For hundre år sidan vart ein gut fødd som skulle komme til å tyde mykje for folkemusikken og folkedansen. Mang ein ung felespelar – ikkje berre på Voss, men også andre stader i landet – har mykje å takke Lars Skjervheim (1815-2003) for.

Skjervheim var frå Myrkdalen i Voss og hadde ein stor kunnskap om kulturarven vår. I tillegg til å lære slåttar frå andre spelemenn, komponerte han mange sjølv. Komposisjonane hans i tradisjonell stil er i dag ein sjølvsagt del av tradisjonsrepertoaret på Voss.

 

Lars Skjervheim har gjort mykje for rekrutteringa her på Vestlandet. Han lærte tradisjonen vidare med stor iver – du gløymte det aldri viss du ein gong møtte Skjervheim som læremeister! Til og med på filmopptak kan ein føle nærværet dei snakkar om at han hadde, dei som møtte Skjervheim.

Derfor er det at Voss spelemannslag har gjeve jubileumsåret 2015 namnet Skjervheimåret. Helga 27. februar–1. mars stod første arrangement i Skjervheimåret på programmet: ei helgesamling med kurs, foredrag og konsertar. Vi var ca. 35 deltakarar. Sjølvsagt måtte vi stille opp og dokumentere denne flotte gjengen, for å minnast denne kjekke, lærerike helga på Voss.

Tusen takk for laget!

Les meir om Skjervheimhelga og Lars Skjervheim på heimesida til Voss spelemannslag og på Myrkdalen.org

Helg for Lars Skjervheim
Deltakarar på Skjervheimhelga på Voss 27.2–1.3.2015:
  • Bak f.v.: Guro Helen Samland, Johanna Mjeldheim, Vidar Underset, Einar Mjølsnes, Irene Bjørke, Arne Anderdal, Øystein Velure, Håkon Høgemo, Tore Bidne, Frode Borge, Sigmund Eikås, Leif Rygg og Svein Nesje.
  • Framme f.v.: Runhild Heggem, Haldis Marie Samland, Leikny Aasen, Solfrid Bjørke Gjuvsland, Anette Hopsdal, Martha Lindvik og Johanne Mjøs.
  • Dette er dei som var med til siste slutt. Fleire andre deltok på samlinga denne helga, men reiste heim før biletet blei tatt.