Gjermund Larsen Trio - Salmeklang
Gjermund Larsen Trio: Salmeklang
  • Heilo/Grappa, 2016
  • 11 spor, 57 minutt
  • Produsent: Gjermund Larsen

Gjermund Larsen Trio er i haust aktuell med sitt fjerde album. Sidan trioen fann saman for ti år sidan for å lage eit tingingsverk til Telemarkfestivalen 2006, har dei skapt sitt heilt spesielle musikalske univers. Med albumet Salmeklang klarer trioen nok ein gong å tilføre tradisjonsmusikken noko nytt – denne gongen med god hjelp frå ein folkemusikktrio frå Sverige.

Salmeklang er eit todelt album. Dei første seks spora, samt det siste, er med dei faste medlemmane: Gjermund Larsen på fele, Andreas Utnem på piano og Sondre Meisfjord på kontrabass. Inspirasjonen til desse spora har komponist Gjermund Larsen funne hos dei han er glad i heime på Innherred. Dei kjenslevare og fine komposisjonane «Trøstevise», «Fars låt», «Søstervals» og «Duett» er hyllester til dei som betyr mest i Larsens liv.

Naturleg nok er Gjermund Larsen inspirert og påverka av den legendariske felespelaren Hilmar Alexandersen (1902–1993) frå Steinkjer. Til liks med bror Einar Olav og far Geir Egil, var Gjermund var god ven og lærte av Hilmar. Lik det Gjermund Larsen gjer no, tok Alexandersen nettopp utgangspunkt i gamle folketonar og salmar når han utøvde musikken sin. Denne musikken er også ein del av inspirasjonen til komposisjonane på Salmeklang.

Relasjonen mellom folketonar og salmesong har vore vevd tett saman i den norske tradisjonsmusikken opp gjennom åra. Kanskje er det dei gode, gamle takkesalmane Gjermund Larsen har som inspirasjon, når han tileignar låtar til nære familiemedlemmar.

I tillegg til at trioen er fantastiske musikarar og Larsen ein god komponist, er noko av det fine med Gjermund Larsen Trio korleis folkemusikken møter samtidsmusikken på særmerkt vis. Dette samspelet mellom tradisjonen og jazzen har vunne vel fortent gehør blant publikum og kritikarar både i Noreg og internasjonalt. Sånn sett er ikkje denne delen av albumet så ulik dei førre albuma til Gjermund Larsen Trio: Komposisjonane følgjer eit velkjent mønster, men uansett blir ein fascinert av  korleis den trygge forankringa i folkemusikken møter det unike i samspelet mellom tre ulike instrument.

Sjølv om komposisjonane er vakre og klassisk Gjermund Larsen Trio, er det forfriskande og  spennande når trioen halvvegs ut i albumet slår seg saman med den svenske folkemusikkgruppa Nordic. Den norske og den svenske trioen står bak fire av spora på albumet. Tre av desse komposisjonane er frå eit tingingsverk som dei to trioane framførte under den internasjonale kyrkjemusikkfestivalen i Oslo i 2015.

Gjennom klangane til nøkkelharpa og celloen og med ein leikande mandolin, riv Nordic melodiane meir vekk frå den velkjente lyden av Gjermund Larsen Trio og gir musikken eit nytt uttrykk. Dette ser vi i til dømes melodien «Hymne». Mandolinriffa til Magnus Zetterlund er også viktige for særpreget på tittelsporet «Salmeklang», men her blir ein like fascinert av korleis orkesteret i 5/4-takt nærast improviserer seg gjennom komposisjonen.

«Hymne» er elles den melodien som kjem nærmast eit «salmeuttrykk» på dette albumet. Her får eg assosiasjonar til den gamle religiøse folketonen «Se vi går opp til Jerusalem». I kyrkjeleg samanheng er hymna gjerne skrive som takkesong eller lovsong til Gud, så det høver fint til denne komposisjonen. «Hymne» er eit godt døme på den «grenselause» koplinga mellom salmetonane etter Hilmar Alexandersen og den svenske folkemusikktradisjonen.

For dei som kjenner folkemusikkmiljøet i Verdal, veit ein at Jämtlandsvegen, ferdselsvegen frå Verdal og over til Sverige, i generasjonar har spela ei stor rolle i å gi verdalsmusikken nye impulsar. Med salmetonane til Alexandersen som ei viktig inspirasjonskjelde, viser Gjermund Larsen Trio og Nordic korleis tradisjonsmusikken frå Noreg og Sverige kan møtast i sjangrar som til dømes pols og vals. «Kind of polska» og elleville «Vals assai». Resultatet blir eit album som er både trygt og spennande.