Den 25. mars blei Tor Stallvik tildelt Kongens fortenestmedalje på Ørland kultursenter i Stallviks heimkommune, av ordførar i Ørland Ogne Undertun. Stallvik vaks opp her, og flytta tilbake som 75-åring i 2016 etter å ha budd mange år i Vågå med kona Randi.
Stallvik byrja danse i ungdomslaget heime, og heldt sitt første dansekurs som 16-åring. Han har nordisk hovudfag, har arbeidd som lektor på fleire skular og har òg vore rektor på Fana folkehøgskole og Klones vidaregåande skule. Som lagsarbeidar har han leia Norleik-rådet i Noregs Ungdomslag og Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff), og 2009—2013 sat han i FolkOrgs styre.
Då Klara Sembs viktige rettleiingsbøker Norske Folkedansar – songdansar og turdansar blei reviderte på 1980-tallet, var Tor Stallvik sentral. Seinare var han saman med Rasmus Stauri ansvarleg for folkedansinnslaga under opningsseremonien på Lillehammer-OL.
Stallvik har særleg arbeidd med bygdedansane i Trøndelag og på Vestlandet og springleiken i Gudbrandsdalen. Frå før av har han Rff-prisen frå 1997, Norsk folkemusikkfonds pris frå 2002 og heidersmedlemskap i Noregs Ungdomslag frå 2021.
Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) gratulerer Stallvik på Facebook-sida si, og skriv at han er «en viktig person for utviklinga av folkedansen i Norge. (…) For oss gjorde han en viktig innsats, først som medlem fra 1973, og deretter som leder for Rådet for folkemusikk og folkedans [Rff] i årene 1982–1990. (…) Han var en viktig bidragsyter i å samle et fragmentert fagfelt, som delvis samarbeidet og delvis motarbeidet hverandre.»