Året starta med ein reprise av Per Anders Buen Garnås sin Borgjakonsert frå 2004. 

Deretter var NRK sin faste folkemusikkmeldar, Are August Flannagan Furubotn innom for å fortelja litt om folkemusikkåret som hadde gått med vekt på utgjevingar i 2024. 

TV-serien “Familien Nerdrum” gjekk sin sigersgang på NRK i fjor. NRK Folkemusikk har teke ein prat med felespelar og kvedar Turid Spildo Nerdrum på kafeen hennar i Stavern. 

Knitrande eld. Folk sit med bøygd hovud. Saman i eit rom, men åleine i seg sjølv. Slik beskriv hardingfelespelar Sivert Holmen frå Valdres lydarlæte. Sivert har dei siste åra jobba med lydarlåttar, både tolking av tradisjonelle låttar og ved å lage rekomposisjonar. Dette var også emnet for masteroppgåva hans på NMH. 

Første programmet frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2024, der me får høyre opptak frå klassane samspel senior, andre instrument og vokal senior, trekkspel senior og lagspel fele/hardingfele.

Andre programmet frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2024, der me får høyre opptak frå klassane fele/hardingfele senior, durspel senior, durspel junior, fele/hardingfele junior, lagspel durspel/trekkspel og gruppespel.

Den norske folkelege harpa var lite kjent og ein utdøydd tradisjon, men på slutten av 1970-talet begynte fleire å ta instrumentet i bruk att. Møt Tone Hulbækmo som har hatt harpa som eit av sine hovedinstrument gjennom 40 år. No har ho spelt inn den første soloplata si med norsk folkeleg harpe.

I denne episoden blir det gull frå arkiva. I den første delen blir det gjenhøyr med eit program frå 1983 med hardingfele- og munnharpespelaren Andres K. Rysstad frå Rysstad i Setesdal presentert av Hallvard T. Bjørgum, og den andre delen er eit program frå 1994 om folkesongaren Magnhild Almhjell frå Tingvoll på Nordmøre ved Anne Kleivset og Arild Hoksnes.

Med musikk djupt røta i norske tradisjonar, fyller Wardruna arenaer verda over. Frontfigur Einar Selvik har laga musikk til tv-serien Vikings og tv-spelet Assasins Creed, men er han eigentleg så opptatt av vikingtida som ein skulle tru? Og ikkje minst - er han folkemusikar?

Trompetist og jazzmusikar Arve Henriksen oppdaga sine kvenske røter i vaksen alder og vart kjent ein kultur som vart ein vegvisar og ein døropnar. Sidan har det blitt mange plater og prosjekt der Arve har latt seg inspirere av det kvenske språket, musikken og kulturen. Og no har han laga eit av sine største verk: Kvenifoni!

Felespelar Astrid frå Lom kjøpte seg ein Fender Jaguar-gitar og laga ei punk-inspirert beklagelseslått til foreldra sine. Astrid Garmo frå Pumpegris, duoen Esther og Astrid og shoegazebandet Scoreboard fortel om livet i og rundt folkemusikken!

I mange år har hardingfelespelar Silje Solberg frå Osterøy interessert seg for feleslåttar nedteikna av spelemannen Nils Brakvatne, han òg frå Osterøy, som Silje presenterer gjennom to utgjevingar, Nordhordlandslåttar III og Siljes Salong. Mesteparten av slåttane skreiv Brakvatne ned medan han budde på Valen sinnssjukehus, nokon han gjorde mesteparten av sitt vaksne liv.