Tekst: Jostein Aardal

Det blir storinnrykk på Gol under Landskappleiken som blir opna av kulturminister Lubbna Jaffery onsdag 26. juni. Totalt 1015 einskildutøvarar har meldt seg på kappleiken. Det 41 startnummer fleire enn rekorden hittil frå Landskappleiken i Vågå i 2019. 

Og ikkje minst: Dette er mange gonger fleire enn under Landskappleiken som vart skipa til på Gol i 1972. Ikkje berre er det blitt fleire nye klasser. Også talet på deltakarar i dei «gamle» klassene har auka mykje.

- Vi er fram til Landskappleiken og satsar på eit arrangement med mange store opplevingar både på tevlingar og konsertar, seier Magne Øynebråten som er leiar i hovudkomiteen.

Alt ligg altså til rette for ein stor og god landskappleik. Ikkje berre er det mange deltakarar. Vi finn også mange av dei mest kjende namna blant dei påmelde.

Og det er eit imponerande konsertprgram under årets landskappleik med noko for einkvar smak. Magne Øynebråten trekker spesielt urframsyninga av forestillinga Rotnheims-Knut.

Kongepokal i vokal

Kvedarane skal konkurrere om Kongepokalen. Heile 23 deltakarar er påmeldt i vokal klasse A. Blant desse er Kim Rysstad, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Mari Midtli, Camilla Granlien, silje Risdal Liahagen, Malin Alander, Margit Myhr, Arne Moen Bergset, Isa Holmgren og Synnøve Brøndbo Plassen.

Synnøve Brøndbo Plassen vann vokal A i fjor og skal i år konkurrere om Kongepokalen. Foto: Jostein Aardal

Vokal klasse B er endå større med 30 deltakarar, medan det er 11 påmelde i vokal klasse C. Totalt er det altså 64 i vokal under årets landskappleik. Sluttkampen om pokalen foregår i ein eigen finale laurdag kveld. Vinnaren blir presentert under den tradisjonelle meisterkonserten søndag.

Fleire store spelklasser

I spel hardingfele klasse A er det 20 påmelde. Blant desse er fleire tidlegare vinnarar som Alexander Aga Røynstrand, Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås og Jan Beitohaugen Granli. Av nye A-klassingar finn vi Mattias Thedens i startlista.

Fjorårsvinnar i hardingfele kl. A, Anders Buen Garnås, deltar på Gol. Foto: Jostein Aardal

Dommarane får også ein stri tørn når dei skal vurdere 40 deltakarar i hardingfele klasse B. Her er fleire som har ambisjonar om 1. premie og opprykk til A- klassa. Det er dessutan ei stor og spennande klasse C hardingfele med 19 deltakarar. 

Også i spel fele er det godt deltaking, midt i eit sterkt hardingfeleområde. I fele A er 16 påmelde, og blant desse tidlegare vinnarar som Astrid Sulheim og Aslak O. Brimi. Og Sigrid Moldestad tilbake som deltakar på Landskappleiken. I fele klasse B er det 19 påmelde, medan det er 12 deltakarar i klasse C. 

Astrid Sulheim vann fele kl. A i Lom i fjor og stiller på Gol. Foto: Jostein Aardal

Under Landskappleiken på Gol i 1972 deltok til saman seks i lag. På årets kapppleik stiller heile 35 i ei og same klasse. Tevlinga startar med Hallingdal låtelag som gjerne vil vinne på heimebane under leiing av veteranen Øyvind Brabant. Lagspelet blir avslutta med Lom spelemannslag. Så publikum som vil følgje med får ein lang dag.

Mange dansarar

I dans hardingfele A er det 28 påmelde par. Også her er fleire tidlegare vinnarar og dansarar som utmerkar seg med eigne prosjekt, blant andre Ulf-Arne Johannessen, Margit Myhr, Ingunn Stræte, Brigitte Halldis Hegge Blomlie, Ådne Reinhold Geicke Kolbjørnshus, Torkjell Lunde Børsheim, Heidi Lund Berg, Asgeir Blaavarp Heimdal, Hege Synøve Weset, Sivert Andreas Holmen og Tora Skavhaug Vik.

Brigitte Halldis Hegge Blomlie og Ådne Reinhold Geicke Kolbjørnshus stiller i år som i fjor. Foto: Ragnhild Heggem/FolkOrg

I dans hardingfele B er det 47 påmelde par, medan det er 12 deltakarar i dans hardingfele klasse C.

Etter Landskappleiken på Lom i fjor vart det etterlyst fleire dansarar frå feledistrikta. Under årets kappleik er 12 påmelde par i klasse A og 19 par i klasse B. Men det er ingen påmelde C-klassingar.

Også i lagdans er det stor overvekt frå hardingfeledistrikta blant dei 41 påmelde.

Stort kulturprogram

Arrangørane har som nemnt lagt opp til eit storstilt kulturprogram både for unge og eldre. Det blir konsertar med mange kjende og nokre mindre kjende aktørar. Kappleiksjef Magne Øynebråten trekker særleg fram urframføringa av forestillinga om «Rotnheims-Knut.

Landskappleiken opnar tradisjonelt med eit utval av noko av det beste arrangørområdet kan by på onsdag kveld. Torsdag er det intimkonsertar i Gol stavkyrkje og konsert med folkrock-gruppa Gangar.

Fredag er det klart for «Røve-enka i Hallingdal» før urframføring av Rotnheim-Knut. Framsyninga er basert på historier henta frå gamle bygdebøker i Gol.  

Stordansaren frå garden Rotneim var både «leug og mjuk» og gjekk frikar på leikskeid og dansefetar. Han var kjent for å gjera svært høge kast, men hadde også andre sider som ikkje var like gode. 

Laurdag skal legendariske Bukkene Bruse med Steinar Ofsdal, annbjørg Lien og Arve Moen Bergset ha konsert. Det heile blir avslutta med folkemusikkmesse i Gol kyrkje søndag føremiddag før Meisterkonserten i idrettshallen.