
Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg: Bjørgumspel vol II. Taddeivs Minne 1
- Sylvartun Folkemusikk / Musikkoperatørene, 2015
- CD: 34 spor, 63 minutt. DVD: 93 minutt
- Produsent: Hallvard T. Bjørgum
Torleiv H. Bjørgum (1929–1990) – eller Taddeiv Kåsland som setesdølene kjende han som – var fele- og munnharpespelemann, kvedar og sølvsmed. Han var ein framifrå utøvar og kulturarbeidar i vidaste forstand, som formidla, delte og la til rette for at tradisjonen han stod i skulle kunne førast vidare. Frå Torleiv gjekk linene bakover mellom anna til Andres T. Hovet, Andres K. Rysstad og ikkje minst sjølvsate Knut Jonsson Heddi (Helle).
Hallvard har lært felespel etter far sin, sjølvsagt, men også etter andre – og Daniel Sandén-Warg har lært av dei båe to. Daniel vart hekta på bjørgumspel via ein kassett og møtte aldri Torleiv sjølv, men etter å ha gjort setesdøl og bjørgumlærling av seg til fulle, er det først og fremst Torleiv sitt spel han er mest påverka av.
Utgjevinga er som eit kinderegg: Ein CD med fele- og munnharpespel etter Torleiv, spela av Hallvard og Daniel; eit tettpakka tekst- og bilethefte på 59(!) sider om slåttane, Bjørgum-familien og andre spelemenn og tradisjonsbærarar; og ein DVD med ulike film- og lydopptak, først og fremst om – og litt med – Knut J. Heddi.
Tittelen, Taddeivs Minne 1, ber bod om at det kjem meir. Heile tre utgjevingar må til, meiner Hallvard og Daniel, for å presentere «hovudrepertoaret» etter Torleiv. Det er såleis duka for Taddeivs minne 2 og 3, desse også med film og bonusmateriale. Det er berre å rydde plass i hylla.
Ei historiebok i ulike format
For det er både eit sjå- og høyrverdig arbeid dei to grannane har gjeve seg i kast med – eit produkt ulikt det meste anna som kjem på marknaden. Det er utgjevingar som denne som framleis gjev god grunn til å kjøpe seg musikk i fysiske format.
Allereie på opningsspora syner CD-en kva setesdalsmusikken rommar av varierte stemningar og rytmiske krumspring. Daniel fyrispelar fyrst tre stevtonar. Deretter syng Hallvard minnestev etter Torleiv, før han dreg i gang ein forrykande versjon av gangaren «Reisaren». Så går det slag i slag med hardingfele, munnharpe og kveding.
I tekstheftet er det mykje forvitneleg å finne. Her er lange avsnitt om kvar slått og utviklinga av desse, og her er frykteleg mange namn og ættesogeutgreiingar. Eit slektstre eller to hadde vore til stor hjelp – særleg av di alle verkar vera i slekt med alle. Hallvard T. Bjørgum, til dømes, er sin eigen firmenning. Men setesdalstradisjonen blir på ingen måte dyrka som noko desse gjæve slektene har kome fram til heilt av seg sjølve, tvert om blir det framheva korleis slåttane og spelemennene har vandra og fått impulsar frå andre stader og strender. Så isolert, som mange har likt å framstille dalen som, har no ikkje Setesdal heller vore.
Hallvard og Daniel står for mesteparten av tekstane, nokre av dei svært personlege. Nokre er kanskje i overkant personlege, som den detaljerte og lange forteljinga om kvelden då Torleiv døydde. Samstundes er det beint fram vakkert å tenkje på at han avslutta livsgjerninga si spelande til dans på årsmøtet i Setesdal spelemannslag.
Sume av tekstane er på setesdalsmål, mellom anna bibelomsetjingar som Knut J. Heddi gjorde og eit stykke Heddi skreiv om spelemannen Petter Veum året før han døydde. Både tekstheftet og DVD-en er såleis ei gullgruve for språkinteresserte! Men det er ei krevjande utfordring for dei fleste å lesa, sjølv dei av oss som er over middels entusiastisk innstilte. Ei større innvending er likevel at tekstheftet er skjemt av unødvendige slurvete skrivefeil og stundom noko uklart meiningsinnhald.
DVD-en er konsentrert om Knut J. Heddi, ein eineståande kar og vel verd ein biografi. Me følgjer livet og virket hans som notekunnig spelemann, lærar, ættesogeskrivar, samlar, omsetjar, fotograf og bygdekunstnar. Slik får me ikkje berre ein stor porsjon folkemusikk- og setesdalshistorie, men òg innblikk i interessante sider av utviklinga fram mot det moderne Noreg kring førre hundreårsskifte.
Me får også nærkontakt med Torleiv H. Bjørgum, der han gjennom lange sekvensar fortel om Heddi. Det er berre så synd at han stort sett ser ned og ikkje i kameraet! Men han kompenserer så det held når han spelar dei gorrlause rammeslåttane på vanleg fele. Då er han intenst til stades på skjermen –med flott lyd og meisterleg spel er dette eit høgdepunkt på DVD-en. Men der er også andre perler og sjeldne scoop – som til dømes når ein får sjå Hallvard T. danse gangar på ein bergnabb.
Kva er det slags utgjeving?
Kva er så kjernen i denne kinderegg-utgjevinga? Tittelen, Taddeivs Minne 1: Bjørgumspel vol II, er noko forvirrande. Det er altså den andre av ei utgjevingsrekke med bjørgumspel, men den første av trilogien som er tiltenkt minnet etter Torleiv H. – som i følgje tekstheftet tjuvstarta med Farkadden: Bjørgumspel vol I for 6 år sidan.
Vegen blir altså litt til medan ein går. Og går. For her er mangt: historia om Torleiv H., historia om Daniel Sandén-Warg sin veg inn i setesdalsmusikken – og ikkje minst historia om «setesdalskulten» Knut J. Heddi. I tillegg er det spreidde portrett om andre spelemenn, forfatta av både Knut J. Heddi sjølv og andre, i ei til dels salig blanding. Det er fascinerande og sjølvsagt tiltalande og tilgjengeleg for dei svært interesserte, men dette er også eit problem med utgjevinga. Det blir for meget, rett og slett. Ho framstår på mange vis som ei uredigert kjeldesamling av ulike type skriftstykke og filmsnuttar, som hadde hatt godt av å ha vorte sett inn i ein meir heilskapleg samanheng.
Men dette kan gjerast betre i neste utgjeving. For viss me løftar blikket, er utgjevinga ei slags metaforteljing om slekters og musikkens gang i det rike, men motsetningsfylte Setesdal, der pietismen på eit tidspunkt heldt på å bryte ned all frilyndt folkekultur og kunstnariske uttrykk. Det er ei utgjeving som både utfordrar og tilbyr noko for sjel og sinn. Men først og fremst er ho ein dokumentasjon av ein sterk tradisjon og eit termometer for setesdalsspelet i dag – ein innfallsport til det overleverte tradisjonsmaterialet etter Torleiv H. Bjørgum, framifrå vidareutvikla av og med Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg.

Les også:
Alt om min papa (Folkemusikk.no, 28.5.2015)
All musikken Torleiv H. Bjørgum etterlét seg, skal samlast i eit stort lyd-, film- og tekstverk. «Taddeivs minne 1» blei sleppt denne veka.