Tekst: Johanne Flottorp
Laurdag denne veka skal det arrangerast kappleikar. Buskerudkappleiken går av stabelen i Jondalen utanfor Kongsberg, og Hordakappleiken blir arrangert på Voss.
I Jondalen blir kappleiken arrangert på hotellet Søstrene Storaas. Der blir det tevling i alle dei klassiske kappleiks-greinene, og i tillegg er det sjokoladekappleik ein time før den ordinære kappleiken startar. For utvide kappleiken til fleire dagar, blir det også konsert med spelemannen Per Anders Buen Garnås fredagskvelden.
Det er Småjondølenes dansarlag og Buskerud folkemusikklag som står bak denne fylkeskappleiken.
Hordakappleiken er ein annan kappleik som går på rundgang. Der er det medlemslaga i Hordaland folkemusikklag som byter på å arrangere. I år er det Strengjarhaugen spelemannslag, studentspelemannslaget på Ole Bull Akademiet, som står som arrangør for denne kappleiken, og arenaen for kappleiken er dermed akademiet.
Der er det også sett av god tid til sjokoladekappleik, så arrangørane ventar seg innrykk av små dansarar, kvedarar og instrumentalistar frå området.
Tidlegare i vinter og vår har det blitt arrangert kappleikar mange stader i landet: Gudbrandsdalskappleiken i Vågå, Vinterkappleiken på Rauland, Markenskappleiken på Kongsberg, Sogn- og Fjordane-kappleiken på Skei i Jølster, Fylkeskappleiken i Molde og nå sist Distrikskappleiken for vanleg fele i Oslo.
Her kan du lese reportasje frå kappleiken i Oslo.
Her finn du resultatlister frå kappleikane som har vore tidlegare i år:
Gudbrandsdalskappleiken i Vågå
Markenskappleiken på Kongsberg