Takk til både Aslak Brimi og Ole Nilssen for gode og reflekterte meiningsytringar som belyser viktige prinsipielle spørsmål og som bidreg til god debatt!

Eg føler behov for å kommentere eit par av innspela som Aslak og Ole peikar på og som er direkte adressert til meg:

Fyrst og fremst vil eg understreke at eg ønskjer at Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal avspegle eit så stort mangfald som mogleg, med mange ulike samansetningar og uttrykk, og som avspeglar den varierte gammaldanstradisjonen vi finn i heile vårt langstrakte land. Det gjer festivalen meir interessant!

Eg ønskjer å sjå flest mogleg deltakarar, anten det er amatørar, heilproffe, halvproffe eller kva dei måtte kalle seg, på våre tevlingar. Det er nettopp dette som er styrka til FolkOrg – at både profesjonelle og amatørar møtast i vennleg kappestrid der alle stiller likt. Eg er heilt samd med Ole om at på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er vi alle amatørar!

Når det gjeld omgrepet tradisjonelle gammaldansgrupper, som eg brukte i min kommentar i GD, blir eg skulda for å være historielaus. Til det vil eg seie; eg er godt kjent med det mangfaldet ein finn i gammaldanstradisjonen historisk sett, og at definisjonen av komp har eit svært breitt og variert innhald. Eg brukte omgrepet i samanheng med Landsfestivalen og kva som er dei «tradisjonelle» gruppespelsamansetningane vi finn blant deltakarane på festivalen, og ikkje som ein historisk definisjon.

Eg er leiar i ein organisasjon med medlemmar som har ulike – og sterke meiningar – om mykje og mangt. Det er bra, og vitnar om eit stort engasjement som bidrar til å drive organisasjonen framover. Men for meg er det viktig å lytte til alle meiningar og ta dei på alvor, anten dei kjem frå den eine eller den andre. Det er ein viktig føresetnad for at alle skal kjenne seg heime i FolkOrg og å vite at deira stemme blir høyrt.

Det er altså ikkje tale om å snu kappa etter vinden, men å ta innspel som kjem på alvor, drøfte dette i styret og vurdere om vi skal justere reglementet der det er naturleg (og mogleg) for å ivareta størst mogleg mangfald og deltaking.

Eg håpar vi får inn mange innspel frå medlemmane våre slik at vi får eit sakleg, godt og breitt grunnlag når vi skal behandle dette i styret til hausten!

Gruppespel til besvær og andre ytringar
Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan (Foto: Thor Hauknes)

RELATERTE ARTIKLAR