Gjennom heile livet har Hilde Bjørkum levd med og for folkemusikken, skriv FolkOrg i ei pressemelding. Ho var den første sekretæren i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Ho var også den første folkemusikkarkivaren i fylket og sat i den jobben frå 1986 til 1989. Frå 1989 tok ho på seg leiarjobben i Førde internasjonale folkemusikkfestival, ein jobb ho hadde i nesten 30 år, fram til 2018.

– Det er veldig rørande, veldig ærefullt og utruleg hyggeleg å bli tildelt heidersmedlemskap, seier Hilde Bjørkum. Ho seier at sjølv om ho har fått nokre prisar, så er det noko eige å bli heidra av sine eigne, altså folkemusikkfamilien. Ho seier også at dette er ein lagsiger, sidan ho alltid har hatt mange gode folk med seg for å arrangere Førdefestivalen i alle år, både faste folk i staben og alle dei frivillige.

Hilde Bjørkum ny heidersmedlem i FolkOrg
Hilde Bjørkum blei utnemnd til heidersmedlem under FolkOrgs siste adventssending 19. desember. (Foto: Liv Annette Nygjerdet)

I 2019 fekk Førdefestivalen utmerkinga EFFE Award som ein av dei fem beste festivalane i Europa. Same år var Hilde Bjørkum tredje mottakaren av Budapest Ritmo Award, for å ha bidrege til verdsmusikken generelt og musikken i Sentral- og Aust-Europa spesielt.

Gjennom heile sitt vaksne liv har Bjørkum spelt hardingfele i Indre Sunnfjord spelemannslag. Ho er også ein habil dansar, og har fleire gonger vunne Landskappleiken i dans hardingfele klasse A. Kongepokal har ho også motteke.  I dag arbeider ho som sjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune.