Tekst: Johanne Flottorp

I vår vart ho ferdig med ein bachelor på Ole Bull Akademiet på Voss. Ho siktar mot ein kvardag som utelukkande består av langeleik i ulike former. 

– Det som er kjekt i Valdres, er at langeleiken i kulturskulen er sidestilt med instrument som gitar og piano. Der har ein moglegheit til faktisk å snuble tilfeldig inn i folkemusikken, seier Ingrid Lingaas Fossum.

Typisk kulturskulebarn 

For henne sjølv var val av instrument litt tilfeldig. Som sjuåring starta ho i kulturskulen hos Oddrun Hegge. Ho hadde nokre venninner som hadde byrja før, og etter kvart fekk ho også høyre om Strunkeveko. 

Val av instrument litt tilfeldig. Som sjuåring starta Ingrid Lingaas Fossum i kulturskulen, og etter kvart fekk ho også høyre om Strunkeveko. Dette biletet er frå eitt av dei første langeleikåra med Knut Aastad Bråten som lærar. Foto: Privat

– Første gong var eg eigentleg litt for ung. Men eg fekk lov til å overnatte ei natt, så det var stort. Det sosiale miljøet var ei viktig drivkraft fram til eg fekk den genuine interessa for musikken som litt eldre, fortel ho. 

På ungdomsskulen fekk Fossum og venninna Magnhild Karsrud heimetimar med Ole Aastad Bråten. Dei hadde betre tid, jobba med å sette saman slåttar og andrestemmer og finpussa teknikken. Då blei langeleikspelinga ein skikkeleg hobby. 

Fossum fortel at ho var ein typisk kulturskuleunge som gjekk på mange ulike aktivitetar. Men ho vurderte aldri å starte på musikklinja på vidaregåande.

– Eg hadde ingen tanke om at eg ein dag kunne leve av å spele langeleik. Eg spelte også piano og vurderte å gå vidare med det, men så tenkte eg samstundes at eg ville få ei trygg utdanning, seier Fossum. 

Så bar det av stad til Trondheim og NTNU, der Fossum tok master i bioteknologi. 

Til Afrika for å finne heim

Men då Fossum tok eit friår før mastergraden var ferdig, blei musikkgnisten tent igjen. Det skjedde på ein barneskule i Tanzania. Eigentleg skulle ho vere pianolærar, men då ho kom fram dit ho skulle vere, hadde dei ikkje piano på skulen. Så ho la om opplegget sitt og køyrde meir generell musikk- og songundervising med elevane. 

Samspel med qanun-spelar Khamis Selah på Zanzibar. Foto: Privat

– Der byrja eg å synge litt, veldig lågterskel, og kom i kontakt med folk i den lokale musikkbransjen. Eg blei med nokre i studio for å spele inn. Det var ei kul utfordring, og så berre balla det på seg. Eg fekk ein familie nummer to der, og kom inn i eit dansemiljø som vidare førte til at eg blei del av musikkbransjen. Likevel var det ikkje heilt dette eg brann for. Eg sakna det instrumentale, seier Fossum. 

Etter kvart kom ho i kontakt med den lokale musikaren Damian Soul, som nokon hadde tipsa henne om. Han laga musikk som blanda den tradisjonelle tanzanianske musikken og pop.

Dei jamma litt saman, og så fekk Fossum ei openberring: – Eg oppdaga at langeleiken fungerte så utruleg bra i samspel, på ein heilt anna måte enn eg hadde opplevd før, fortel Fossum. 

Samarbeidet blei til ein låt med Makihiyo (det lokale namnet på Ingrid og også artistnamnet hennar) og Damian Soul. 

Her spelar Ingrid Lingaas Fossum saman med musikaren Blessings i Malawi. Foto: Privat

– Det er jo ein klisjé at ein må reise ut for å oppdage kva ein har. I Tanzania torde eg nok å bruke langeleiken på ein anna måte enn eg ville gjort her heime i starten. Eg blei tatt veldig på alvor, og alt var så gøy. Tidlegare hadde eg berre brukt dei slåttane eg synest var artige å spele, men no ville eg lære meir om instrumentet og historia. 

Jamming med den lokale gruppa Boheloi music group i Usambarafjellea i Tanzania. Foto: Privat

Vart sikrare på val

Etter å ha fullført masteren i Trondheim og reist ut i verda igjen, fann Fossum i 2019 ut at ho ville gå meir inn i folkemusikken. Året etter starta ho på Ole Bull Akademiet på Voss. Planen var eigentleg å gå eitt år, for å få litt fleire reiskapar å bruke i samspel med andre, men no er ho altså ferdig med ein fireårig bachelor. 

– Å studere musikk i vaksen alder har vore mest på godt for min del. Eg visste kva eg ville lære og kva eg ville gjere. Det hadde eg nok ikkje gjort då eg var 19 år. 

Samstundes kan Fossum likevel kjenne på eit slags press om å levere kvar gong, sidan ho er vaksen. – Som 19-åring er det kanskje lettare å få høyre «jaja, men du er jo så ung», dersom ting går dårleg. Det tenkjer eg litt på. Eg vil at alt eg gjer skal vere av god kvalitet, seier Fossum. 

Til hausten startar ein ny kvardag, med frilansing på fulltid, og med diverse langeleikundervising. Gjennom åra på Ole Bull Akademiet, der undervisinga er samlingsbasert, har Fossum brukt tid på å etablere seg som musikar i Noreg.

Vårdal som mentor

Fossum har også vore Hilmartalent sidan 2022. Det inneber at ho får bruke Hilmarfestivalen si scene som ein stad for å prøve ut nye konsept, i tillegg til oppfølging av ein mentor ho har valt sjølv. Vegar Vårdal har følgt Fossum gjennom dei to åra, og han har også vore ein viktig lærar for henne på Ole Bull Akademiet. 

Ingrid Lingaas Fossum har vore Hilmartalent med Vegar Vårdal som mentor. Han har også vore viktig lærar for henne på Ole Bull Akademiet. Her er dei i samspel på Hilmarfestivalen 2023 saman med Ingvild Blæsterdalen. Foto: Anders Lillebo

– Vegar har gitt meg tryggleik til å sette i gang ulike prosjekt. Under den siste konserten min på Hilmarfestivalen i november, hadde eg med ein strykekvartett som spelte arrangement eg hadde skrive sjølv. Eg har alltid drøymt om å vere langeleiksolist med eit strykeorkester, seier Fossum. 

Den andre halvdelen av konserten spelte ho saman med Espen Wensaas på cittern. No vil ho arrangere ein full konsert for langeleik og strykarar. Men eit viktig, overordna mål for Fossum, er å teste langeleik i samspel med så mange ulike instrument som mogleg.

For tida samarbeider Ingrid mykje med organist Vemund Olav Aukrust, som spelar både kyrkjeorgel og trøorgel. Ho har også vore på juleturné med Thomas Brøndbo og bandet hans, og spelt med mellom anna Erlend Viken trio. 

Langeleik passar overalt

Langeleiken feirar 500 år i år, og Ingrid Lingaas Fossum er ivrig ambassadør for favorittinstrumentet. 

– Det er viktig å få fram langeleiken og langeleikhistoria i år. For meg er det også eit stort poeng å gjere folk bevisste på at det kan vere langeleik med overalt. I fjor spelte eg med Poing – og tenk, det funka med langeleik der også. Eg blir så glad når eg får vere med på prosjekt der folk vil teste ut instrumentet i nye samanhengar, seier Fossum.

Men sjølv om ho vil teste ut alt, er neste prosjekt å spele inn soloslåttar på gamle langeleikar og forhåpentleg ha plata klar til den store feiringa av instrumentet på Riksscenen i november. Poenget er at den skal syne korleis det kan høyrast ut når ein person spelar på dei ulike instrumenta. 

– Då får ein høyre karakteren til kvart instrument. Oddrun Hegge er med meg rundt og undersøkjer langeleikane me oppdriv, så eg har god fagleg støtte i henne, seier Fossum, som trekkjer fram tonalitetsforskinga til Erik Eggen, Eivind Groven og Reidar Sevåg.

Heme Dine-konsert i 2023 med Erlend Viken Trio i 2023. Foto: Anders Lillebo.

– Det er mykje ein veit om eldre tonalitet på grunn av langeleiken. Der kan ein sjå kvar tonane har vore, i motsetnad til på fele. Eg har sakna ei innspeling som dette sjølv, der ein kan høyre ulik tonalitet utifrå ulike langeleikar frå ulike tider. Plata blir ein dokumentasjon som eg håpar kan ha ein verdi både allmennyttig og fagleg.

I vinter har Fossum returnert til heimtraktene med skuleframsyninga «Danse mi dokke, springe min hest», som ho har laga saman med folkedansar Brigitte Blomlie. Der fortel og spelar dei historia om Berit på Pynten, også ho ein langeleikpioner.

«Hilmar verda rundt»

Men det er ikkje berre elevane i Valdres som har fått oppleve Fossum den siste tida. I mai tok ho turen til Mexico, gjennom satsinga til Hilmarfestivalen kalla «Hilmar verda rundt». Men kongstanken er det same, anten ho er heime eller på den andre sida av kloden.

Ingrid Lingaas Fossum har spelt mykje utanlands. I mai var ho på turné i Mexico, der ho hadde fleire konsertar i regi av satsinga «Hilmar verda rundt». (Plakat)
Ingrid Lingaas Fossum i aksjon med bandet Edel Cruz Fusion Folk på konsert under turnéen i Mexico i midten av mai. Foto: Jose Luis Gonzalo Morales.

– Eg vil bidra slik mange flinke utøvarar har gjort før meg. Til dømes er arbeidet til Elisabeth Kværne og Marit Steinsrud til stor inspirasjon. Eg vil gjerne bli ein fagperson som jobbar for langeleiken, samstundes som eg er ein utøvar som har både eigne prosjekt og som er med på andre sine. Det trur eg er det ideelle livet, seier Ingrid Lingaas Fossum.