Kvedartrioen Victoria Oftestad, Vera Sonne og Martin Steinum Brun, to oslojenter og ein syngjande gut frå Vågå, tok visstnok det fyrste og beste namnet dei fann i ei ordbok, men tenkte kanskje ikkje så mykje over kva det betyr. Rakkarpakk kling godt, har eit dristig synonym, men det er kanskje ikkje så farleg når ein klatrar øvst på rangstigen i folkemusikken.
I fjor vart det andreplass bak Ottar Kåsa og Mattis Kleppen, men i år klatra Rakkarpakk heilt til topps. I tillegg song Steinum Brun seg opp i vokal klasse A til neste år med sitt andre napp i vokal B på like mange år.
Det var ei variert og spennande Open klasse med innslag av mange instrument og kryssing mot andre stilartar som jazz. Kvar skilja går, kan ein alltids stille spørsmål ved.
Den unge duoen Herman Hveem frå Billit på Toten og Vegard Hosarøygard møttest på musikklina ved Gjøvik vidaregåande og har utvikla eit fint samarbeid på kontrabass og gitar. Det resulterte i sjetteplass, attpåtil vart Hosarøygard belønna med 10.000 kroner da ordførar Bjarne Eiolf Holø overraskande dukka opp med kulturstipend frå Lom kommune.
Trioen Gjevre, Odde og Vårdal med Inge på torader, Mads Erik på trekkspel og Vegar på fele og hardingfele kom på andreplass eitt poeng bak Rakkarpakk, duoen Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten vart nummer tre og Særsvip nummer fire.
Alle resultat frå kappleiken 2023 i Lom finn du her. NRK Dagsrevyen hadde torsdag eit innslag frå Landskappleiken, det kan du sjå her.
MEIR FRÅ LANDSKAPPLEIKEN 2023:
- Nokre område slit med dansen: Dansetevlingane
- Jubileumsvinnar tilbake: Knut Myrann og Ivar Schjølberg
- Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre møtest på kappleik
- To nye heidersmedlemmer: Sigvald Rørlien og Amund Bjørgen
- Strålande dagar i Lom: arrangørane oppsummerer
- Til topps på heimebane: Fele klasse A
- Tilbake på toppen: Hardingfele klasse A
- Finansminister Vedum baud opp til politisk dans
- Tre brør Kjorstad kjempar om det aller gjævaste
- Død spelemann vekt til live: Fel-Jakup-konserten
- Nesten pallreprise i Fele klasse B
- Kvalitet, kvantitet og mangfald: vokalklassene