Dette er ein klar konklusjon etter at vokalklassene er vel gjennomførte. Deltakarane både i klasse A, klasse B og klasse C gav publikum store opplevingar og fekk gode tilbakemeldingar både frå publikum og dommarar.

Totalt 13 deltok i klasse A. Ein populær vinnar av klasse A vart Synnøve Brøndbo Plassen (Hedmark Folkemusikklag) med heile 96 poeng. Silje Risdal Liahagen (Ål spel- og dansarlag) kom rett bak med 94 poeng. Deretter følgde Mari Midtli (Sel og Otta Spel- og dansarlag) med 91 poeng, og Malin Alander frå Gloppen (FolkOrg) med 90 poeng. Alander vann vokal i fjor, medan Midtli toppa i 2019.

Kvalitet, kvantitet og mangfald
Ein populær vinnar av vokal klasse A vart Synnøve Brøndbo Plassen med heile 96 av 100 moglege poeng. (Foto: Isa Holmgren for FolkOrg)

Tradisjonelt og utradisjonelt

I klasse B var det heile 24 deltakarar. Vinnar vart Isa Holmgren (FolkOrg). Med 74 poeng og andre «napp» vart det opprykk til A-klassa. Også Martin Steinum Brun (Vågå Spel- og Dansarlag) song seg opp i klasse A. Han delte andreplassen med Malin Røysland Skårberg (Tinn Spelemannslag), som kan satse på opprykk neste år.

Dommar Olaf Moen kjem med gode tilbakemeldingar etter å ha høyrt unge og meir erfarne vokalutøvarar.

«Utøvarane er ikkje redde for å satse, og dei gjer det med stor integritet.»

Olaf Moen, dommar i vokalklassene på Landskappleiken 2023

– Nivået er svært høgt. Og så ser vi at fleire har litt meir utradisjonelle songval. Utøvarane er ikkje redde for å satse, og dei gjer det med stor integritet, konstaterer Moen som var dommar saman med Eli Storbekken og Solbjørg Tveiten.

Det erfarne dommarpanelet er samstemte om at dei saman med publikum fekk oppleve gode tevlingar med lite preg av alvoret det er å stå fram heilt åleine med si eiga stemme. Meir gjennomsiktig kan det knapt bli i formidling av sterke tekstar. Samtidig som det er lettare stoff med humor og glimt i auga.

Kvalitet, kvantitet og mangfald
Gode tevlingar prega av formidlingsglede heller enn konkurranse, konkluderer dommarane i vokalklassene etter tevlingane torsdag og fredag. F.v. Olaf Moen, Solbjørg Tveiten og Eli Storbekken. (Foto: Jostein Aardal)

Rause, dyktige unge

Olaf Moen ser ei utvikling gjennom fleire år der dei unge er meir vågale i val av repertoar. Han trur dette gjer vokaltevlinga endå meir interessant for eit større publikum.

– Og så er dei så rause med kvarandre. Det verkar som dei gler seg like mykje over framføring og resultat til dei andre som tevlar. Og så er dei så dyktige på scena. Dei «eig» rommet, liksom.

– Kan det bli for mykje utprøving?

­– Eg er ikkje redd for det. Tradisjonane står så sterkt. Og det er artig å sjå korleis dei unge leitar i arkiv etter stoff frå eige område. Så må vi tole at dei prøver ut nye uttrykk, slik det alltid har vore gjort i folkemusikken, fastslår Olaf Moen.

Alle resultat frå kappleiken 2023 i Lom finn du her. NRK Dagsrevyen hadde torsdag eit innslag frå Landskappleiken, det kan du sjå her