Tekst basert på pressemelding frå Jansen Records.
I albumet blir norsk folkemusikk og rock kombinert i eit nyskapande prosjekt. Kanaan har bakgrunn frå jazz og psykedelisk musikk, og har mykje erfaring med improvisasjon. Kanaan består av Eskild Myrvoll, Ask Vatn Strøm (broren til Eir Vatn Strøm i Ævestaden) og Ingvald André Vassbø. Bandet vant Spellemann i kategorien rock i 2021.
Ævestaden har som kjent tre utøvarar med bakgrunn i tradisjonell norsk og svensk folkemusikk. Bandet består av Eir Vatn Strøm og Kenneth Lien, samt svenske Levina Storåkern. Dei mottok Edvard-prisen i 2023 for samarbeidsalbumet Jag är sen igjen sammen med Benedikt og det andre album deira Solen var bättre där vann prisen for beste folkemusikk på den svenske Manifestgalan.
Ævestaden nyttar tradisjonelle folkemusikkinstrument gjerne på eksperimentelt vis. Instrumenta som er i bruk på albumet, spenner seg frå feler, kuhorn (!), kraviklyre og munnharpe, til syntar, fleirstemt kor, tunge gitarar og rytmeinstrument. På Langt, langt vekk spelar dei folketonar, slåttar og lovsong i kombinasjon med nykomponerte verk.
Langt, langt vekk blir sloppe på Jansen Records 11. oktober 2024.
Høyr den kjente setesdalsgangaren Fiskaren i ny form her: