Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Stemninga var stor i matteltet då gruppa «Ein haile halve maone» lanserte CD-en «Jostedal» utgitt på plateselskapet Melovitten.

«Ein haile halve maone» kom til i samband med Landsfestivalen på heimebane i Gaupne i 2016. Då melde dei seg på for moro skuld, spelte seg litt uventa til finalen og fekk tredjeplass i gruppespel – akkurat som under årets landsfestival. På Landsfestivalen i Førde i fjor vart dei også nummer tre i gruppespel.

Primus motor på hardingfele, Mathilde Skjæret, er frå Jostedalen. To andre av fem i gruppa er også frå Luster kommune -  Henning Lad på gitar frå Gaupne og durspelar Norill Terese Norheim frå Hafslo. Vidare er Anders Vassli Brekke (kontrabass) frå Vik i Sogn og Emil Horstad (trekkspel) frå Naustdal i Sunnfjord.

«Ein haile halve maone» med Mathilde Skjæret (hardingfele, Emil Horstad (trekkspel), Anders Vassli Brekke (kontrabass), Henning Lad (gitar) og Norill Terese Norheim (toradar) fekk deira tredje tredjeplass i gruppespel og lanserte CD under årets landsfestival. Foto: Thomas Westling

Mathilde Skjæret snakkar om korleis samarbeidet kom i stand med Solveig Brekke Hauknes i plateselskapet Melovitten 

– Det var vel Henning som snakka med deg på fest, seier Skjæret. 

– Det var faktisk på Folkelarm, trur eg, at han nemnte det. Så tok me opp tråden etterpå. Det er bra å vera litt ute på fest og få med seg kva som skjer, stadfestar Brekke Hauknes lattermildt.

Spelkvinne og dansar Solveig Brekke Hauknes driv Melovitten saman med ektemann og spelemann Bjørn Kåre Odde. Plata vart spelt inn i Tor Magne Hallibakken sitt lydstudio i Hallingdal, for øvrig selskapet som har laga god lyd i årevis både på Landskappleiken og Landsfestivalen.

Tradisjonelle låttar

– Korleis er de lærer inn låttar? 

– Me har spelt i spelemannslag sidan me var små, og så likar eg godt å høyre på arkivopptak. Eg lærer dei først og formidlar stoffet vidare til resten av gruppa, fortel Skjæret

Kjeldene til er i hovudsak Sjur Hesjevoll, Olav Sperle og Nils Ormberg, alle frå Jostedalen. Dermed gav tittelen på plata seg sjølv. 

– Dette er tradisjonell runddans med litt vri. Me har jo arrangert ein del, men me har prøvd å halde det mest mogleg originalt, seier Skjæret.

Jostedalsmusikken skil seg ut frå resten av Sogn fordi mykje har kome rett over Sognefjellet frå Gudbrandsdalen. Låttane er på stort sett to og tre vek. Det er éin lått i posisjon på CD-en. 

– Dette god dansemusikk. Vi treng fleire plater som har dansefokus, meiner Solveig Brekke Hauknes (til venstre) saman med Mathilde Skjæret i «Ein haile halve maone». Foto: Kjellbjørn Karsrud

Skjæret seier dei la vekt på at dette skulle vera ei plate folk skulle like å danse etter. Solveig Brekke Hauknes er røynd dansar som kan seie og meine noko om dette.

  – Dette er god dansemusikk. Det trengst fleire plater som har dansefokus, meiner Brekke Hauknes – sjølv med aner frå indre Sogn. 

God, gamal CD-plate

– No har det vorte «in» att med alt frå kassettar til LP-plater. Her vart det vanleg CD i tillegg til at plata kjem på digitale plattformar, fortel Brekke Hauknes. 

Om ein kjøper CD-en, får ein litt informasjon om dei ulike kjeldene og låttane. Dermed får ein noko meir av å kjøpe det fysiske produktet, enn om ein berre baserer seg på strøymetenester. 

Plateprosjektet er finansiert med litt støtte, men gruppa laut til med ein Spleis-aksjon for å få fullfinansiert utgjevinga. Målet er å gå i null. Dei fekk i så måte ein god start. Under meisterkonserten fekk «Ein haile Halve maone» rungande applaus i den fullsette Vestneshallen

Melovitten hadde suksess med utgjevinga til Madam Jam under Landsfestivalen i Førde i fjor, og Brekke Hauknes meiner det er lurt å sleppe plata under dette arrangementet for å få merksemd og blest rundt produktet. 

Bjørn Kåre Odde, Sofie Larsen og Solveig Brekke Hauknes i Melovitten fekk god avsetning på plata «Jostedal» under Landsfestivalen. Foto: Jostein Aardal

Også platesleppet til «Ein heile halve maone» gjekk godt. Over 100 cd-plater vart selde i løpet av festivalen. Med Melovitten-ballongar flygande rundt spelte var det god kok både på scena og dansegolvet i matteltet i det varme vêret. Sogningane nådde også finalen i gruppespel, der dei sikra seg tredjeplass i eit elles gudbrandsdalsdominert «heat».