Redaktøren har bede meg reflektere litt kring dei gamle spørsmåla i folkemusikken om fornying og nyskaping, bevaring eller utvisking av lokale og regionale særtrekk i musikken, rein og arrangert folkemusikk, med utgangspunkt i Førdefestivalens storsatsing «Nordic Sound Folk Orchestra». Han bad meg også om å bruke kap. 5 i min gamle og gode folkemusikkrapport frå 2001 («Arnestad-rapporten») som bakgrunn; eit kapittel som handla mykje om «fornying» i folkemusikken.

Norden som språkleg fellesregion er i dag godt på veg til å verte historie. Nordisk språkforståing er òg langt dårlegare enn for berre 30 år sidan. Nabospråkundervisninga er betydeleg redusert, og engelsk har for lengst vorte det nordiske fellesspråket. I Danmark, og litt i Sverige, opplever eg, og mange andre nordmenn, rett som det er å få svar på engelsk når vi spør om noko på norsk.

Det finst i dag knapt ei nordisk offentlegheit, lite fellesnordisk infrastruktur og få, om nokon, fellesnordiske kulturinstitusjonar. Men enn så lenge lever Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Herifrå vert det i det minste delt ut ein del midlar til internordiske kunst- og kulturtiltak, gjennom Nordisk Kulturfond og Kulturkontakt Nord. Og Nordisk Råd deler kvart år ut fem nordiske prisar, dei to eldste er Litteraturprisen (1962) og Musikkprisen (1965).

Klangen av Norden
Heile Gudbrandsdølenes spelmannslag, basert i Oslo under musikalsk leiing av Aslak Opsahl Brimi, var del av Nordic Sound Folk Orchestra. (Foto: Oddleiv Apneseth)
Nordic Sound Folk Orchestra
  • Førdefestivalens storsatsing i 2017, som del av det overordna festivaltemaet «Klangen av Norden». Samarbeidsprosjekt med Riksscenen.
  • Framført på Førdefestivalen 6. juli og på Riksscenen 9. september 2017.
  • Karl-Johan Ankarblom var dirigent for det førti mann store folkemusikkorkesteret.
  • Orkesteret spelte i all hovudsak nykomponert folkemusikk, spesialbestilt til konserten og skrive av Mia Marin, Harald Haugaard, Jorun Marie Kvernberg og Antti Järvelä.
  • Solistar var Olav Luksengård Mjelva, Berit Opheim, Lena Willemark, Ulla Pirttijärvi og Olov Johansson, i tillegg til komponistane sjølve.
  • Orkesteret bestod elles av Emma Reid, Esko Järvelä, Jonas Bleckman, Kirstine Elise Pedersen, Lena Jonsson, Nina Perez, Emma Ahlberg, Adrian Jones, Anna Lindblad, Kristofer Sundström, Sune Rahbek og heile Gudbrandsdølenes spelmannslag.

Ein nordisk tone?

Dei siste åra har det likevel innanfor musikklivet i Norden vore ei veksande interesse for å finne ein (såkalla) nordisk klang, tone eller lyd i musikken. Dette synest å gjelde både i den klassiske musikken, i jazzen og, etter kvart, også i folkemusikken. På det sistnemnde feltet syner til dømes opprettinga i 2007 av ei felles nordisk masterutdanning i folkemusikk korleis det nordiske vert sterkare vektlagt. Dette har blant anna resultert i fleire nordiske folkemusikkgrupper, som Rim (N,S), Tranotra (N,S,DK), Fru Skagerrak (N,S,DK) og Floating Sofa Quartet (S,DK,F).

Gruppene er variert samansette når det gjeld instrument. Dei opptrer på festivalar, held konsertar over heile Norden og spelar både ny, eigenkomponert musikk og (arrangert) tradisjonsmusikk frå dei ulike nordiske landa. På heimesidene til gruppene og andre sjølvpresentasjonar er det likevel lite som tyder på at gruppene har som (uttalt) mål å finne eller leite etter ein nordisk tone eller «sound». Først og fremst vil dei lage og presentere god folkemusikk gjennom tradisjonelle melodiar, nye komposisjonar og musikk på deira ulike språk; men gjerne musikk som uttrykkjer deira felles musikalske arv.

