Ingrid Jasmin sikra seg finaleplass i MGP
Ingrid Jasmin (frå venstre), Gothminister og Margaret Berger etter at dei hadde sikra seg billett til finalen. Foto: Espen Solli / NRK

Ingrid Jasmin var saman med Margaret Berger og Gothminister dei som trekte det lengste strået i laurdagens finale, og Ingrid Jasmin var den første som blei ropt opp då artistane stod samla på scena etter at alle hadde vore i elden.  

Sceneshowet hadde ho på førhand ikkje ville røpe, men då ho entra scena, hadde ho med seg fire dansarar. Saman sytte dei for underhaldning i god MGP-stil.  

Til studio denne laurdagskvelden var Christine Dancke og Oskar Westerlin invitert inn for å synse om musikken mellom innslaga, og begge dei hadde trua på at Ingrid Jasmin skulle gå vidare.  

Den internasjonale finalen er i Malmø i Sverige 11. mai i år, etter at Loreen gjekk til topps i Eurovision i fjor.

Ingrid Jasmin sikra seg finaleplass i MGP
Ingrid Jasmin hadde med seg fire dansarar på scena. Foto: Espen Solli / NRK