Sist veke skreiv Halldis Folkedal ein kronikk på folkemusikk.no der ho fortel at folkedansarar manglar utøvande og pedagogiske utdanningsmoglegheiter. Eitt av dei få studia som har vorte gjennomført dei siste fjorten åra, er vidareutdanningstilbodet Norsk Folkelig Dans. Sjølv om studiet har opplevd ei aukande oppslutnad dei siste åra, kan utdanningsbyråkratiet no setje ein stoppar for det populære dansestudiet.
Norsk Folkelig Dans er i dag eit samarbeid mellom NTNU Videre, Studieforbundet kultur og tradisjon og Noregs Ungdomslag. Vegar Vårdal var initiativtakar ved studiet i si tid, og er i dag fagansvarleg. Det utøvande og samlingsbaserte studiet gjev 15 studiepoeng, og er eit av svært få studium i folkedans som i det heile gjev studiepoengutteljing. Men studiet har missa godkjenninga det har hatt frå NOKUT, kontrollutvalet for utdanning i Noreg. Dermed vert faget truleg stoppa frå hausten.
Men kvifor skjer dette? Mette Vårdal, som er fagleg ansvarleg for studiet hjå Studieforbundet kultur og tradisjon, forklarer:
– Stortinget har vedteke ei forskrift som seier at 50% av undervisninga på etter- og vidareutdanningskurs skal gjennomførast av nokon som er tilsette på den einskilde høgskulen/universitetet. Det vil seie at at 50% av undervisninga i dag må utførast av ein person tilsett ved NTNU for at kravet skulle ha vore oppfylt. Sidan dette ikkje er tilfellet, har NTNU bestemt seg for å avslutta alle samarbeid med eksterne aktørar som oss.
Denne forskrifta stoppar no fleire etter- og vidareutdanningstilbod rundt om i landet, både innanfor store og små fagfelt. Vil likevel den nye forskrifta føra til høgare kvalitet og meir profesjonalisering av ein slik type utdanning?
– Det er viktig med høg kvalitet på dei studiane som vert tilbydd. Men diverre slår forskrifta veldig uheldig ut for oss som driv på med små fagfelt. Når det berre er nokon få fagtilsette på universiteta eller høgskulane, er me heilt avhengige av å henta kunnskap utanfrå for å få breidde i tilbodet. Eit for lite fagmiljø kan vera ei hindring for fagleg breidde, utvikling og diskusjon. Me meiner det er viktig å oppretthalda fagleg utviklingsarbeid også utanfor universiteta og høgskulene. Dette håpar me at departementet også ser, og at me får med oss politikarane på ei endring av forskrifta, seier Vårdal.
Eit politisk ansvar
Hege Brodahl, seksjonssjef i tilsynsavdelinga i NOKUT, understreker at ho ikkje kjenner særskilt til problematikken kring Norsk Folkelig Dans. Ho presiserer at det ikkje er eit krav at 50 % av sjølve undervisninga i Norsk folkelig dans og liknande studium blir halde av ein som er tilsett i hovudstilling ved NTNU:
– 50 % av årsverka som vert nytta på undervisning, rettleiing, forsking, kunstnarisk og faglig utviklingsarbeid og eventuell administrasjon, skal gjerast av fagtilsette i hovudstilling ved institusjonen. Kravet har vore forskriftsfesta sidan 2006, og har gjeldt for utdanningar på mindre enn 30 studiepoeng sidan 2013.
Målet med kravet er at NTNU og andre institusjonar med fullmakt til å tilby høgare utdanning skal ta ansvar for alle studia dei tilbyr, fortel Brodahl vidare:
– Dette ansvaret kan ikkje delegerast til andre. Institusjonen må ha faglig kompetanse på fagområdet for alle studium, og kravet tvingar institusjonane til å tilsette fagpersoner i fagfelt dei ønskjer å tilby utdanningar i. Slik kan kravet òg føre til at også mindre fagfelt vil kunne sikrast ved institusjonen.
Det er òg mogleg for NTNU Videre å tilby kurs som ikkje gjev studiepoeng, understreker ho. Norsk Folkelig Dans skulle altså kunne halde fram utan at studentane får poengutteljing. På spørsmål om NOKUT ser eit særskild ansvar for fag som er unike for Noreg og har kulturhistorisk verdi, slår Brodahl fast at det ikkje høyrer inn under mandatet deira – slike vurderingar ligg på politisk nivå:
– NOKUT skal ikkje ha meining eller preferansar om kva for fagfelt det skal satsast på i høgare utdanning.
Norsk Folkelig Dans fell innanfor det vi har definert som satsingsområde. Men innan dansefeltet har me berre to fast tilsette, og det avgrensar både kapasiteten og kompetansen til å drive kursverksemd.
Arbeider for ei løysing
Universiteta og høgskulene i Noreg blei for eit års tid sidan bede av NOKUT om å gå gjennom heile porteføljen av utdanningar som er samarbeid med eksterne aktørar. Tilsynet av utdanningane har auka medvitet til utdanningsinstitusjonane om å kvalitetssikra slike utdanningar, fortel Brodahl.
På spørsmål om det er aktuelt å halda fram med studiet utan at det gjev studiepoengutteljing, viser Vårdal til at dei missar pengestønad no som NOKUT-godkjenninga er trekt tilbake. Dermed vil faget bli mykje dyrare enn det har vore for studentar så langt.
– Men korkje Noregs Ungdomslag eller Studieforbundet Kultur og Tradisjon vil nokon gong slutte med folkedansopplæring på dette nivået. Så vi er nøydd å finna løysingar som er moglege å gjennomføra.
Studieforbundet Kultur og Tradisjon har ei stund diskutert ei vidareutvikling av det eksisterande studiet. No kan det altså i staden vere kroken på døra. Men Studieforbundet Kultur og Tradisjon gjev likevel ikkje opp, og er optimistar, fortel Vårdal:
– Me arbeider med å finna løysingar i samarbeid med NTNU. I tillegg arbeider me politisk i håp om å få endra forskrifta. Det er for tidleg å seia noko om dette, men det er lite truleg at det vert studiar til hausten. Me håpar på å vere i gang igjen hausten 2017.
Jørgen Langdalen, leiar ved Institutt for musikk ved NTNU, fortel at dei òg arbeider med saken, men at dansefeltet er i ein pressa situasjon:
– Norsk Folkelig Dans fell innanfor det vi har definert som satsingsområde. Men innan dansefeltet har me berre to fast tilsette, og det avgrensar både kapasiteten og kompetansen til å drive kursverksemd. På sikt skal vi syta for at vi har kompetansen til å driva etter- og vidareutdanningskurs i det omfanget vi ønskjer.
Langdalens institutt må altså prioritera hardt. I tillegg har NTNU no mellombels utlysningsstopp på grunn av fusjonen 1. januar mellom universitetet og tre høgskular. 1. mars er fristen for å ha godkjenninga av faget klar, så klokka tikkar, vedgår han:
– Norsk Folkelig Dans heng i ein tynn tråd for haustsemesteret. Men eg vil ikkje heilt avskriva moglegheita – vi arbeider med å finna ei løysing.
Medforfattar Audun Stokke Hole er for tida student ved Norsk Folkelig Dans. Medforfattar Gudrun Folkedal er i familie med folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag, ein av organisasjonane som er ansvarlege for Norsk Folkelig Dans.