Tranotra-medlem Olaug Furusæter sa til Klassekampen i 2013 at Tranotra er eit nordisk folkemusikkband, men «vi jaktar ikkje på «den nordiske tonen’». Denne tonen, seier ho, er «mest ein talemåte, og vi prøver å finne vår eigen veg». Men i ein eigenreklame året etter heiter det at musikken deira har ein «distinkt nordisk klangfärg». Gruppa Rim tykkjer det kjennest ekstra godt å bli kalla «nyskapende innen en sjanger som strengt tatt er basert på gammel folkemusikk» (Trønder-Avisa 2015). Men i ei melding i Morgenbladet i 2013 etter debutplata heiter det om Tranotra at dei presenterer «gjennomarbeidd folkemusikk med lite rom for spontanitet og improvisasjon.» Meldaren, Gjermund Kolltveit, meiner òg at plata inneheld «fint lite lokale musikktradisjoner.»

Dei nordiske folkemusikkgruppene spelar både eigenkomponert musikk og tradisjonsmusikk frå sine respektive land, kanskje mest det første. Dei synest i praksis ikkje å vere svært opptekne av å skape eller finne ein nordisk «sound» eller tone i folkemusikken. Det viktigaste for dei er truleg å spele god musikk som dei sjølve kan stå inne for, og som fell i smak for eit folkemusikkinteressert publikum i Norden.

Ein nordisk festivalkonsert vert til

Med ein slik bakgrunn var det ikkje så uventa då Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som i år vart skipa til for 28. gong, valde «Klangen av Norden» som tema i 2017. Dette vart særskilt markert under årets opningskonsert, som fullt ut var sett av til festivalens eigeninitierte prosjekt: konserten med det for høvet samansette «Nordic Sound Folk Orchestra».

Festivaldirektør Hilde Bjørkum fortel at ho hadde gått og grubla på eit slikt prosjekt eit par år. Ho førestilte seg eit tingingsverk frå éin komponist (folkemusikar) frå kvart av dei nordiske landa, og med Gudbrandsdølenes spelemannslag som grunnstamme i eit stort nordisk strykeorkester. Bjørkum kontakta først Karl Johan «Kalle» Ankarblom om prosjektet i januar 2016, og han tente på ideen. Dei to hadde sitt første fysiske møte om planane 7. juni d.å. på Bergen busstasjon, der dei «brainstorma» kring prosjektet. Seinare same månad vart Aslak Brimi i Gudbrandsdølenes spelemannslag kontakta, og han sa ja med éin gong. Deretter kom dei tre, saman med festivalstaben i Førde, fram til ei liste med prioriterte komponistar, solistar og andre orkestermedlemmer. Så gjekk dei i gang. «Alle vi spurde var over seg av begeistring og svarte ja på ståande fot», fortel Bjørkum. «Vi fekk dei vi ville ha.»

Dei fire utvalde komponistane var Jorun Marie Kvernberg (N), Harald Haugaard (DK), Mia Marin (S) og Antti Järvelä (F), som kvar fekk ei bestilling på 15 minutt ny musikk. Mandatet var å jobbe fram «lyden av Norden», gjennom musikalske uttrykk frå folkemusikken som skulle botne i dette. Kvernberg fortalte under seansen «Møt artisten» dagen etter konserten at ho hadde teke utgangspunkt i det tradisjonelle; «skog, mørkt, kvelden, ulv, skikkelse, litt sånn, opplyst av idear, takter, akkordar; skape det unike i den gamle folkemusikken». Danske Haugaard sa litt av det same under konserten med sitt band dagen etter opninga, men han hadde lagt meir vekt på den «lyse nordiske sommaren». Kvernberg fortalte at ho gjorde alt sjølv: skreiv musikken ut på notar for eit ensemble, arrangerte «heile pakken», ikkje berre melodien, slik at framføringa vart slik ho sjølv ville.

 

På denne måten vart det etablert eit strykeorkester på profesjonelt nivå, der alle beherska det folkemusikalske uttrykket. Noko slikt har aldri vore gjort før.

Kvar av dei fire komponistane bestemte sine ting. Dei hadde òg kvar sin måte å instruere musikarane på; men prosjektleiar Ankarblom sette det i system og var såleis komponisten av «den store slåtten», han stod også for arrangeringa av mange av dei tradisjonelle låtane. Orkesteret var samla to gonger før premieren, éin gong på Riksscenen i Oslo og så før festivalen i Førde. Dei 20 spelekvinnene (og nokre -menn) i Gudbrandsdølenes spelemannslag måtte lære seg alle slåttane på førehand, ved hjelp av notar, lyd og gehør. Elles hadde det ikkje kunna gå, sa leiaren Aslak Brimi under «Møt artisten», og la til at Gudbrandsdølenes «aldri har vore så samspelte som no».

