FolkBand og FolkDans – Målselv

10. til 13. august

I Målselv satsar Kalottspel på samspel når dei under festivalen arrangerer kurset FolkBand. Der møtast deltakarar mellom 12 og 18 år og øver saman i fire dagar. På kveldane overnattar dei på Mellembygd kultur- og oppvekstsenter, har det sosialt og går på konsertar på festivalen. På laurdagen speler dei sjølv ein konsert saman med andre kursdeltakarar og instruktørane sine, som i år er Ian Carr på gitar og Niklas Roswall på nyckelharpe.

På det tilsvarande dansekurset, skal deltakarane bli betre kjende med nordnorske dansetradisjonar. Det er plass til både dei som har mykje erfaring, og dei som ikkje har dansa fullt så mykje. Torill Steinjord er ansvarleg for kurset.

Kalottspel for unger – Målselv

11. til 13. august

På dette kurset kan ungar mellom 6 og 11 år få teste ut folkemusikk og folkedans. Dei får undervising på instrument viss dei spelar det, og det blir elles mykje tid til leik og tull, utanom opplevingar og læring, skriv arrangøren.

Kurssommar på trappene
Lausdanskurs på Strunkeveko 2019. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)

Heme dine sommarleir – Engerdal

21. til 24. juli

Parallelt med festivalen, går Heme dine sin sommarleir av stabelen. Det som skil dette sommarkurset mest frå dei andre, er at alt går føre seg ute. Deltakarane søv i telt ikkje langt frå festivalarenaen, og i tillegg å melde seg på kurs i anten folkedans eller folkemusikk, kan ein velje friluftsliv. Sommarleiren er open for deltakarar mellom 8 og 16 år, og på friluftsliv og folkedans treng ein ikkje å ha erfaring med emnet frå før. For dei som vil delta på folkemusikk-kurset, må dei ha spelt i eitt til to år og ha eige instrument.

Kurssommar på trappene
Jon Hjellum Brodal instruerer i felespel på Strunkeveko 2019. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)

Strunkeveko – Valdres

10. til 15. juli

Samstundes med Jørn Hilme-stemnet, blir Strunkeveko arrangert på Merket i Tisleidalen. Det er sjette gong at kurset går føre seg her, men Strunkeveko har eksistert heilt sidan 1998. Kurset er ope for dei mellom 11 og 20 år, og med eit stabilt deltakartal på rundt 100, er det det største sommarkurset innanfor folkemusikk og folkedans her i landet.

På Strunkeveko kan ein få undervising i dei fleste disiplinar. Ein kan også velje fordjuping innanfor hardingfele, fele, song, halling og pardans. I tillegg tilbyr Strunkeveko eit kurs i konsertproduksjon der ei gruppe med elevar med dansarar og ulike instrumentalistar og songarar skal jobbe med Andreas Ljones og Silje Onstad Hålien. Dei skal lage to framsyningar i løpet av veka, ei som skal visast fram i Tisleidalen og ei som skal vere laurdagsunderhaldning på Jørn Hilme-stemnet.

Ministrunken – Valdres

13. og 14. juli

Dei som er for unge til å delta på Strunkeveko, kan melde seg på Ministrunken. Dette er eit todagarskurs utan overnatting for dei mellom 6 og 11 år. Det er samstundes med Jørn Hilme-stemnet, og undervisinga blir gjort i stovene rundt om på Valdres folkemuseum. Samstundes med Ministrunken er det også kurs som dei føresette kan gå på, og for dei aller yngste, mellom 3 og 5 år, kan Mikrostrunken vere eit alternativ.

UngFolk – Bø i Telemark

9. til 13. August

Sommarkurset UngFolk har blitt arrangert i Telemark i ei årrekke. Dei siste åra har sommarkurset heldt til på Lifjell i Bø, og det gjer det også i år. Det er kurs i hardingfele, vokal og dans på ulike nivå, og kurset passar for dei mellom 8 og 18 år. Det blir også fleire aktivitetar på tvers av gruppene, med utflukter, sjokoladekappleik og konsertar både som deltakarar og publikummarar på Telemarkfestivalen, som blir arrangert samstundes.

Kurssommar på trappene
Torjus Westeng Bakken instruerer i dans på UngFolk 2020 i Bø i Telemark. Sommarkursa er ofte samlokaliserte med folkemusikkfestivalane, og UngFolk finn stad samtidig med Telemarkfestivalen. (Foto: Johanne Flottorp)

Sommarleiren til NU – Melhus

28. juni til 3. juli

Noregs Ungdomslags sommarleir blir arrangert ein ny plass kvart år, og skal i år vere på Trøndertun Folkehøgskole i Melhus. Her blir det både lange og korte kurs, i aktivitetar som folkedans, swingdans, friluftsliv, skodespel, improteater og scenesong. På kvelden etter kursa er det ulike sosiale aktivitetar, både planlagde og spontane – improkappleik, hekleløp, festmiddag og nattdebatt, og mykje anna.

Kurssommar på trappene
Kurssommar på trappene
Frå Mokurset, eit tradisjonsrikt kurs som sidan fjoråret er erstatta av UngLåt. Det nye kurset går føre seg samtidig med Førdefestivalen. (Begge foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)

UngLåt – Førde

6. til 8. juli

I år er det andre året at sommarkurset UngLåt blir arrangert. Det er Sogn og Fjordane folkemusikklag som arrangerer dette i samarbeid med Førdefestivalen og Hordaland folkemusikklag.

UngLåt er arvtakaren til Mokurset, som blei arrangert frå 1984 og heilt fram til 2018. På grunn av låge deltakartal dei siste åra, blei det bestemt at Mokurset ikkje skulle bli arrangert i 2019, og med korona bankande på døra åra etter, blei det ikkje lettare å gjennomføre det då. Likevel såg arrangørane eit behov for å ha eit sommarkurs, då det er ein viktig del av rekrutteringa til folkemusikk- og folkedansmiljøet. I 2021 kasta folkemusikklaget seg rundt og arrangerte sommarkurs i løpet av nokre månader. Dette blei arrangert på Sunnfjord folkehøgskule i Førde og gjekk over tre dagar.

I år samarbeider folkemusikklaget tettare med festivalen, då dei blir arrangerte samtidig. Fleire av instruktørane er utøvarar på festivalen, og elevane på kurset kan også vere med og oppleve konsertar utanfor undervisingstida. På UngLåt blir det både instrumentkurs og dansekurs, og kurset er for dei mellom 9 og 18 år.