Tekst: Pressemelding

Nordmoen har brei og rik erfaring frå kulturfeltet generelt og folkemusikkfeltet spesielt. Ho har arbeidserfaring som kulturskulerektor, prosjektleiar for Bygda dansar i Hedmark, fylkesmusikar og produsent i Musikk i Hedmark for å nemne noko. I tillegg er Nordmoen for mange kjent som utøvande folkesongar og dansar. – Nordmoen kjem til oss med solid erfaring frå feltet, og vi gler oss til å få ein tredje medarbeidar på kontoret seier Lie og Kolbjørnshus.

Sjå Margrete Nordmoen og Martin Myhr danse tre runnomar.

Margrete Nordmoen er busett i Hamar, men kjem i frå Trysil. Likevel kjenner ho godt til folkemusikkmiljøet i Valdres. Ho har gode opplevingar og erfaringar frå Jørn Hilme-stemnet, Hilme året rundt og Strunkeveko både som musikar, kurslærar og publikummar/forelder gjennom mange år. 

- No ser eg fram til å bli ein del av det laget som skal vidareutvikle arrangementa for framtida, då med særleg ansvar for Hilme året rundt! Det blir spennande å bli nærare kjent med Valdresregionen og ulike samarbeidspartnarar, seier Nordmoen.

Margrete Nordmoen tek til som produsent for Hilme året rundt 17. oktober.

- Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko er slik eg ser det veletablerte og viktige arrangement i kulturlivet i regionen, fylket og landet elles, og særskilt viktig for folkemusikkmiljøet. Til saman dannar dei ein god grobotn for musikarar og dansarar tilknytt sjangeren. Eg gler meg til å jobbe innanfor folkemusikkfeltet i Valdres, seier Nordmoen.

Selskapet Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) er heileigd av det ideelle laget Valdres folkemusikklag. VFAS skipar til Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko, konsertscena Hilme året rundt, FolkemusikkUng, i tillegg til seminar, kurs og andre arrangement.

Høyr runnom-kule her med Margrete Nordmoen, Vegar Vårdal og Annar By.