Det var mange folk som hadde møtt opp i Bø den første helga i november til kappleik og konsert. Jubilanten sjølv, Knut Buen, var hovudperson om fredagskvelden. Han blei feira med musikalske innslag frå venner, kollegaer og familie.
Opningsnummeret var det Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som stod før, før programleiar Torgeir Straand kunne introdusere Telemarks travlaste spelemann, og Knut Buen sjølv entra scena.
Innsamlar sidan han var 10
Eitt av dei store verkeområda til Buen har gjennom heile livet vore å samle inn folkemusikk. Som tiåring gjorde han sine første opptak med Jørgen Tjønnstaul, og gjennom eit langt liv har det blitt mange timar med opptak. For nokre år sidan leverte han 170 lydband til Folkemusikkarkivet i Telemark, og no er talet oppe i 200.
– Knut er raus til å dele med seg og vil få musikken ut til dei som er interesserte. Han har vore ein samlar og formidlar all sin dag, sa fylkesarkivar Kari Lønnestad frå scena, før ho song og spelte ein av Buens komposisjonar, «Hjartetonen», på langeleik.
– Det er mange som kunne ha vore med på ein slik konsert, men det var viktig for meg å legge vekt på Folkemusikkarkivet og litt om samarbeidet der. Der kan det hentast ut kveding, spel, forteljing og soger i all framtid. Eg er veldig glad for at Kari ville vere med. Det var artig å høyre henne syngje ei av mine viser med langeleikakkompagnement, fortel Buen.
Publikum fekk høyre fleire av Knut Buens dikt og komposisjonar denne kvelden. Mellom anna framført av Kjetil Bergheim, som er organist i Seljord og ein samarbeidspartnar gjennom mange år. Han har arrangert over 50 av Buens slåttar for klaver.
Per Anders Buen Garnås helsa onkelen med slåtten «Hallingrosa», som også er ein slått av Knut Buen. Elles spelte også Håvard Svensrud litt Grieg på trekkspelet sitt, og saman med Anne Gravir Klykken to komposisjonar av Buen.
Då kvelden nærma seg slutten, oppsummerte jubilanten konserten slik:
– Det er koseleg å høyre at ein ikkje er så verst.
Skaparhug
Boka Skaparhug, som det var lansering for, har Knut Buen skrive saman med Annfrid Berget Haukeland. Dei blei kjende då Haukeland arbeidde med biografien om Myllarguten som kom ut i 2022. Skaparhug er utgitt på Tekst forlag og forleggjar Øystein Himle var saman med dei to forfattarane til stades og avrunda kvelden.
– Då eg samarbeidde med Knut i samband med boka om Myllarguten, oppdaga eg endå meir av kva han sit på av kunnskapar og refleksjonar. Ikkje berre om folkemusikk, men om filosofi, kunst, poesi og samfunn, for å nemne noko. Eg samla stoff frå samtalene våre, og frå ting Knut hadde skrive rundt omkring. Så då eg hadde rundt 100 sider tok eg kontakt med han for å spørje om me ikkje skulle samle dette i ei bok, slik at det ikkje gjekk tapt, fortel Haukeland.
I arbeidet med boka, har Haukeland fått tilgang til Buens rikhaldige arkiv med tekster og bilde. Ho har i samråd med Buen valt ut dikt, tekstar, måleri og foto som har fått plass i den 314 sider lange boka. Boka er delt inn i sju kapittel. Kvart av dei inneheld tekster og bilde om dei overordna temaa, og innleiingsvis har Haukeland skrive ein tekst til dei ulike kapitla. I tillegg har ho skrive for- og etterord i boka, samt personregister. Det er også med eit eige kapittel med Buen-dikt i utval.
– Det har vore eit eventyr å skrive denne boka. Buen minner meg veldig om Oskeladden i eventyret. Han har samla på alt han finn langs vegen. Men ikkje berre har han samla – han har foredla det også, til vakker kunst. Han set så pris på hjelparane som gjestar han i livet og deler raust av nista si til dei som ser og dei som lyttar, seier Haukeland.