn og hausta mange lovord saman med resten av hovudnemnda og dei mange frivillege.

Festivaleiar Britt Elise Skram og nestleiar Kristina Farstad Bjørdal hadde travle dagar, både som utøvarar og arrangørar, som her under opningskonserten i Vestnes kyrkje. Foto: Jostein Aardal

At Landsfestivalen hamna på Vestnes var litt tilfeldig. Møre og Romsdal folkemusikklag hadde sett føre seg å arrangere på Åndalsnes. Men dei møtte meir velvilje i Vestnes kommune og kom etter kvart kom dei fram til at det var rette plassen.

Festivalsjefen sjølv bur i Vestnes, og interessa for arrangementet var viste seg å vere god lokalt. Konsertane med blant andre Bjørn Tomren i Vestneshallen og kyrkjekonserten med Kviven duo og Honndalstausene – der for øvrig både Skram og Bjørdal også spelte - var utselde. 

– Korleis er runddansmiljøet i Møre og Romsdal no?

– Det er er litt blomstrande, noko som kjem fram i finalespelet med utøvarar som gjer det veldig godt. Med har jobba ein del for å få opp trekkspel- og toradarmiljøet igjen, for det var veldig bra for 15 år sidan. No prøver me å få ein renessanse. Dette arrangementet kan vera ei vitaminsprøyte. Det verkar som også folk lokalt er positivt overraska når dei kjem hit. 

Utøvarar og publikum kosa seg og fylte dansegolvet frå morgon til kveld - og vel så det - under Landsfestivalen i Vestnes. Foto: Jostein Aardal

Nøgd FolkOrg-leiar

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, var særs nøgd med arrangementet, noko som kom fram i avslutningstala hennar under Meisterkonserten. 

– Det har vore glede frå morgon til kveld, så mykje glade folk, så fulle dansegolv, så mykje god musikk og det har vore eit fantastisk vertskap, rosar Reitan. 

Lokal arrangør med blant andre (frå venstre) leiar Britt Elise Skram, nestleiar Kristina Farstad Bjørdal, Hanne Molvær Salthammer og Anna Gjendem får mykje ros for gjennomføringa av Landsfestivalen. Foto: Jostein Aardal

Dette var den fyrste Landsfestivalen til Aslak Brimi som dagleg leiar i FolkOrg. Han kan ikkje få fullrost nok den lokale arrangøren og særleg hovudnemndsleiaren.

På førehand var både FolkOrg og lokal arrangør spente på kor mykje folk som kom på Landsfestivalen. Besøket vart godt, som her under Meisterkonserten i Vestneshallen. Foto: Jostein Aardal

– Eg er mektig imponert over ein arrangør som i utgangspunktet er liten på ein etter måten liten plass. Men dei har løyst ting så godt og teke i mot folk på ein svært god måte. Publikum er nøgde og musikarane er nøgde. Me også skal vera veldig nøgde med denne festivalen her. 

Også vêrgudane spelte på lag med arrangørane, og buskspelet blomstra under Landsfestivalen på Vestnes. Foto: Jostein Aardal 

Brimi fortel at både FolkOrg og lokal arrangør var spente i forkant om kor mykje folk det kom til å koma. Det viste seg fort at det var bra med påmelding, noko som roa nervane. Brimi opplyser at deltakartala ligg omtrent på nivå med fjorårets festival i Førde.

Stafettpinnen til Oppdal

Festivalleiar Britt Elise Skram rosa i takketala på Meisterkonserten FolkOrg for hjelpa dei har fått, og ikkje minst kor velvillige kommunen og det lokale næringslivet har vore i førebuingane. Ho retta også ein takk til vêrgudane som i høgste grad spelte på lag denne helga. 

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan (til venstre) er særs nøgd med årets landsfestival. Neste års festivalsjef Gry Terese Hoel fekk overlevert stafettpinnen frå Britt Elise Skram og fastslår at det blir eit kompakt arrangement også på Oppdal.  Foto: Jostein Aardal

Neste år blir Landsfestivalen arrangert på Oppdal for femte gong. Dagleg leiar Aslak Brimi ser fram til samarbeid med den røynde arrangøren.

– Oppdal spell og dansarlag er ein erfaren arrangør. Det er sett saman ein komité med både nye og erfarne, og dei har låge skuldrar allereie, konstaterer Brimi.

Festivalsjef Gry Terese Hoel fastslår at det blir eit kompakt arrangement også neste år. Arenaen kjem til å likne på førre landsfestival i Oppdal i 2017.

– Det blir tevling og dans i idrettshallen vår. Vi får festivalcamp berre eit steinkast unna arenaen, og stemnekontoret blir i same området, seier Hoel.