Helge Westbye: Mr. Folkemusikk
Helge Westbye
  • Født 1950
  • Starta Grappa i 1983. Har vore direktør for selskapet sidan.
  • For sitt arbeid innanfor både breie og smale musikksjangrar fekk han og Grappa Bjellesauprisen av FONO i 1997.
  • I 2017 mottok han òg TONOs formidlarpris for sin iherdige innsats for norsk musikk sidan 1983.

Dei siste 35 åra har Helge Westbye vore direktør for Grappa, der 3500 album er produserte. I året han fyller 67, kan han ikkje skuldast for å ha sakka tempoet. Me finn han på kontoret etter ordinær arbeidstid, men lite tyder på at han har tenkt seg heim med det fyrste.

– Og eg som starta selskapet av di eg ville ha betre tid, smiler han, og fortel historia om korleis han bestemde seg for å slutta i Polydor, der han hadde kontor i Hamburg og intense arbeidsdagar.

– Eg opplevde eit stadig sterkare ynske om å kontrollera min eigen dag, eg ville bestemma over tida mi sjølv. Og bestemma sjølv, det fekk eg. Men det med tida – det var ei feilvurdering, seier han lattermildt.

Men Grappa vart òg stifta på grunn av ivrige artistar som såg behovet for eit alternativ til dei internasjonale selskapa. Utøvarane sin vilje var viktig og er ei medverkande årsak, hevdar Westbye, til at Grappa framleis held det gåande, trass i tider som er langt tøffare enn ved oppstarten på 80-talet.

– Ein levde nok i ei lukkeleg boble. Det var pengar i systemet, marginane var større, ein kunne eksperimentera og ta sjansar. Artistane og butikkane har etter kvart ein større del av fortenesta. Det er for så vidt naturleg, men det er meir nervøst for selskapa – altfor nervøst. Utfordringar den gongen var moglege å løysa, utfordringane i dag kan kjennast uløyselege. Me har ikkje vore inne i noko liknande før.

 

– På kva tidspunkt forsto de at dette var vanskeleg?

– Personleg byrja eg å ropa varsku for ti år sidan. Då at me hadde nådd ein topp, og eg tenkte det ville bli umogleg å driva vidare i same formatet. Ein burde alt då ha byrja å omstrukturera. Grappa valde å halda fram med eit stort tal utgjevingar. Økonomisk var det ei feilvurdering, men ikkje nødvendigvis kunstnarleg sett.

Westbye talar pessimistisk om framtida, men lèt tilsynelatande ikkje dei dystre utsiktene gå inn på seg.

– Eg har sjølvsagt stilt meg spørsmålet om det er grunn til å halda fram. Men eg kjem til at artistane driv meg, med oppkomet sitt av idear og pågangsmot. Eg er inspirert av dei tilsette her, energien som finst ikring meg. Oppturane me har hatt, er knytt til dette. Me har fått ros og prisar, me har laga flotte plater, og eg har arbeidd med flotte menneske.

 

Grappa husar ei rekkje selskap, både klassisk, samtids-, barne- og folkemusikk er å finna i katalogen. På midten av 1990-talet kjøpte dei opp det folkemusikalske merkenamnet Heilo, men Westbye forklarer at han arbeidde med folkemusikk før dette.

– Eigentleg var det Lillebjørn Nilsen som nemnde at eg burde sjå nærare på folkemusikk. Han kom stadig attende til det, og eg byrja så smått med utgjevingar. Parallelt hadde eg kontakt med Hallvard Kvåle, som starta og dreiv Heilo. Han var mellom dei fyrste som populariserte folkemusikken, til dømes med plata til Slinkombas (1979), som var banebrytande i si tid. Då han selde selskapet sitt til oss, vart det endå meir folkemusikk. Eg har hatt stor glede av det.

– Helge Westbye, kva tenkjer du om utviklinga av folkemusikkfeltet den tida du har vore engasjert i det?

