Hartwin Dhoore: Waterman
Hartwin Dhoore: Waterman
  • Trad Records, 2020
  • 10 spor, 37 min.
  • Produsert, komponert, arrangert og spelt av Hartwin Dhoore (durspel)

Hartwin (Hartvilling) Doore er ein belgisk toradarspelar som med albumet Waterman har gjeve ut sitt fyrste soloalbum. Alle låtane på plata er komponert og arrangert av Hartwin sjølv. På plateomslaget skildrar han komposisjonane som avslappande låtar. Han tenkjer at det er låtar som set lydverda di på ei lita pause, ein bit av musikalsk sjokolade servert ved sida av ein kopp med kaffi.

Sidan me har budd i kollektiv med den norske toraderdronninga Hilde Fjerdingøy, innser me med denne plata at me har funne Hilde sin motpart. Det er lite som minnar om Drevjapols her i alle fall. Det framstår som litt typisk kontinental, komponert musikk, veldig snill og mjuk.

Tematikken på plata er knytt til sjø. Og det er ikkje storm eller dei store bølgjene me får høyra, men meditative innslag, medstraums, utan mykje kontrastar og temperament.  Lat oss alle drukna i eit hav av toradar!

Etter å ha høyrt på plata nokre gongar finn me vel eigentleg ut at den passar best om kvelden. For oss rastlause sjeler framstår mange av spora på plata litt like, der tonane vert drege ut i staden for at ein går vidare i livet.

Fyrste spor, «Waterman», minner oss om introen til fjernsynsprogrammet «‘Allo ’Allo!», ein søt liten vals. «Lighthouse» er kveldsstemning, med ein harmonisk melodi. Gudrun kjem her med ein ekspertkommentar om at Hartwin er flink til å dra belgen ut. Ikkje rart når ein kjem frå Belgia.

Over til eit anna hus, nemleg «Treehouse». Den låta startar roleg som dei andre, men litt uti glir ho over i ei litt raskare tretakt. Det kjennest godt med litt taktskifte, som regnet på ein varm sommardag. «Coastal Walks» køyrer same konseptet, treig start, men litt raskare gangfart seinare uti låta.

«Slow Mornings» og «Waves» er veldig rolege og glir nesten i eitt, sjølv om «Slow Mornings» utviklar seg til å verta ei lita gladlåt. Til desse låtane kan me tilrå konseptet liggjekonsert. Under «For Those at Sea» ser me for oss Hartwin sitjande på ein råseglar der båten glir gjennom vatnet på ein varm soldag, med akkurat passe vind i segla. «Sailors» fungerer fint som ein liten nattamelodi.

Om du vil høyra meir av musikken til Hartwin, kan me tilrå ein av trioane han speler i, Trio Hartwin Dhoore Trio. Dei kom nyleg ut med singelen «Kajakad», som er vel verd ein lytt. Hartwin har òg brør som trakterer diverse strengeinstrument, og saman er dei Trio Dhoore. Dei har gjeve ut fire album.