Tekst: Pressemelding
Seks lovande, unge folkemusikarar vart plukka ut etter ein søknads- og juryeringsprosess i august. Det var Martin Steinum Brun (Vågå), Vera Sonne (Oslo), Andrea Søgnen (Gol), Åsmund A. Farstad (Volda), Amalie K. Tvilde (Kinsarvik) og Trygve Liahagen (Ottestad).
Les meir om førebuingane i denne saka.
Torsdag 24. oktober under opningsdagen på Osafestivalen gjennomførte dei seks deltakarane ein Introfolk-konsert. Frå denne valde ein jury ut tre deltakarar som går vidare til finalekonserten på Folkelarm 14. november. Etter denne konserten vel ein jury ut Årets unge folkemusikar 2024 som blir offentliggjort under årets Folkelarmprisen laurdag 16. november.
- Dei seks deltakarane gav oss ei strålande konsertoppleving i Voss. Me skulle gjerne hatt fleire plassar, men er nøydde til å ta eit val. Me har valt å sende vidare tre unge musikarar som alle har ein sterk musikalsk integritet, formidlingsevne og eit overbevisande overskot. Alle tre har mykje musikk på hjartet og eit sterkt nærvær på scena, seier Gusta Tronstad på vegne av juryen.
Juryen på Introkonserten under Osafestivalen bestod i tillegg til Gusta Tronstad av Berit Opheim og Ådne Geicke Kolbjørnhus.