Orkesteret med ca. 40 medlemmer vart sett saman av elitemusikarar og -songarar frå folkemusikkfeltet i dei fire nordiske landa, inkludert altså Gudbrandsdølenes spelemannslag, med fleire sigrar bak seg på Landskappleiken. På denne måten vart det etablert eit strykeorkester på profesjonelt nivå, der alle beherska det folkemusikalske uttrykket. Noko slikt har aldri vore gjort før. For initiativtakaren vart det vesentleg å byggje dette prosjektet på folkemusikalsk grunn, for å gi større kraft og truverde i uttrykket, seier Hilde Bjørkum. Sidan store samspelsprosjekt byr på utfordringar når ulike feletypar er involverte, vart det valt éin feletype i orkesteret. Ein lét så hardingfele (med Olav Luksengård Mjelva som solist), nøkkelharpe og vokal (song/kveding) kome med i tillegg som soloinstrument.

Konserten

Gudbrandsdølenes kom først på scena med ein slått komponert av leiaren Aslak Brimi. Dei heldt fram med ein tradisjonell slått, arrangert av Brimi. Dei andre musikarane kom samtidig på scena og fall inn i slåtten med sine feler. Så følgde «Jojk till vinden» (trad., arrangert av Ankarblom) med finske Ulla Pirttijärvi, og ein vals (trad., arrangert av Ankarblom m.fl.) framført på nøkkelharpe med Olov Johansson. Deretter kom det på rad og rekkje ca. 20 låtar. Dei fleste av desse var nykomponerte, og i hovudsak arrangerte, av dei fire inviterte komponistane. Dei var også solistar på eigne låtar, i vekslande grad saman med andre av dei inviterte solistane på ulike typar feler. Dessutan fekk vi nokre reine songnummer. Ingen av dei norske songane, som vart framførte av Berit Opheim, var nyskrivne.

Konserten vart avslutta med det Ankarblom kalla «ein medley med dei aller beste låtane frå alle dei nordiske landa»: fem tradisjonelle låtar med dei fire komponistane som hovudsolistar. Og denne avslutninga fengde publikum, slik eg opplevde det.

I løpet av konserten, som varte ca. 1 t. 45 min., fekk vi høyre og oppleve den beste folkemusikken dei fire nordiske landa kan by på. Alle artistane var handplukka frå øvste hylle. Det musikalske nivået var høgt; lyden, tonen, «sounden» var framifrå. Samspelet var godt og arrangementa gjennomarbeidde. Det kom mange rosande ord til orkesteret, prosjektleiar, solistar og initiativtakar i etterkant. Dette var eit stort og vellykka løft for nordisk folkemusikk, vart det sagt, og konserten fekk mange godord i lokalpressa. Den har så langt, så vidt eg veit, ikkje vore meldt av folkemusikkfagleg ekspertise.

Var dette «representativt» for dei fire landa? Kvifor ikkje heller byggje på folkemusikk som alt finst i Norden frå før?

Diskusjonen

Men både i forkant og i etterkant av denne konserten har det, som ein kunne vente, vore ein del fagleg diskusjon. Mellom anna om desse fire forholda:

  1. Kvifor så mykje ny musikk?
  2. I kva grad er dette nyskaping?
  3. Kvifor ikkje ha med folkedansarar?
  4. Vert lokale og regionale særtrekk taparen ved slike store fellesnordiske prosjekt?

Når det gjeld sjølve konserten, meinte mange at den var i lengste laget, og at det vart vel mykje felemusikk. Litt over midtvegs var det ei kjensle hos publikum at konserten var i ferd med å bli litt kjedeleg. Flinkt, ja, men lite variert. Lite tempo. Då melde heldigvis ein fyrig danske, Harald Haugaard, seg som «redningsmann», med sin «nordiske» komposisjon «Sneen». Den tidlegare danske kulturminister Bertel Haarder, som var til stades under konserten, uttrykte det slik på sin Facebook-profil: «Aftenens stjerne var danske Harald Haugaard, der tilførte den folkemusikken næsten sydlandsk vildskab og brakte både orkester og publikum i ekstase. Jeg blev høj af det!»

Han har heilt rett. Haugaard skapte nytt liv til konserten vel midtvegs. Han var også den einaste av dei fire komponistane som direkte reflekterte kring Norden, eller «det høje nord» som han kalla det, både i ei kort munnleg innleiing og med dei «livsbejaende» og illustrerande komposisjonane «Fjeldet», «Stranden» og «Sneen». I Førde streka også mange under den imponerande prestasjonen til songarane; svenske Lena Willemark, finsk-samiske Ulla Pirttijärvi og, særleg, norske Berit Opheim.

