Tekst: Arne M. Sølvberg

Med den tindrande klåre og reine tonen i fela har ho formidla dei rike tradisjonane i solo felespel i Romsdalen og omegn, og ho har tydelegvis (og heldigvis) den rette patriotismen.

Når ho no er på marknaden med ei rykande fersk soloplate med namnet DÅM, får vi høyre ein utøvar som har utvikla seg positivt over lang tid og no slår ut i full blomst med ein variasjon i uttrykket frå det varaste og vakraste til det retteleg friske og saftige dansespelet.

Eg tenkjer attende på eksamenskonserten hennar på Norges musikkhøgskule for mange år sidan, då eg ynskte at det fantastisk reine og mjuke spelet kunne ha veksla med litt meir temperament og råskap. No er alt på plass og ville ha sprengt karakterskalaen.

Det er slett ikkje fyrste gongen at Britt Elise kjem på platemarkanden. Ho har tidlegare gitt ut rein solo feleplate, men på dei fleste høyrer vi henne spelar ho saman med andre, anten i feiande runddans saman med trekkspel og komp eller i gruppe med song og trekkspel.

Etter ferdig utdanning på NMH reiste ho heim til Vestnes i Romsdalen og ofra seg for lærargjerning i kulturskulen og leiing av spelemannslaget Dåm og drag. Undervisning av ferske kulturskuleelevar kan etter mange år tære på læraren sitt overskot til eiga utøving, og Britt Elise har no teke fri frå undervisninga og prioriterer utøvarrolla. Ut frå det eg nyleg høyrde på konsert med henne saman med trekkspelaren Kristina Farstad Bjørdal, har ho speleglede og vågemot til å kaste seg ut i teknisk krevande stykke med full kontroll som kan gjere nokon kvar misunneleg.

På den nye plata let ho musikken tale åleine utan eit einaste ord som vedlegg. Platehefte er noko eg og mange med meg set pris på, men for DÅM er det berre å setje plata i spelaren eller å laste ned musikken og nyte utan å måtte leite fram brillene. Det einaste skriftlege er titlar med stadnamn som Vistdal, Tresfjorden og Romsdalen og nokre gode kjeldenamn som Olav P. Hjelvik, Hans Gjelsten, Gamle-Hjortdalen og Alfred Tangen. Sistnemnde er knytt til ein halling ho har henta frå noteboka hans.

Notar i slike bøker er oftast enkle oppskrifter med melodi og bogestrøk mynta på spelarar som kjenner stilen, og her får vi eit godt døme på levandegjering med saftig bordunspel og grep som skapar eit retteleg glansnummer. Springarane syner òg at Britt Elise har hatt god kontakt med dansen og får fram den lette og eggjande rytmen i godt tempo som går rett i dansefoten.

Plata har ei fin veksling mellom dansespel og rolege folketonar. Etter eit par friske springarar frå Vistdal i både dur og moll som er litt typisk for Romsdalen og Nordmøre, kjenner ein trong for å setje seg ned og puste på. Det har Britt Elise ordna med ein nydeleg folketone «Kom hjarta gjer din rekneskap».

Og slik veksling er det gjennom heile plata. Dei rolege pustestundene er fylte av tre folketonar og eit par vakre valsar som Britt Elise har laga sjølv. Folketonane serverer ho gjerne i ulike klangfargar med start i midtleiet på fela og deretter i mjuk og fin klang i høgare posisjonar. Dei sjølvlaga valsane er ikkje av den eggjande dansetypen, men har stadvis nesten utviska valsepulsen og innbyr meir til ettertenksam lytting. 

Lydteknikar Henning Svoren i Ocean Sound Recordings har gjort  framifrå arbeid, men kanskje var det ikkje så vanskeleg med slik ein felespelar framfor mikrofonane? Eg har eit inntrykk av at platemeldarar alltid må finne noko negativt for at meldinga skal vere truverdig. Etter litt leiting og spekulering fann eg, i tillegg til det sakna plateheftet, ein siste merknad: Då plata kom til endes etter 12 kutt på til saman 29 minutt og 11 sekund ville eg gjerne høyrt meir!

Meldinga er ei lengre utgåve av den som stod på trykk i Folkemusikk 02/24. Redigert 18.9.2024.