Her er Folkelarmpris-vinnarane for året
Benedicte Maurseth, eidfjøre busett i Bergen, blei utnemnd til årets folkemusikar på Folkelarmprisen 2023.

«Med folkemusikken som kjerne, er ikkje vinnaren redd for å gå inn i nye felt, anten det er nye sjangrar musikalsk eller nye arbeidsformer. Vinnaren har ei evne til stadig å vere i endring og klarer å byggje solide kunstnariske prosjekt som står seg over tid», står å lese i grunngjevinga juryen har skrive om årets folkemusikar. Folkelarmprisane blei delte ut på Riksscenen på første dag av Folkelarm, torsdag 16. november.

Etter at statssekretær Even Aleksander Hagen offisielt hadde opna Folkelarm 2023, var det klart for prisutdeling. Den gjævaste prisen, årets folkemusikar, gjekk i år til Benedicte Maurseth. Som grunngjevinga til juryen antydar: Hardingen busett i Bergen er meir enn berre folkemusikar. På Osafestivalen i oktober i fjor sleppte ho Systerspel: om spelet som var og spelet som vart borte – festivaltingingsverk, bok og dobbel-CD. Her har ho dokumentert historiene til eit utal kvinnelege spelemenn gløymd av historia, og trekker linjene fram til i dag då kvinnene har ein sjølvsagd plass på folkemusikkscenene.

Plateselskapet Melovitten, starta av Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde for berre to år sidan, stakk av med heile tre av fem moglege plateprisar. Både «solo-duoen» Mari Midtli og Astrid Sulheim (solo), trioen Atterljomen (trad. samspel) og det mykje omtalte og debatterte gammaldansorkesteret Madam Jam (dansespel) fekk pris. Elles fekk duoen Kenneth Lien og Center of the Universe (Heilo/Grappa) pris i open klasse, medan dokumentasjonsprisen gjekk til Men så kom Hauk Buen … (Talik), ei bok- og CD-utgiving som Hallgrim Berg og Per Anders Buen Garnås har stått bak.

Årets folkemusikkarrangør blei Telemarkfestivalen, medan Knut Utler fekk pris for årets folkemusikkfotografi. Til å dele ut prisane var Frank Rolland, Unni Løvlid, Thomas Nilssen og Terje Foshaug kalla inn, i tillegg til to av dei som sjølve fekk pris: Aslak Brimi (i Atterljomen) og Mari Midtli.  Dei som sat i Folkelarmpris-juryen i år, var Johanne Flottorp (som òg er journalist i Folkemusikk), Åshild Vetrhus, Nina Fjeldet, Anders Lillebo og Per Midtstigen.

Her er Folkelarmpris-vinnarane for året
Statssekretæren (t.v.) saman med dei fleste av dei som var til stades for å ta imot Folkelarmprisar torsdagen på Riksscenen.

Folkelarmprisvinnarane

Plateprisane:

  • Solo: Mari Midtli og Astrid Sulheim – Skunde deg, jente (Melovitten)
  • Open klasse: Kenneth Lien og Center of the Universe – Snu hver stein (Heilo/Grappa)
  • Dansespel: Madam Jam – Van danse (Melovitten)
  • Tradisjonelt samspel: Atterljomen – Sjå ut (Melovitten)
  • Dokumentasjon: Hallgrim Berg – Og så kom Hauk Buen … (Ta:lik)

Dei andre prisane:

  • Årets folkemusikar: Benedicte Maurseth
  • Årets folkemusikkfotografi: Knut Utler
  • Årets folkemusikkarrangør: Telemarkfestivalen