Kulturpatrulja i aksjon på Syrtveit i sommar. Stina Brandin Hovet spelar til dans. Foto: Geir Daasvatn

– Det finst nokre skikkelege blodfans av Kulturpatrulja som ofte høyrer oss ein stad og så dukkar opp andre stander. Men det finst også dei som tilfeldigvis kjem over oss utan at dei veit kven me er, og så blir hekta. I sommar møtte me ein amerikanar på fire ulike spelestader i løpet av halvanna veke, seier Stina Brandin Hovet, som starta i stillinga som museumspedagog i 2022. Ei av hovudoppgåvene hennar er å leggje turnéplan, tilsette ungdommar og drifte Kulturpatrulja om sommaren.  

Kulturpatrulja kom istand på initiativ frå Visit Setesdal for 10 år sidan, etter at dei opplevde at det var mykje reklame for folkemusikk og bunad i dalen utan eit konkret døme på kvar ein kunne møte på det.  

– Det er ikkje slik at om du køyrer til Valle, så ser du folk i bunad som dansar gangar og speler fele med ein gong, seier Hovet.  

Men Visit Setesdal hadde ein tanke om at det kunne bli slik sommarstid. Setesdalsmuseet gjekk inn og støtta prosjektet økonomisk, og har sidan starten vore arbeidsgjevar for dei som har hatt sommarjobb. Sigrid Jore var den første tilsette, og ho utvikla konseptet i starten.  

Jore fortel at det var viktig at Kulturpatrulja skulle vere moro å halde på med, at det skulle vere overkommeleg både for utøvarar og publikum, og at dei skulle levere ei skikkeleg konsertoppleving.  

– Det skulle vere kvalitet i alle ledd. Difor var det også viktig å vise fram bunaden og den biten der, fortel Jore. Ho oppretta ganske fort ei Facebook-side for gruppa, og gjennom ein bevisst strategi der dei tok bilde kvar dag med bunadskledde folk på leikeplassar, foran gamle bilvrak og så vidare, blei dei synlege for folk som følgde dei.  

Tenkte raskt at det ville vare

– Det var viktig at Kulturpatrulja skulle vere meir enn akkurat berre det lille glimtet med konsert på 25 minutt. Viss ein tok litt rare bilde i stakkar og full mundur, kunne ein levandegjere heile opplegget og setesdalskulturen. Det fekk me god respons på veldig fort, så då bare mata me på med det, og det var frykteleg gama.  

Det tok ikkje så lang tid før Jore tenkte at det var liv laga for Kulturpatrulja langt inn i framtida.  

– Det første året tenkte eg sjølvsagt at me måtte sjå korleis det gjekk, men så blei det raskt ein veldig sjølvsagt del av livet og sommaren. Det var temmeleg tydeleg frå me kom igang at det både var vilje og midlar til å halde fram med dette, seier Jore. 

Jubileum for Kulturpatrulja i Setesdal
Eldbjørg Trydal Rysstad (frå venstre), Vetle Tveiten Hoslemo, Sigrid Berg og Sigrid Jore på jubileumskonserten i oktober i år. Foto: Geir Daasvatn

I år var patruljedeltakarane mellom 13 og 19 år, i tillegg til at Hovet sjølv var med som leiar og felespelar. Frå starten av har Kulturpatrulja blanda både unge vaksne med lang fartstid og kanskje også musikkutdanning, til dei heilt unge. Ein del ungar har vore innom som gjestar på ein og annan konsert nokre år, for så å seinare bli eit fullverdig medlem av Kulturpatrulja.  

– Det fungerte veldig bra i sommar, og det er ei artig erfaring for dei som er litt yngre også. Dei får ei enorm mengdetrening, med minst to konsertar om dagen, fem dagar i veka over fire veker. Det er eit ganske stort område me skal dekke, og me prøver å ha konsertar frå Evje til Hovden kvar veke. Nokre utstikkarar til Kristiansand er det også innimellom, seier Stina Brandin Hovet. 

«Det hjelper veldig å ha folk frå heile Setesdal for å få lokale tilhøyrarar til å komme på konsertane, for då trekkjer dei eit anna publikum enn berre turistar i heimbygdene sine.»

