Tekst: Motvind Records v/ Hans P. Kjorstad

Gjennom å zooma inn på rytmar frå tradisjonsmusikk frå heile verda, det hyperfokuserte samspelet som oppstår i frijazzen, og dei rytmiske førehalda i reinstemt dronemusikk (som faktisk handlar om klingande intervall bygde på polyrytmar), lagar desse herrane eit heilt eige rytmisk univers. Eit univers der både lyttaren og utøvarane kan gå seg bort i eit villnis av krokete stammer. 

Som de veit så handlar Motvind Records mykje om å fylle ut våre eigne platesamlingar, og da er det på høg tid med ei drum’n’bass-plate ein kan kose seg med heime i sofaen. «Piercing the Veil» med William Parker og Hamid Drake er veldig bra, men er 25 år gammal… No har vi endeleg fått enda ei skive der groove-knappen har størkna i modusen «på» og kreativiteten fløymer over. 

«Kompet» har lenge hatt eit bakenforliggjande fokus i rytmisk musikk som jazz, pop og rock, det skal helst vera ein brautande saxofonist, sologitarist eller songar i fronten som tek opp det meste av frekvensområdet. I jazzen skjedde det sjølvsagt mykje tidleg med trommisane Max Roach, Kenny Clarke, Warren "Baby" Dodds og bassistane Jimmy Blanton, Charles Mingus og Scott LaFaro. 

I folkemusikktradisjonar med sterke rytmiske element, som dei i Afrika og Søraust-Asia, har desse instrumenta hatt ei meir prominent rolle i formgjevinga av musikken. Men alt for ofte, og særleg i norsk folkemusikk, har desse instrumenta gjerne hatt ei nokså stivna oppgåve, i mi eiga platesamling har eg til og med ei plate der medmusikarane ikkje ein gong er kreditert, det står berre «Ola Opheim, fele m/Rytme». 

Men Hans Hulbækmo og Egil Kalman har lenge vore ein leikande og skapande rytmeseksjon, med ei fot i frijazzen og den andre i folkemusikken. Dei har spela saman i Marthe Lea Band og andre prosjekt, og sidan i fjor har dei fordjupa seg i folkemusikken frå Noreg og Sverige – alt sett inn i eit eksperimentelt duoformat: trommer og munnharpe (Hans) møter modulærsynth og kontrabass (Egil). No har dei gått djupare i dette, med mål om å skapa eit album dei kan ta med seg på turné.

Både kvar for seg og i samarbeid har dei utforska folkemusikk, jazz og eksperimentell elektronisk musikk. Prosjekta deira, som Hulbækmo & Jacobsen Familieorkester, Skrekk & Guro, Camilla Hole Trio og Reolô, syner kor mangfaldig deira musikalske bakgrunn er. I dette duoprosjektet tek dei utgangspunkt i rytmiske detaljar frå folkemusikken – små element som vert grunnlaget for minimalistiske komposisjonar, fulle av improvisasjon.

Dei har komponert og improvisert det meste av stoffet, og har ein tradisjonell slått frå Setesdal, Filleværen. Skiva er ei god gamaldags reise der alle låtane har særpreg, men heng på eit underleg vis saman. Lett å sjå for seg ting er det også i denne musikken. Når skiva har rulla ein gong gjennom er det berre å snu den på nytt for har ein fyrst fått smaken på god musikk er det vanskeleg å stoppe.