Stillinga har vore ledig sidan før sommaren, og ved første gongs utlysing kom det inn gode søkjarar. Men den som fekk jobben, trekte seg fordi vedkommande hadde fått støtte til eit større prosjekt og ville satse vidare som frilansar.  

– Me merker at me konkurrerer mot byane og frilanslivet. Det er spennande, spesielt for dei nyutdanna, å vere frilans. Men det me har er ganske unike stillingar, der du får 50/50 med undervising og speling. Du får halde deg fagleg oppdatert og i speleform, og får spele mange spennande konsertar. Så det undrar meg litt at det ikkje er meir trøkk på desse stillingane. Det var meir i starten, då stillingane blei lyst ut i 2020, seier Skarvatun.  

Frå nyttår er også eit halvt års vikariat som distriksmusikar på trekkspel lyst ut. Rektoren håpar dette kan vere ei fin moglegheit for dei som er nysgjerrige og vil teste ut om distriksmusikarlivet er noko for dei, og håpar at det er mange som søkjer innan fristen i midten av november. 

Dei me jaktar på er nesten super-menneske. Men dei finst jo der ute.

Trude Skarvatun, kulturskulerektor i Sunnfjord

Les også:

Det skulle berre mangle. Ved nyttår hadde Sogn og Fjordane fem folkemusikarar i distriktsmusikarstillingar. Korleis har ein fått til dette? (februar 2020)

Sjølv om ikkje meldingsboksen har vore overfylt av søknadar til no, trur ikkje Skarvatun at det er for mange distriktsmusikarstillingar i omløp.  

– Med såpass mange som blir utdanna nå, tenkjer eg ar det burde vere marknad for dette. Me ser at veldig mange nyutdanna har lyst til å starte yrkeslivet som frilansarar. Men når dei etablerer seg, vil mange ofte ha meir stabilitet og tryggare arbeidsforhold og økonomi.  

Trude Skarvatun seier at personane dei ser etter, er fagleg engasjerte folk som brenn for faget sitt og folkemusikken og evnar å skape eit miljø. Det er prøvespel på stillingane, så det musikalske nivået må vere høgt. Det er også ein fordel om søkjaren har pedagogikk.  

– Dei me jaktar på er nesten super-menneske. Men dei finst jo der ute, seier rektoren.  

Sjølv om arbeidsstaden er Sunnfjord og den lokale tradisjonen står sterkt der, er det ikkje ein føresetnad at søkjarane kjenner til denne frå før. Men det er viktig at dei vil lære seg den.  

– Dei som har teke utdanning, har som regel måtte lukte på litt forskjellig. Så om du kan tradisjonen frå før, er underordna, berre du er på eit høgt nivå og vil lære deg den. Me har veldig mange sterke utøvarar her som er meir enn villige til å dele med seg, seier Skarvatun.