Det er Norsk Kvedarforum som står bak arrangementet, og dei har lagt opp til eit rikhaldig program for helgeseminaret. Kursdeltakarane får god innsikt i tradisjonen i Møre og Romsdal med kjente kapasitetar som Unni Løvlid, Gro Kjelleberg Solli og Øystein Hovland. Sjølve kurset går føre seg på Høgskulen i Volda.
– Det er flotte utøvarar som skal halde kursa, og det blir veldig hyggeleg å lære litt av Møre og Romsdal-tradisjonen. Det er fint i Volda, og det er god aktivitet i fylket med flinke lokale utøvarar, fortel Eli Storbekken, som arrangerer seminaret i saman med Veslemøy Fjerdingstad.
Det blir også høve til eit dykk i arkivet med arkivar Anna Gjendem. I tillegg er det lagt opp til barnekurs på kulturskulen, der Runa Kvalsund og Anna Gjendem skal stå for opplegget. Jorun Marie Kvernberg er også ein samarbeidspartnar her.
Det er også lagt opp til sosial hygge. På fredagskvelden er det kvedarkrok på Volda turisthotell. Laurdagskvelden er det konsert med kursdeltakarane same stad, før det på sundagen blir ein tur til kulturlåven til Anna Gjendem og John Inge Leira Bjøringsøy på Geitgarden i Bjørke. Der blir det både ein konsert og avslutning.
Påmeldingsfristen er torsdag 5. september. Deltakaravgifta er 900,- for medlemmar av Kvedarforumet, 700,- for studentar og 1300,- for ikkje-medlemmar. Barn under 12 år går gratis.
Alle interesserte kan finne meir detaljert informasjon og melde seg på her.
Kvedarseminaret er årleg, og var i fjor i Sogndal i fjor. Storbekken fortel at det kan vere bortimot 30 kursdeltakar på desse seminara. Olaf Moen er ny leiar i Norsk kvedarforum som både er ein medlemsorganisasjon og eit eige nettsamfunn på Facebook, som også er vel verdt eit besøk:
Kjelleberg Solli, som opphavleg er frå Nordmøre, gav for nokre år sidan ut ei plate der blant anna Kråkevisa etter Magnhild Havdal Almhjell er med. Dei som eventuelt vil varme opp litt til seminaret, kan ta ein lytt her: