Inviterer til jubileumsseminar
Gjennom 50 år har Sff, tidlegare Rff-sentret, vore sentrale i arbeidet med å bevare og fremje folkemusikken og folkedansen i Noreg. Her demonstrerast songdanssteg i regi av senteret i 1992: F.v. Tor Stallvik, Geir Egil Larsen, Rigmor Vaular, Folke Flateland, Egil Bakka, Kari Margrete Okstad og Ole Ekornes sr. (Foto: Sff)

Seminaret blir arrangert på Quality Hotel Augustin i Trondheim og har fleire tema som skal spegle rolla arkivet har hatt gjennom 50 år, både som vernar og formidlar av folkemusikk og folkedans.  

Først på seminarprogrammet, er dansen, skriv senteret sjølv på nettsida si. Eit panel sett saman av Magne Velure, Magni Rosvold og Siri Mæland skal vise korleis dei har jobba med dei mangfaldige springarvariantane frå Sørfjorden i Hardanger, som Egil Bakka starta med å filme i 1967. Dei skal forklare korleis dei har lært bort dette til nye generasjonar, med desse filmane som grunnmur.  

Vidare skal Sjur Viken, Ragnveig Aas og Ivar Mogstad fortelje om felespel i arkivet, og om alle dei individuelle og regionale forskjellane og variasjonane som finst her.  

Seminaret blir avslutta med at eit panel på fire personar, beståande av Tone Erlien Myrvold, Marit Vestrum, Birgit Haukås og Sigurd Johan Heide, skal presentere og diskutere nokre av metodane som blir bruka for å gjere folkedansen og folkemusikken relevant for barn og unge i dag. Her vil dei kome inn på ulike formidlings- og bevisstgjeringsmetodar for å kople saman arkivmaterialet og samtida. 

Les også: Levende kulturarv