Stina Brandin Hovet, leiar for Kulturpatrulja

På etablerte stader

Kulturpatrulja har gjennom den ti år lange eksistensen prøvd ut ulike ting, som til dømes popp-opp-konsertar i dei ulike bygdesentra, men dei har landa på at det er best å vere på meir etablerte plassar. På hotell og campingplassar kan dei få hjelp til reklamering, og dei blir meir synlege for turistane.  

– Viss ein ikkje veit kva ein leiter etter, er det ikkje så lett å finne det. Difor har me valt å halde mange konsertar på hotell og campingplassar, der turistar er og der dei går for å leite etter informasjon. I år var det mykje folk alle stader me spelte, seier leiaren.  

I Setesdal har det dei siste åra vore få utøvarar under 25 år. Dermed er det ein litt yngre skare som står klare som dei neste deltakarane i Kulturpatrulja. Men Hovet seier det alltid går bra å finne folk. Nokre har kanskje gått under radaren eller halde på mykje for seg sjølv. Men via jungeltelegrafen og utlysingstekstene, dukkar dei opp frå rundt omkring.  

– I år hadde me med ein som lærte seg dans med deltaking i Kulturpatrulja som motivasjon. Han var veldig interessert og hadde kunnskap om folkemusikk og -dans frå før, men så byrja han plutseleg berre å danse sjølv, og så blei han med. Ein kan søkje om å få vere med, men eg driv mykje med oppsøkjande arbeid også. Det er viktig at det skal vere med ungdommar frå heile dalen. I år hadde me folk frå Syrtveit i sør til Bykle i nord. Det hjelper veldig å ha folk frå heile Setesdal for å få lokale tilhøyrarar til å komme på konsertane, for då trekkjer dei eit anna publikum enn berre turistar i heimbygdene sine, seier Stina Brandin Hovet.  

Jubileum for Kulturpatrulja i Setesdal
Sigrid Jore ein av dei tidlegaste sommarane Kulturpatrulja var rundt og underheldt. Foto: Leonhard Jansen
Jubileum for Kulturpatrulja i Setesdal
Kulturpatrulja i Setesdal er eit viktig utstillingsvindauge for unge utøvarar. No håpar einingsleiar for kultur og fritid i Valle, Torunn Charlotte Nyberg, på å få på plass eit stabilt tilbod i kulturskulen, med ei interkommunal folkemusikkstilling. Foto: Kulturpatrulja
Jubileum for Kulturpatrulja i Setesdal
Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Sigrid Jore og Åsmund Tanche-Larsen Knutsen på sommarjobb. Foto: Leonhard Jansen
Jubileum for Kulturpatrulja i Setesdal
Gjengen som reiste rundt som Kulturpatrulja i sommar var: Ingrid Ruud Uppstad (framme frå venstre), Sofia Naima Berg og Stina Brandin Hovet. Harald Stulien Robstad (bak frå venstre) og Endre Stulien Robstad. Foto: Geir Daasvatn

«I sommar møtte me ein amerikanar på fire ulike spelestader i løpet av halvanna veke.»

Stina Brandin Hovet

Stigande rekrutteringskurve

På jubileumskvelden under Kulturveka i Valle i oktober, var det ein stor del av alle dei tidlegare deltakarane med på scena. Konserten blei lagt opp som eit lengre Kulturpatrulja-program, og sjølv om Hovet visste at fleire i salen kunne sy bunadar sjølv, prata ho som vanleg om kleda og om tradisjonen. Det var også viktig at alle skulle få vise seg fram, både store og små. Det blei lagt opp til noko samspel og samsong, der dei yngste fekk musisere saman med førebilda sine, som hadde vore med som Kulturpatrulja-deltakarar tidlegare år.  

– Trur du Kulturpatrulja eksisterer om ti år også?  

– Ja, det trur eg. Eg har fått fleire forespørslar frå ungar som vil vere med når dei blir gamle nok, og frå ungdommar som vil vere med igjen. Det pågåande UNESCO-arbeidet i Setesdal handlar mykje om rekruttering, så det er mykje som skjer her nå. Første søndag i advent hadde leikarringen framsyning på museet med mange ungar som song og dansa, og det var også mange herfrå som reiste på sjokoladekappleik i Bø tidlegare i haust. Så veksten er i oppgang, seier Hovet.  

Etter nyttår skal ho igang med å hente inn deltakarar til patrulja den kommande sommaren. Då håpar ho å få med både nye og gamle fjes. 

Journalist Flottorp og intervjuobjekt Jore har spelt saman i gruppa Raabygg.