– Når ein flyttar til ein ny stad, er det viktig å kjenne at dei elementa ein kjenner til heimanfrå, også finst her. Alt treng naturleg nok ikkje vere her, men for meg er det viktig at eg kan finne att ulike kulturelle ting eg har vakse opp med. Då det ikkje var så mykje musikk frå Midtausten tilgjengeleg i Oslo då eg flytta hit, tenkte eg at nokon av oss frå Midtausten burde gjere noko med det. Det førte til at eg byrja å jobbe med folk frå ulike bakgrunnar, seier Saleh Mahfoud.

Han kom til Noreg som flyktning frå Syria i 2015. Etter ei stund på asylmottak flytta han til Oslo. Han ville gå på konsertar, og var innom mellom anna Nasjonal jazzscene og andre etablerte scener, men han fann ikkje nokon stad der han kunne høyre arabisk musikk. Nokre konsertar med Javid Afsari Rad gjekk han på, og han likte godt det han høyrde, men han sakna meir av den folkelege dimensjonen, som han var vand med å få i Syria.

Lang fartstid i kulturbransjen

No har han difor tatt initiativ til å lage «Diwan – Norsk Midtøstens Litteratur & Kunsthub». Men bak arbeidet med Diwan ligg mange års erfaring med å arbeide i kulturfeltet. Som utøvar har Saleh starta band som Majãz og Oslo Oriental Orchestra, og han har samarbeidd med musikarar som Håkon Kornstad, Knut Reiersrud, Tuva Færden og Jonas Cambien. I tillegg har han no lang fartstid i det norske organisasjonslivet, mellom anna i Samspill, som endringsagent i Music Norway, i plateselskapet Jazzland/Ok World og frå juryarbeid rundt omkring. Arrangement som Oslo Dabke Festival og Jul på arabisk står han også bak.

Diwan blei etablert av Saleh og fleire andre kunstnarar i slutten av 2021. Det første arrangementet deira skjedde på Riksscenen i februar, med over to hundre personar til stades. Sjølv kallar dei arrangementa sine for kunstnarisk-sosiale arrangement, og på Riksscenen var det konsertar og diktopplesing med musikk til, før kvelden avslutta med ein stor interaksjon mellom utøvarane på scena og publikum i salen.

Kulturell smie skal få fleire fram på scenene
Sidan han kom til Oslo frå Syria i 2015, har Saleh Mahfoud stått bak fleire konsept og grupper med midtaustleg musikalsk og kulturelt preg. (Foto: Johanne Flottorp)

Fellesområde i musikken

Siste torsdagen i mars blir det ein ny konsert i regi av Pulsfestivalen, Framtiden i våre hender og Diwan, denne gongen i Holmlia kyrkje. Her skal Øyonn Groven Myhren, Rola Srour, Mathilde Grooss Viddal, Helga Myhr, Jo Skaansar, Khaled Habeeb, Jonas Cambien, Hans Olav Baden og Saleh Mahfoud sjølv delta.

På konserten vil musikarane finne eit fellesområde i musikken mellom Midtausten og Noreg, fortel Saleh.

– Frå eitt utgangspunkt verkar det kanskje som om dei kulturane ikkje passar saman. Men etter kvart som du leitar, finn du mange fellestrekk, som kvarttonar og intonasjon. Eg vil ikkje sjå på musikken som ein fusjon, men me vil heller oppnå ein naturleg flyt mellom musikalske element frå dei ulike kulturane. Eg likar denne prosessen, sjølv om han er tidkrevjande.

Eit tankeeksperiment han har gjort seg, er å høyre for seg korleis musikken ville ha låte dersom syrarar og nordmenn hadde levd saman i 2000 år.

– Resultatet kan bli interessant og magisk. Eg er ikkje redd for å gjere feil. Viss me ikkje gjer feil, vil me aldri finne ut av ting.

Kvinnene må få uttrykke seg fritt

Orientalske lydlandskap er eit konsept som skaparane bak Diwan jobbar mykje med. Der blir tekstar på ulike arabiske språk framført, med omsetjing til norsk på ein skjerm på scena. Saleh fortel at tekstane er sterke, og at det både er profesjonelle poetar og amatørar som deltek i desse framføringane. Spesielt viktig for han er det å få kvinnene med på dette.

– Eg har ei dotter og eg har søstrer. Dess meir eg ser kvinner uttrykke seg fritt i mellom anna sosiale mediar, dess tryggare føler eg meg. Eg vil at dottera mi skal sjå nokre gode førebilete, med kvinner frå Midtausten som snakkar fritt utan nøling og frykt, seier Saleh.

Han skjøner ikkje korleis dei hamna der, fortel han. På 1950- og 60-talet var det ikkje slik. Men så skjedde ei endring i styringsmaktene, som førte til at kvinner måtte vere på ein spesiell måte, og snakke på ein spesiell måte.

– Her i Noreg kan me seie alt, sjølv om mange vil vere usamde i det me seier. Men me får likevel lov til å seie det me meiner. Det bør me vere stolte av, slår han fast.

Eit tankeeksperiment Saleh Mahfoud har gjort seg, er å høyre for seg korleis musikken ville ha låte dersom syrarar og nordmenn hadde levd saman i 2000 år.

Vil gjere folk vande med scenelivet

Planen framover er å inkludere flest mogleg kunstnarar i den nye kunsthuben, fortel Saleh Mahfoud. Målet er at dei som er med, får spele konsertar, lese dikt og stå på scena mange gonger i året.

– Du eksisterer ikkje i miljøet om du ikkje er på scena. Folk må vite om deg, og marknaden krev det. I tillegg er det konkurranse, for alle vil jobbe.

Saleh er lei av mellomledd og organisasjonar som tek mykje av kaka når det kjem til støttepengar, og vil at 80–90 prosent av støtta som går til kulturlivet skal gå direkte til artistane og ikkje til mellomledda.

– Me treng ikkje gå den retninga der me må ha hjelp frå mange ulike hald. Løysinga er at me ordnar det sjølv, og viss det ikkje er arenaer som passar for oss, så lagar me dei. Me må prøve å få ting til å skje. Framover vil eg jobbe for å få til både mindre og større Diwan-arrangement. Det vil krevje arbeid, men me har allereie starta, så me er på god veg. Eg er veldig positiv, seier han, og legg til at viktige samarbeidspartnarar framover blir Global Oslo, Transform, Samspill og Riksscenen.

– I starten meinte mange at det var umogleg for meg å starte opp noko for arabisk musikk, fordi dei trudde folk ikkje ville høyre på det. Men eg trudde ikkje på dei. Alle som går på konsert er smarte nok til å kose seg med god musikk, og dei tenkjer ikkje «dette er musikk frå Midtausten». Dei tenkjer heller på om dei synest det er fint eller ikkje, uttaler han.

No har han blitt kjent med mange han er takksam for å ha møtt. Og spesielt publikum i Noreg er Saleh godt fornøgd med.

– Det norske publikummet er eitt av dei beste. Dei får alltid ein god konsert, fordi dei gir så mykje energi til oss på scena, avsluttar han.