Fredagskveld på Gimle
Bergensar Maria Skjeldrum Toppe og ostring Kristoffer Kleiveland ønskte velkomen til Vestlandskappleiken 2016 med konsert i storsalen på Gimle fredagskvelden. Toppe spelte på ei fele bygd av Harald Kvandal på Sandane, medan Kleiveland spelte ein Castagnari 2½-radar. (Foto: Caroline Ingeberg)
Runddanstevlinga var den første konkurransen under Vestlandskappleiken, og ein av få tevlingar som gjekk føre seg i storsalen på Gimle. Vinnarar vart startnummer 7, Leon Årdal og Irene Hestvik frå Indre Sunnfjord Spelemannslag. Dommarar var (f.v.) Per Øyvind Tveiten, Synnøve Bjørset og Vegard Opheim, og musikarar var Maria Skjeldrum Toppe, Tormod Kleiveland og Kristoffer Kleiveland.
Laurdag i Tårnsalen på Lysverket
Jonas Laupsa frå Hardanger Spelemannslag vann C-klassa i fele/hardingfele under tevlinga laurdag. Ho gjekk, til liks med dei fleste tevlingane, føre seg i Tårnsalen på Kode 4, det som tidlegare vart kalla Lysverket, Bergen Kunstmuseum. Dommarane er (f.v.) Håkon Asheim, Helene Myklemyr Bolstad og Håkon Høgemo.
Tårnsalen var ein flott bakgrunn for tevlingane under Vestlandskappleiken. Her speler Kårhild Husby Nordstad, som fekk delt andreplass i fele/hardingfele klasse C. På grunn av den gode akustikken i Tårnsalen var det ikkje naudsynt å forsterke nokre instrument. Dommar Håkon Høgemo ytra etter tevlinga at rommet fekk godt fram alle tonane og detaljane i felespelet.
Laurdagskveld på Gimle
Kjersti Kindingstad Vågen frå Kvam vann Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2016. Vågen har spelt fele sidan ho var 8 år gamal, og er aktiv i fleire grupper og solo. Ho har hatt fleire lærarar i Hardanger-tradisjonen, og hausten 2015 var ho med i MasterClass Hardanger med Knut Hamre som lærar. Prisen vart delt ut laurdagskvelden på Vestlandskappleiken, og Vågen kvitterte med å spele hallingen «Rotnheims-Knut» frå scena.
Kappleiksgeneral Ragnar Birkenes var å sjå høgt og lågt i hardangerbunaden sin under Vestlandskappleiken. Her tek han imot fruktkorga på vegner av Bygdedanslaget i Bjørgvin, som vann seniorklassa i lagdans.
Hovudnemnda til Vestlandskappleiken 2016 blir takka frå scena av Borghild Opdahl, styreleiar i BUL Ervingen. F.v. Torbjørn Haukås, Arnvid Underlid (skjult), Ragnar Birkenes, John Haugen, Ida Marie Rognsvåg og Brit Sørland. Arrangørane, Bergen Ungdomslag Ervingen, Spelemannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin, sende stafettpinna vidare til Folkemusikklaget Havbrusen og Gaular Spelemannslag, som arrangerer Vestlandskappleiken på Askvoll 13. og 14. oktober 2017.