Harald Omnes har vore medlem i Nes Nasjonale Dansarring sidan slutten av 1980-talet, og sidan den gong har han vore ei sentral drivkraft som har hatt mange ulike verv. Han har eit stort engasjement for folkemusikken og folkedansen i Sauherad og Telemark, og han har jobba mange dugnadstimar i form av lagsøvingar, rekruttering og arrangering. I tillegg har han stått bak fleire turar både innanlands og utanlands, står det i grunngjevinga frå FolkOrg.

Det siste året har Omnes stått i bresjen for at forsamlings- og lagshuset Sjodar har blitt flytt frå Nordagutu til Evju bygdetun. Dette har vore planlagt i mange år. Harald Omnes har også det siste året teke initiativ til fleire kurs, mellom anna eit prosjekt som skal inkludere barn med innvandringsbakgrunn i folkedansen.

Harald Omnes er årets eldsjel 2021
F.v. Camilla Granlien, Harald Omnes og Hilde Reitan

Prisen Årets eldsjel er ny av året. Han er oppretta fordi det er mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet som legg ned mengder av friviljug arbeid, og FolkOrg ynskjer gjennom prisen å påskjøne dei som har utmerkt seg gjennom denne innsatsen. Prisen skal gå til ein person med positive haldningar, inkluderande veremåte og som gjennom ekstraordinær innsats skapar eit trygt og godt miljø for alle aldrar.

Dei andre nominerte til eldsjelprisen i år var Frode Rolandsgard og ekteparet Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.

Harald Omnes fekk prisen utdelt av styreleiar i FolkOrg Hilde Reitan og nestleiar Camilla Granlien. I takketalen sin sa Omnes at han har god hjelp av mange dyktige medarbeidarar og at prisen dermed skal delast med mange. Han syntest det var ei stor ære å få prisen, samstundes som det også var ein stor inspirasjon til å jobbe vidare. Det er framleis mange oppgåver som skal løysast i laget, og dette er noko prisvinnaren håper å vere med på også framover, fortalte han.