Tekst: Pressemelding.

Det fekk dei for alvor bevist då dei ga ut sitt fyrste album i 2015, Den fyrste, som vart spelt inn i Utgard i Lom med dansarar i salen. No, ti år seinare, kjem oppfylgjaren 2.0 (eller to-null som dei uttalar det) – eit album som er spelt inn på nøyaktig same plass (vi pratar om centimeter), men i ein meir kontrollert studiosituasjon. 

Plata kan tingast her.

- Vi ynskte å gjere det annleis denne gongen, og eit studioalbum kjendest riktig sjølv om vi sakna å ha dansarar til stades, fortel Øyvind Sandum som spelar durspel og trekkspel i gruppa. Lendmenn består elles av Bjarne, Bjørn Kåre, Mads Erik og Steinar – alle med etternamn Odde. 

Det er formidling av god gammaldansmusikk som står i fokus for Lendmenn. Og musikken kan kome frå kvar som helst. Likevel er det meste av repertoaret forankra i Ottadalen. Ikkje så rart det når alle er frå Lom eller Vågå. 

- Det er eit variert repertoar innafor den ramma vi har. Det er leikar som tradisjonelt har vore utøvd på durspel; det er Nygaard-leikje (melodiar av trekkspelaren Oddvar Nygaard); og det er feleleikar. Dessutan varierer vi besetninga ved at Bjørn Kåre byter mellom fele og bratsj, og Øyvind mellom trekkspel og durspel, fortel trekkspelar Mads Erik. Kombinasjonen bratsj og torader har etter kvart vorte eit varemerkje for Lendmenn. 

Omtrent 10 år sidan førre album, kjem no toaren. Foto: Thor Hauknes.

Då Lendmenn vart starta for 20 år sidan under namnet Gnekk og yt, var yngstemann Steinar berre elleve år. Brørne Mads Erik og Bjørn Kåre var 14 og 15 år gamle. Når dei no ser attende på dei 20 åra, kan dei fortelja om eit godt og inkluderande miljø å koma inn i. Og miljøet har gjeve næring til motivasjon og vilja til å utvikle seg. 

- Som alt anna i livet har ingenting kome gratis. Vi har jobba hardt, jamt og trutt i alle dei 20 åra. Og vi føler at vi aldri kjem til å bli utlærd same kor mykje vi jobbar. Det vitnar om ein rik tradisjon, slår felespelar og bratsjist Bjørn Kåre fast. Lendmenn har vunne Landsfestivalen i gammaldansmusikk tre gongar: I 2017, 2018 og 2022. 

Albumet 2.0 blir lansert som fysisk CD og på strøymetenester fredag 10. januar 2025. Den kvelden har Lendmenn lanseringskonsert på folkemusikkfestivalen Fjellfolk på Oppdal. To singlar er allereie lansert, Spøkefuggel`n 22. november og På reisefot 13. desember.