– Eg meiner det har vore ei positiv utvikling, som fyrst og fremst handlar om breidd. Musikken har vorte meir tilgjengeleg. Ein gong var uttrykket nokså internt, og utanforståande ville sjå ned på musikken eller sjå han på avstand. I dag er det fleire som identifiserer seg med uttrykket. Også for meg personleg har folkemusikken opna seg, både i stil og presentasjonsform. Eg meiner òg det er ei generell auking i talet utgjevingar.

– Meiner du at denne endringa er eit resultat av at fleire er eksponerte for musikken, eller kjem ho av ei estetisk utvikling?

– Kanskje av begge delar. Mange unge utøvarar har nok vore mindre bundne av tidlegare ideal. Eg meiner det er bra at ein tek vare på tradisjonane, samstundes som enkelte gjer uttrykket tilgjengeleg for fleire. Her trur eg at Annbjørg Lien har vore ein vegvisar, slik Arve Tellefsen har vore det for den klassiske musikken.

– Eg har høyrt ytra at dei meir populariserte folkemusikkplatene kan låta vel likt kvarandre, så nyskapinga vert avgrensa. Kva tenkjer du om ein slik påstand?

– Eg forstår påstanden, men tykkjer for det fyrste at ein skal ynskja alle kunstnarlege påfunn velkomne, både tradisjonsbevarande og nyskapande. Med det sagt vil eg eigentleg påstå det motsette. Eg trur mangfaldet er i overkant stort, på alle felt. Det kan henda me vil sjå ein reaksjon på dette, ei eller anna form for innsnevring.

«I dag er det fleire som identifiserer seg med folkemusikkuttrykket. Eg meiner det er bra at ein tek vare på tradisjonane, samstundes som enkelte gjer uttrykket tilgjengeleg for fleire.»

Helge Westbye: Mr. Folkemusikk
Grappa
  • Grappa Musikkforlag blei etablert i 1983, og er i dag mellom dei eldste og største uavhengige plateselskapa i Noreg.
  • Omfattar mellom anna merkenamna Simax Classics og Heilo.
  • Er engasjert i Hubro, Simax Classics, Blue Mood, Heilo, Barneselskapet og Grappa-labelet. I tillegg samarbeider dei tett med selskapa Rune Grammofon, Odin Records og Drabant Music.
  • Selskapet har produsert over 35 000 innspelingar fordelt på 3500 album.
  • 300 CD-ar er utgjevne på Heilo.

– Du seier det vert gjeve ut fleire folkemusikkplater. Samstundes er dei totale salstala dalande. Er ikkje dette eit paradoks?

– Det er paradoksalt, men det er òg mykje enklare å gje ut ei plate i dag. Før måtte du ha eit stort apparat for å gje ut ei plate, no kan du laga henne sjølv. Også her trur eg me vil sjå ein reaksjon. Selskapa vil nok ikkje halda fram med overproduksjonen av i dag.

– Det verkar som artistane har avfunne seg med eit avgrensa sal, somme ser innspelingane sine som visittkort. Kva er selskapa si haldning til dette?

– Dette forstår me òg, men plateselskapa kan ikkje overleva på å laga visittkort, og artistane kan produsera desse sjølve. Det selskapa kan bidra med i så måte, er å setja namnet sitt som kvalitetsstempel på produktet. Men for å overleva må nok selskapa tenkja annleis.

– Til sist: Kva veit de om volumet på nedlasting og strøyming av folkemusikk?

– Høvet til å lasta ned og strøyme musikk er ein fantastisk reiskap, særleg for nisjeuttrykka. Men førebels tener ein ikkje pengar på dette, og det er ikkje noka omfattande verksemd for vår del. Eg veit ikkje kva dei nøyaktige tala er – men eg veit at dei er svært låge.

Intervjuet blei opphavleg publisert i Bladet Folkemusikk nr. 5/2010, og er revidert i april 2018.