JulietNorth: Kontrastfylt frå nord
Julietnorth: Julietnorth
  • Ta:lik World, 2018
  • 13 spor, 42 minutt
  • Produsent: Wetle Holte, spelt inn i Kysten Studio, Tromsø

Fele og song står i sentrum på fyrste plata til Julietnorth. Felespelar og vokalist Julie Alapnes Normann har tidlegare vore med på utgjevingar som Flygande kråka får alltid nåkka med Fotefar, ho har gitt ut to singlar med duoen Robaat og ei plate i lag med viselegendene Boknakaran og vore spelemann til gruppa Kartellet (der ho mellom anna har gjeve levande lyd til elektronikaplata Anføttes). På prosjektet Julietnorth har ho med seg gitaristen Petter Carlsen, Halvard Rundberg på trøorgel og gitarar og Aleksander Kostopoulos på perkusjon.

Det er lett å høyre at musikarane har leika seg fram til resultatet, og plata oser av speleglede. Det er masse ope rom i produksjonen, noko vi merkar allereie på fyrste spor. «Statuen» er ikkje noko anna enn eit par enkle gitarakkordar, pumping frå eit trøorgel akkompagnert av nokon litt skjøre akkordtonar og til slutt vare, lange og høge tonar frå fela. Kanskje er meininga at vi skal komme inn i ei stemning, og dermed høyre på plata med meir luft og meir rom rundt oss? Det er eit lurt trekk, som får lyttaren ned på jorda og førebur han på alle dei sprell som Julie og bandet hennar har funne på.

Det er fleire slike spor på plata, som ikkje har ein direkte melodi, men heller formidlar ei stemning eller ei kjensle. «På vei» består av litt klimpring på ei snill, enkel akkordrekke med gode mengder klang. «Polar» er lange feletonar med vibrato mot skarpe akkordar frå orgelet, medan gitaren har fått klangpedal i sporet «Valentina». Eg er ikkje forundra om dette er eit påfunn frå den dyktige produsenten Wetle Holte, trommeslagar med bakgrunn frå blant anna jazz og elektronika og med solid erfaring som produsent.

Holte har produsert Julietnorth inn i ei kjend verd av jazz og pop. Her finn du ikkje så mykje rein nordnorsk folkemusikk, men det vil heller ikkje seie at han er totalt fråverande. Alapnes har sin bakgrunn frå folkemusikken, og spesielt instrumentalmusikken ho har laga, har mange folkemusikkreferansar. Det finst berre éin rein tradisjonell låt, «Sevatslåtten», på plata. Alle dei andre låtane er laga av Alapnes sjølv eller av andre medlemmar i bandet.

Songane til Alapnes, «Æ ligg i snø» og «Naustet», er enkle og hyggelege songar som er lette å nynne med på. Dei fell lett inn i ein trygg og god popstil og vil fungere godt på NRK P1 eller den lokale nærradioen. Songane står fram som friske pust i ei elles så tett plate, fylt til randa av instrument, klangar og elektronisk justerte lydar.

Ein annan låt som får fram smilet mitt, er «Vidundervalsen», som gjev meg assosiasjonar til Paris og franske valsar på 1940-talet. Eg kan tenkje meg at denne ville ha passa perfekt inn i ei romantisk scene i ein Hollywood-blockbuster: Eit par vandrar hand i hand nedover ei stille, roleg gate, dei kastar små flørtande blikk til kvarandre, og når låten går mot slutten, får vi eit nærbilete av det perfekte filmkysset.

Nokre av dei instrumentale felelåtane synest eg er best når dei andre musikarane får vere med og farge spelet til Alapnes. «Rett te værs» startar med fela helt aleine, vi får presentert ei naiv lita melodilinje. Det er fyrst når dei andre instrumenta kjem inn, at låten kjem til sin fulle rett og vi skjønar kvifor han er med på plata. Her finst det òg eit lite mellomspel med såre vokalar og ei heilt anna stemning. Vi gløymer melodien, som mange av dei små instrumentale mellomspela får oss til å gjere, og når den minimalistiske melodien til fela kjem inn att, kjennest det som eit friskt pust.

Det eg saknar i denne produksjonen, er å forstå kva konseptet til Alapnes & co. er. Produksjonen sklir litt ut i alle retningar, og eg klarar ikkje alltid henge med. I tillegg er alt på plata bygt på kontrastar, i så stor grad at kontrastane i seg sjølve blir noko vi heile tida ventar på. Men dei små mellomspela, dei små pusteromma som berre er der og får oss i god stemning før neste spor, gjer at eg likevel småhumrar og koser meg gjennom heile albumet.

Så gratulerer, Julietnorth! Dette er eit glimrande fyrste album, og eg ser fram til å kunne høyre alle desse låtane framført på ei festivalscene i sommar.