For yrkesutøvarar
For deg som driv på med musikk og dans profesjonelt, er det både positive og negative element i forslaget til statsbudsjett.
I det profesjonelle folkemusikkmiljøet er det dei færraste som er fast tilsette. Dei fleste er frilansarar eller tilsette i midlertidige prosjekt – dei er del av det frie feltet. Regjeringa fortel at dei ynskjer å satsa på det frie feltet, men det kjem ikkje noko særleg konkrete midlar gjennom statsbudsjettet til dette, meiner FolkOrg.
– Vi er skuffet over at regjeringen ikke velger å gjøre en sterkere satsing på det frie feltet, når rapporten om kunstnerøkonomien viste et sterkt behov for en styrking, seier dagleg leiar i FolkOrg Linda Dyrnes i pressemeldinga som de kan lese på heimesida til folkemusikk- og folkedansorganisasjonen.
Derimot ser FolkOrg det som positivt at Skuespiller- og danseralliansen, som Folkemusikk tidlegare har omtalt, får ei auke på 1,6 millionar. Dei meiner dette er ein modell som fungerer og bør utvidast til også å gjelda frilansmusikarar.
Utanriksdepartementet (UD) har sine eigne kulturmidlar. Desse midlane går mellom anna til reisestøtteordningar for kunstnarar og musikarar som skal arbeida eller stilla ut i utlandet, internasjonalt kultursamarbeid, profilering av Noreg i utlandet og utanlandske aktørar som skal på norske festivalar og bransjetreff. Mange profesjonelle norske folkemusikkutøvarar nyttar seg av desse midlane, spesielt reisestøtteordninga.
I framlegget til statsbudsjett for 2016 ligg det ei auke på 2,6 % til 66,4 millionar kroner. Det monnar likevel lite når ein samanliknar med 2014, då midlane var på 90,4 millionar. FolkOrg har merkt seg dette, og dei meiner det ikkje er samsvar mellom UD-midlane og det at regjeringa seier dei vil satse på å bygga kulturnæring.
For lag og frivillige
Folkemusikk-Noreg har mange lag og mange medlemer som driv med frivillig aktivitet. Regjeringa har som uttalt mål å stø den frivillige aktiviteten. Eit verkemiddel dei nyttar er momskompensasjonen, som er styrka i framlegget til stadsbudsjett.
«Vi synes det er veldig positivt at momskompensasjonen til frivillige lag nå økes med 60 millioner. Dette er viktige midler for lag og foreninger», skriv FolkOrg i pressemeldinga si om kulturbudsjettet.
Mellom dei som stiller seg meir skeptiske til om auka i momskompensasjonen til frivillige lag er reell, er Norges Korforbund.
«På bakgrunn av de seinere års økning i søknadsbeløpet, mener Korforbundet at økningen burde vært større,» uttalar forbundet på heimesida si.
Løyvingane til vaksenopplæringa er føreslått vidareført som i 2015, med ei lita auke på 2,9 %. Vaksenopplæringa gjev støtte til t.d. kurs og øvingar i regi av lokallag for dans og musikk. Noregs Ungdomslag (NU) seier dei er svært glade for dette:
– Sett i lys av uroa frå i fjor, då regjeringa føreslo eit kutt på 40 millionar, verkar det som at regjeringa no har sett meininga med vaksenopplæring, seier Endre Kleiveland, styreleiar i NU til Folkemusikk.
Studieforbundet Kultur og Tradisjon er samde med NU i at dette er eit godt budsjett for vaksenopplæringa i ein kommentar på heimesida si:
– Dette er ein god dag for opplæring i frivilligheten. Vi er glad for at kampen i fjor høst ser ut til å ha åpnet øynene til mange politikere, seier dagleg leiar i studieforbundet Kjærsti Gangsø.
Les også:
Ballade.no: Mye skuffelse, lite glede
Slik reagerer musikklivet på forslagene fra Kulturdepartementet til årets statsbudsjett.
Oppsummering: no news is good news?
Utsegner frå kulturministeren har tydd på at ho ynskjer å reversere den rød-grøne politikken med samling av makt i eige departement. Målet er mindre statleg kontroll over kulturlivet og meir privat finansiering. Kva kjem statsbudsjettet med her? Forfattar og journalist Jan Zahl er som vanleg ikkje overtydd, der han i ein kommentarartikkel i Stavanger Aftenblad torsdag (som SA-abonnentar kan lese her) skriv:
«Widvey innfører ikkje tiltaket næringslivet sjølv har peika på som det mest effektive for å få meir privat kapital inn i kulturlivet, nemleg skatteinsentiv av den typen som gjeld idretten. Sponsar næringslivet idrett, kan dei trekka det av på skatten. Sponsar dei kultur, kan dei det ikkje.»
Det må nevnast at statssekretær Bjørgulv Borgundvaag i Kulturdepartementet, då han torsdag ettermiddag møtte tilsette i kulturorganisasjonar til «supperåd» hos Norsk Musikkråd i Schouskvartalet i Oslo, sjølv nytta kommentaren til Jan Zahl som sanningsvitne. Du skal «vera godt plassert i den politiske opposisjonen eller i LO-tilknytta fagforeiningar for å snakka om at ’kulturen taper’ eller «massive kutt’» i årets budsjett, skriv nemleg den ikke nett Widvey-venlege Zahl i same kommentar.
Og Zahl og Borgundvaag har rett i at mykje er ved det same, òg der revolusjonen var varsla – på kulturfeltet. Med tanke på dei omveltingane kulturlivet vart førespegla då dei blå-blå kom til makta, er det vel mange som finn sanninga i det gamle fyndordet «no news is good news».