Tekst: Pressemelding
Den folkekjære og anerkjende folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg har komponert heile livet, men det er først dei siste ti åra ho verkeleg har satsa på komponeringa og skrive fleire tingingsverk. I haust kom gladbeskjeden om at ho no skal skrive eit stort verk til Det norske kammerorkester, et ensemble som består av mange av dei dyktigaste strykarane i Noreg.
– Det er ei stor glede for meg å få skrive eit verk for dei. Dette blir ein milepæl for meg som komponist, seier Kvernberg.
Verket Valfart av Jorun Marie Kvernberg Basert på dikt frå Kjartan Fløgstad si debut-poesisamling med same tittel, frå 1968.
Tonehimmel
Kulturrådet har innvilga 150.000 til støtte av det nye verket, som er tinga av tonehimmel-festivalen, ein nyskapende natur- og samtidsmusikkfestival på Sunnmøre.
– Vi har hatt fleire verk av Kvernberg på programmet tidlegare, men har også lenge drøymt om å bestille eit større verk av ho. No når vi fekk med oss eit så spanande ensemble som Det norske kammerorkester, visste vi at tida var inne. Dette blir heilt fantastisk, seier
festivalsjef Kaja Skatvedt Robak.
Det norske kammerorkester har dei siste åra jobba med nye formidlingsmetodar, der framføringar gjennom utanåtspeling har stått sentralt. Dette har bidratt til å styrke orkesteret sin posisjon som ein internasjonalt viktig aktør som fornyar av den klassiske musikktradisjonen.
– Dei passar så bra sammen med Kvernberg. Både dei og ho er kunstnarar som har klare røter i sine tradisjonar og i sin bakgrunn, men som samstundes evnar å vere leikne, nyfikne og nyskapande. Kvernberg har ei heilt eiga kompositorisk stemme og ei formidlingsevne
som smittar over på alt ho skaper. Vi har fylgt ho lenge og er så glade for å endeleg kunne bidra til meir musikk frå hennar hand, seier Robak.
Takkar for tilliten
Mange kjenner Jorun Marie Kvernberg som ein leiande norsk folkemusikar, både soloartist og med ei rekke ensemble som Majorstuen, Kviven duo, Perleskum og mange andre prosjekt. Ho har vunne prisar og reist land og strand rundt med fele, tradisjon og eigen musikk. Men dei siste åra har ho også brukt meir og meir tid på å komponere på bestilling frå ei rekke ensemble. Å skrive for eit internasjonalt og stort ensemble som Det norske kammerorkester blir likevel eit nytt steg på vegen.
– Eg takkar for tilliten frå alle partar og skal kose meg i skriveprosessen og gjere mitt beste, seier Kvernberg.
Jorun Marie Kvernberg meistrar fleire sjangrar. Her med Per Bolstad-komposisjonen “Fagre Stryn” i lag med Kristina Farstad Bjørdal.
Fokuskomponist
Kvernberg skal vere ein av to fokuskomponistar på tonehimmel i 2027, når det nye verket skal framførast. Festivalen har hovudsete i Volda, der Kvernberg også sjølv bur. Det er ikkje tilfeldig.
– Kvernberg er ein kunstnar av internasjonal dimensjon, men ho er også ein del av det same lokalsamfunnet som oss som skaper tonehimmel. Ho er ei gåve, vi er heldige som har ho her i bygda vår, og vi er stolte av å kunne få vise fram hennar kunst både til lokalsamfunnet og alle tilreisande, seier Robak