Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Folkemusikk tek ein prat med dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, midt i førebuinga med sakspapira til sitt fyrste landsmøte som den administrative sjefen for organisasjonen med 4700 medlemmar.

– Kvifor bør medlemmar koma på landsmøte?
– Fyrst og fremst for å bidra til gode debattar om dei sakene som skal opp. Det er ein stor organisasjon, og både styret og admin har behov for å høyre innspel frå medlemmane.
Brimi presiserer at alle lokallag har høve til å sende ut representantar, og at talet kjem an på kor mange medlemmar laget har. Ein treng ikkje vera styremedlem i eit lokallag for å reise, så lenge ein har mandat frå styret. Han oppmodar difor medlemmar som kan tenkje seg å reise, om å ta kontakt med lokallagsstyret og melde seg.
– Kva for saker er det som kjem opp i år?
– Gjennom vinteren har det vore ein del debatt kring yrkesutøvargruppa si rolle i organisasjonen, og kring det punktet i vedtektene som seier at to av styremedlemmene skal vera yrkesutøvarar. Det har kome forslag om endringar i denne paragrafen. I tillegg foreslår styret i FolkOrg om fleire ulike endringar og tillegg, til dømes eit forslag som gjer at arbeid med barn og unge får ein meir sentral plass i vedtektene, seier Brimi.
Styret kjem også med forslag til endring av oppsettet på strategidokumentet til organisasjonen, kalla særskilte satsingar. Denne har lege lik i mange år.
– Eg håpar det blir eit betre dokument å jobbe med, blant anna når det gjeld å måle resultat og å rapportere til landsmøtet. Det er ynskeleg at landsmøtet kjem med attendemelding på dei foreslåtte punkta i dei Særskilte satsingane, da dette er viktige rettesnorer for arbeidet i organisasjonen den neste perioden, fortel Brimi.
Det kjem også nokre forslag om tillegg i langtidsplanen, der ein no vektlegg arbeidet med barn og unge i endå større grad.
Her kan ein melde seg på landsmøte enten som medlem med røysterett eller som observatør.
Debatt om leigesum på førre årsmøte
Under førre landsmøte vart det ein debatt om leigesummen som arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen betalar kvart år. Denne ligg fast på 125 000,- per arrangement, og han har gjort det i mange år.

Brimi driv med rekneskapen for FolkOrg for tida. Han legg merke til at organisasjonen bruker mykje pengar på dei to arrangementa, godt over millionen, dermed har organisasjonen gjennom mange år subsidiert dei to arrangementa kraftig gjennom arbeidskraft og ulike tenester.
Landsmøtet i 2023 sende saka vidare til neste landsmøte for å få ei grundigare evaluering før ein kunne fatte endeleg vedtak. Etter at FolkOrg fekk éin million løyvd til arrangementa over statsbudsjettet i fjor, har røystene som vil fjerne leigesummen heilt, fått vatn på mølla. Samtidig har dei økonomiske resultata frå 2024-arrangementa vore rekordhøge.
– Forslaget frå styret er at leigesumsordninga som ho er i dag, skal avviklast. Styret ber landsmøtet om å bli med på ein diskusjon om å etablere ei solidaritetsbasert ordning der lokal arrangør av LK og LF bidreg økonomisk til ei tilskotsordning som alle medlemslaga i FolkOrg kan søke på, fortel Brimi
Om styret får det som dei vil, skal det ikkje lenger vera eit økonomisk innskott direkte til FolkOrg, men lokal arrangør skal vera med og gje ein viss prosentdel av overskotet på deltakaravgift og inngangsbillettar til eit tilskotsordning som alle lokallag kan søke på. Forslaget er å skyte desse midlane inn i, og dermed styrke, den allereie godt etablerte aktivitetstilskotsordninga til FolkOrg.
Inspirasjonsseminar, dansefest og blodklubb
– Kva blir det av fagleg påfyll denne gongen?
– Det blir inspirasjonsseminar med Tone Ingvaldsen og Torill Jørgensen frå høvesvis Leikarringen i BUL og Røros folkedanslag på fredagen. På laurdagsmorgonen er det seminar om lokallagsarbeid der ein kan få tips om søknadsarbeid og jobbe i StyreWeb. Christin Sundt frå NMR kjem for å koma med tips om søknadskriving. Det trur eg blir veldig matnyttig for lokallaga, fortel Brimi.
Det blir elles presentasjon av eit arbeid frå ei arbeidsgruppe som har jobba med framtida til LK og LF, der dei har hatt fokus på korleis ein kan klare å få dei til å framleis vera attraktive for barn og unge. Det er mange utfordringar knytt til å laga arrangement på tvers av generasjonar fordi samfunnet legg opp til at arrangement skal vera atskilt. Kari Nilssen, som har vore leiar for utvalet, skal ha ein presentasjon, deretter blir det ein panelsamtale. Dette er eit utval som styret har sett ned.
Tuvas blodklubb har denne gongen slåttetralling og joik på programmet. Trykk på biletet for å sjå kven du kan få høyre under landsmøtehelga.

– Kva er det sosiale programmet attåt?
– Fredagskvelden er det dans på BLS i samarbeid med NU som også har årsmøte denne helga. Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten står for dansemusikken, fortel Brimi.
På laurdagen er det er landsmøtemiddag. Deretter er det dansefest på Riksscenen med «Ein haile halve maone». Det er også Tuvas Blodklubb på natta for dei som vil ta det heilt ut. Der bør ein kjøpe billett til i forkant, for den kjem til å bli utseld god tid i forvegen.