Kan du komme ned og hente meg vart opphaveleg laga i 2014 og har deretter vore framført 22 gonger. I 2014 var det Ole-Morten Indigo Lekang som stod for musikken. Men til ny-premieren som var lagt til Voss folkemuseum og Torvsalen i Gamle Bergen, var det laga ny musikk av Benjamin Mørk. Mørk har tidlegare laga musikk for Kartellet til førestillinga Anføttes, som òg kom ut i plateversjon.

Medan det var elektroniske klangar som prega lydbiletet i Anføttes, er akustisk piano einaste lydkjelda i dette prosjektet. Mørk, som sjølv trakterte det gamle og sjarmerande flygelet i Torvsalen, hadde preparert instrumentet med filt som dempar klangen (liknande den midtarste pedalen som finst på mange piano berekna på husbruk), og dessutan forsterka mekanikken i instrumentet. Desse tilleggslydane fungerte som eit slags slagverk der lyden kom ut or høgtalarar som var plasserte under flygelet. Dessutan førekom ein del speling direkte på strengane, i form av skrapelydar og liknande. Det rytmiske elementet vart ytterlegare forsterka ved at Mørk nytta fottramp som eit tydeleg og medvite verkemiddel.

Intimiteten i lokalet gjorde at små detaljar, både i musikken og dansen, vart svært tydelege. Huset var opphaveleg bygd som bedehus i Solheimsviken i 1881, men vart i 1977 flytta til Gamle Bergen museum, avsakralisert og omdøypt til det livssynsnøytrale «Torvsalen» og vert i dag nytta til ulike slags kulturføremål. Likevel: bygningen ser framleis ut som eit bedehus med sine galleri som under den høge himlinga omkrinsar det kvadratiske, store rommet, kvilande på tresøyler.

Og utnyttinga av rommets særpreg kom til sin fulle rett i denne førestillinga. Publikum var plassert på stolar som omkrinsa ein open plass midt i rommet, og pianisten var plassert framme, omtrent der talarstolen kunne ha vore. Dei dansande kroppane vil sjølvsagt vera i fokus i ein kvar danseframsyning, men koreografien til Heide og Helgesen gjorde at sjølve rommet vart meir enn ei dansematte og tribune for publikum. Dansarane var i rørsle over alt i rommet, ikkje berre dansande, men springande i stor fart framfor, rundt og bak publikum, av og til leikande, av og til knuffande og aggressive, av og til svært intime.

Det var ikkje berre musikaren som nytta tilleggseffektar (tramping/mekanikk) som eit medvite verkemiddel. Også dansarane utvida uttrykkspaletten ved at pusting og pesing var svært høyrbart (heilt utan forsterking) og sveitten rann synleg ned over andleta. Dessutan medførte den intime settinga at også blikka til dansarane fekk eit heilt anna fokus en det som ville vore mogleg på ei større scene.

Kontrastfull nypremiere
Kartellet: Kan du komme ned og hente meg igjen?
  • Nypremiere på 'Kan du komme ned og hente meg?', som originalt hadde premiere 2014
  • Gamle Bergen museum, 29. april 2019
  • Dans og koreografi: Sigurd Johan Heide og Inge Martin Helgesen
  • Musikk: Benjamin Mørk
Kontrastfull nypremiere
Denne teksten er del av Folkemusikks satsing på folkemusikk- og folkedanskritikk. Prosjektet er støtta økonomisk av Norsk Kulturråd (Kulturfondet) og stiftinga Fritt Ord (i samarbeid med Norsk tidsskriftforening).

Kjernen i Kartellet sine produksjonar er norsk folkedans. Slik var det også her. Av og til vart dansen framført stilfullt og pynteleg, som på ein kappleiksscene. Men element frå samtidsdansen var mist like mykje til stades, både med innslag av fysisk krevjande øvingar (t.d. løfting) og absurde innslag som like mykje minna om barneleik. Dessutan gjorde nærleiken til publikum at det heile fekk eit preg av performancekunst. Ei sentral hending frå norsk kulturhistorie innan denne kunstforma, var då den koreanske komponisten/ performancekunstnaren Nam June Paik under ein konsert i 1961 klipte slipset av Norsk komponistforenings formann Finn Mortensen. Med slike hendingar i mente, tenkte eg rett som det var: Kva finn dei på nå? Kjem dei til å ta på meg? Og faktisk hamna dei eit par gonger på fanget til nokon publikumarar, og til slutt baud dei opp publikum til ein felles vals.

Medan delar av samtidskunsten har gjort seg framand for eit publikum ut over det spesielt interesserte, har Kartellet makta å kombinera det attkjennelege (folkedans, leik og humor) med det eksperimentelle. Også musikken har tilsvarande dynamikk: Klangflater, dunking og skraping går gradvis over i sukkersøte melodiar og velkjende harmoniar, og tilbake att. Som heilskap kan alt dette oppsummerast som ei kontinuerlig veksling mellom kontrastar, både i dansen og musikken: det velkjende og det nye, det aggressive og det erotiske, det usikre og det trygge.