Tekst: Jeremiasfestivalen
Fredag kveld på Gloppen Hotell blir minnet til søskena Kristen R. Mardal og søstra Kristense Mardal Fitje heidra. Begge to var habile hardingfelespelarar og mykje brukt i lyd og lag i Sandaneområdet. Lokalhistorikar Ove Eide vil fortelje om desse to lokale tradisjonsberarane fredag kveld. Han vil også samtale med Kjetil Bergheim, barnebarnet til Kristense, og Elin Grytting. Kjetil og Elin vil også bidra musikalsk. 

Høyr Sigrid Moldestad spela halling etter Kristense Fitje Mardal.

 
Landskjente Knut Buen blir med både fredag og laurdag. Det vil også ein hardingfeletrio beståande av Liv Fridtun, Kjell Thue og Svein Hjellbakk også vere. Gloppen Hardingfelelag vert med på konserten fredag, og saman med Austrheim Musikklag spelar dei opp til ein svingom etter konserten.

Høyr Arne Sølvberg spela springar etter Kristen Mardal.

 
Laurdag vert det kyrkjekonsert i Vereide kyrkje. ( ikkje i Gimmestad som før nemnt ). I tillegg til dei som er nemnt over vert fylkesmusikarane Malin Alander, Ole Nilsen samt Vereide Kyrkjekor med.