Fleire spelemenn har teke opp spørsmålet om det er slik at Norden, og den nordiske tonen, best kjem fram gjennom nykomponert folkemusikk. Var det nødvendig i dette prosjektet å bestille 3–4 nye låtar frå kvar av fire dei inviterte nordiske komponistane/spelemennene? Vil ein ikkje i større grad kunne lykkast med å syne dei nordiske dialektane, og skilnader og likskap mellom desse, ved å ta utgangspunkt i eksisterande folkemusikk i dei fire landa? No sette ein i staden i hop eit slags konstruert fellestiltak, gjennom ny og arrangert musikk. Var dette «representativt» for dei fire landa? Kvifor ikkje heller byggje på folkemusikk som alt finst i Norden frå før? Den avsluttande medley-en, basert på tradisjonsmusikk, fungerte utmerka. Og den tradisjonelle songen fungerte framifrå under konserten.

I kva grad representerer så dette store nordiske prosjektet ei nyskaping og fornying i folkemusikken? Svaret er ganske enkelt at dette i høgste grad representerer ei nyskaping. Eit stort bestillingsverk som inneber komponering av nye låtar, og stor tilrettelegging og orkestrering av både desse og dei tradisjonelle låtane, er sjølvsagt ei nyskaping. Det er heller ikkje noko uvanleg. Mange folkemusikkgrupper spelar og syng både tradisjonelle og nykomponerte låtar, meir eller mindre arrangert. I kva grad dei nye låtane som vart framførte på Førdekonserten, vert til «vandrande» folkemusikk, veit ingen per i dag.

Nokre har òg etterlyst folkedansen. Kvifor var den utelaten? Gjennom dansen ville ein lettare kunne få illustrert både likskapar og skilnader i det nordiske. Dansen er eit visuelt uttrykk som lettare ville kunne få dette fram, og samtidig noko som publikum ville setje stor pris på. I denne samanheng høyrer det òg med at folkedansen som kunstuttrykk er utsett, både i Noreg og dei andre nordiske landa. Dette nordiske prosjektet burde derfor vise fram folkedansen som levande kraft.

Når det gjeld spørsmålet om mogleg utvisking av lokale og regionale særtrekk og den store Førdekonserten, kan ein berre vise til at mange spelemenn og -kvinner i dag, og lenge før i dag, spelar i ulike slags grupper og prosjekt, som byr på både arrangert og nylaga folkemusikk. Den enkle, reine og skire folkemusikken og slåtten lever likevel vidare. I Noreg står solospelemannen framleis trygt. Dei beste spelemennene, og dialektane dei brukar, lever i beste velgåande. Store nordiske prosjekt rører lite ved dette. Som eg skreiv det i 2001-rapporten: «Vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt. Det er tradisjonen sitt liv» (etter Bjørndal og Alver, 1985).

Heilt til slutt: ein lekmann som meg streva med å finne «ein nordisk klang» eller «tone» i den store nordiske opningskonserten på Førdefestivalen. Derimot kunne eg finne ulike nordiske nasjonale trekk og kjenneteikn i delar av det som vart framført. Prosjektleiar Ankarblom sa det slik undervegs i konserten, rett før den avsluttande medley-en:

«Om det finst ein nordisk klang? Det gjer det. Men til sjuande og sist handlar all ting om kommunikasjon. Drifta søker seg utover og skaffar seg nye inntrykk å vitalisere musikken og dansen med. Alt det handlar om, er å nå kvarandre og skape nye venner over berg og hav og fjell.»

Lenger enn dette er det kanskje ikkje mogleg å kome.

Dei beste spelemennene, og dialektane dei brukar, lever i beste velgåande. Store nordiske prosjekt rører lite ved dette.

Klangen av Norden
Artikkelforfattar Georg Arnestad i ein pause under Førdekonferansen 2017. (Foto: David Bowen, Black Star Journal)

Om artikkelforfattaren

Georg Arnestad (f. 1948) er kulturforskar og seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet. Han har arbeidd mykje med kulturpolitisk forsking og utgreiing. Han reknar sjølv folkemusikkrapporten frå 2001 på oppdrag av Norsk kulturråd, Arnestad-rapporten, som eit av sine viktigaste faglege arbeid.

Denne artikkelen vart først publisert i Folkemusikk nr. 3/2017.