Toppbilete: Aslak O. Brimi (t.v.), her saman med Tonje Lien Barkenæs i gruppa Brimi & Barkenæs sekstett, frå finalen i gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2017. (Foto: Runhild Heggem)
I desse valgtider er det mangt som kan opprøre og engasjere. Eitt tema er gruppespel på Landsfestivalen i gammaldansmusikk (LF). I etterkant av LF i Oppdal nå i sommar, har det vore ein del diskusjonar om kva gruppespel er og kva det bør vere. I avisa GD onsdag 23. august vert det gjeve eit intervju med spelmannen Øystein Nicolaisen der han uttrykker bekymring for gruppespel på LF. Han er uroa for at ”gruppene med komp” har tøffe kår på grunn av konkurransa frå duoar. Han seier at ein ”duo har ingen ting med gruppespel å gjere. Duo er to personar, i ei gruppe er det er fleire. Det blir etter min meining for monotont og manglar noko heilt vesentleg for at ein kan kalle det gruppespel. Han argumenterer for at duo i gruppespel kan resultere i feil grupper i finala: ”Ein ser at godt etablerte grupper, som etter min meining absolutt burde vore der, ikkje eingong kjem til finalespelet.”
"Å si at duo- eller trio-formatet ikkje er ein tradisjonell gruppekonstellasjon for gammeldansspel er mildt sagt historielaust!"
Påmeldinga på LF har gått i bølgjedalar. Eg sat i styret i FolkOrg ei periode det var noko laber deltaking på festivalen. Den gongen, som nå, fekk vi oppfordring om å sjå på kappleiksreglementet. Vårt ynske var ei variert og spennande gruppespelklasse der gammaldansgrupper med ulike konstellasjonar frå heile landet føler seg heime. Vårt grunnlag var at i ulike tradisjonsområder rundt om i landet er det mange ulike konstellasjonar som er ”i tradisjon”. Eg meiner at gruppespel ikkje må bli definert ut frå ein formel som seier at det skal vere to eller tre melodiinstrumenter i lag med komp, gjerne kalla Nygaard og Oppheim-formelen. Dette er relativt sett ein NY tradisjon som kom i andre halvdel av førre hundreår og vart særs populær.
Å si at duo- eller trio-formatet ikkje er ein tradisjonell gruppekonstellasjon for gammeldansspel er mildt sagt historielaust! Veldig mange stader i landet er nettopp desse den vanlege tradisjonelle gruppekonstellasjonen som var brukt. I min tradisjon var duoen N´ Knut og Lykkjen truleg den mest brukte gruppa til dansespel frå slutten av 1800-talet. Knut Runningen på toradar og Ola Moløkken på fele spelte på festar og bryllup i mange tiår. Frå tredvetalet og utover var det dei tre felespelarane i Vårdalstrioen som herja. Berre feler. Stort sett var det gammeldans dei spelte med ei og anna springleikkule innimellom.
Nicolaisen seier at duoar blir ”for monotont og manglar noko heilt vesentleg for at ein kan kalle det gruppespel”. Dette framstår noko vagt, og det hadde vore interessant å fått høyre kva han eigentleg meiner med det ”vesentlege”. Ut i frå resten av intervjuet er det naturleg å tenkje komp. Det er visstnok ei einigheit hjå somme at det må komp til for å kalle noko ei gruppe, eller få bra dansespel. Eg meiner at spelet, drivet og danseapellen vi opplevde hjå duoane i finalespelet i sommar motbeviser dette. Og ikkje minst er dei med å bidreg til diversitet i lydbildet, noko som er viktig også innan gammaldansen.
Det er sant at duoar ikkje passa inn i gruppespeldefinisjonen på Titanofestivalen, og det var heller ikkje vanleg i gruppespel på LF på 80- og 90-talet. Eg undrar på om det er dette som er bakgrunnen for utspel om at ”duo ikkje er gruppe”? Ynskjer folk seg attende til 80-talet og Titanofestivalens glansdagar? Med dette i tankane vert eg ein smule uroa når styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, i same GD-artikkel vert sitert på følgjande: ”Da styret i sin tid opna for at duo kunne delta i gruppespelet, var tanken å få eit breiare musikalsk uttrykk. Eg ser at dette kan skape misnøye blant dei TRADISJONELLE gamaldansgruppene” (mi utheving.) Dette er ei uheldig og upresis formulering. Og eg skulle gjerne visst på kva måte det er så innlysande at duoar skulle føre til missnøye!? Eller enda mindre forståeleg, at breiare musikalsk uttrykk skulle føre til missnøye?
Det er viktig for FolkOrg-styret å lytte til alle meiningane der ute. Og det er tydeleg at det er fleire som ynskjer at gruppespelklassa skal vere for grupper med komp (og i denne samanhengen er det prat om bass og gitar). Det er ein ærleg sak. Spørsmålet er kva retning FolkOrg-styret vil at LF skal ta? Skal styret endre reglementet slik at det berre blir ei type besetning som skal passe inn i gruppespel på LF? Eg personleg tenkjer at dette vil gje feil signal, og meiner det er FolkOrg si rolle å legge opp til at gruppespel på LF er ei nasjonal konkurranse for alle ulike besetningar som gammeldansgrupper kan ha. Dette er ein viktig prinsippdiskusjon FolkOrg-styret ikkje kan ta lett på. FolkOrg har ansvar for å ta vare på og dyrke alle gammeldans-samspelformene.
Det er viktig å halde ein sakleg og fornuftig tone i ein slik diskusjon. At ein person meiner at slik og slik ”skal det berre vere” er noko FolkOrg-styret må heve seg over. FolkOrg-styret må også heve seg over at nokon truer med å lage ein konkurerande festival dersom det ikkje vert gjort ”dei rette endringane”. FolkOrg må ha eit fagleg og historisk fundament for kappleiksreglementet. Faren er å snu kappa etter vinden kvar gong nokon ropar høgt som ein orkan.
RELATERTE ARTIKLAR
- Send dine innspel om Landsfestivalen til styret i FolkOrg (Styret i FolkOrg, 30.08.17 – www.folkorg.no)
- På Landsfestivalen er i alle amatørar, og samspeltradisjonane er mange (Ole Nilssen, 31.08.17. – www.folkemusikk.no)
- Gruppespel til besvær og andre ytringar (Hilde Reitan, 01.09.17 – www.folkemusikk.no)