Tekst: Kjellbjørn Karsrud i e-post-samtale med Ingvild Kleiveland Vevle.

Gratulerer med den nye intimkonsertserien Kveldsete på Osterøy! Korleis kom de på namnet?

På 1990-talet hadde Osterøy spel- og dansarlag nokre liknande intimkonsertar som bar dette namnet, og eg fekk lyst til å revitalisera ideen. Nemninga “kveldsete” er gamal og viser tilbake til stunda ein sat oppe frå mørket kom til leggjetid, og her delte ein musikk og forteljingar med kvarandre. Det er rimeleg å tru at mange av folketonane våre har oppstått i dette samværet rundtom i ulike stover. Eg synest namnet tek opp i seg alt det eg ynskjer denne intimkonsertserien skal vera: at folk er samla i ei stove på kveldstid og får høyra levande musikk – slåttar og songar tolka der og då av den enkelte utøvaren. 

De skriv på sida dykkar om konseptet at "tidsramma vil vera omlag ein times konsert og alt skal føregå heilt akustisk, tett på publikum". Kva tenkjer de er styrka ved slike typar konsertar?

Ja, i Revheimsstova, som me bruker, er det plass til maks 30 tilhøyrarar og dette skaper ein eksklusivitet: Det gjeld å sikra seg billett i tide. Ofte har ein motsett problem når ein prøver å få publikum, nemleg at salen vert for tom. 

Eg synest det er ein slags magi i at utøvaren kjem tett på publikum fordi det då oppstår ein dialog: ein må tilpassa seg kvarandre, på eit vis. Noko av føremålet med konsertserien er at medlemmer i laget skal verta betre kjende med kvarandre og musikken dei ulike spelar. Det er berre litt over eit år sidan durspelmiljøet og hardingfelemiljøet på øya slo seg saman til eitt felles lag, så det er viktig å skapa nye, felles møteplassar. Eg trur terskelen for å stilla opp som utøvar er lågare når settinga er såpass uformell og forenkla. Generelt tykkjer eg det akustiske formatet passar godt til folkemusikken og solospel. 

Intim stemning i Revheimstova. Foto: Ingvild Kleiveland Vevle.

De har alt arrangert den fyrste konserten dykkar med Ingrid Sofie Midtbø-Bruner (fele og hardingfele) og Vegard Kvestad (durspel). Korleis gjekk det?

Det gjekk heilt strålande! Stova vart full og vel så det. Eg tykte det var ekstra kjekt at det dukka opp tilhøyrarar som er “eksterne”, dvs. ikkje frå folkemusikkmiljøet. Det er òg noko av poenget med denne serien: at den lokale folkemusikken skal synleggjerast for fleire i lokalmiljøet. Det vart ei fin forsamling i ulike aldrar, og ei fin blanding mellom lagsmedlemmer, familie til artistane og andre frå lokalmiljøet. Ingrid Sofie og Vegard sa sjølve at dei likte seg. Her fekk me synt fram både den nye generasjonen og dei to hovudleirane i laget vårt: felespelet og durspelet. 

Kva for planar har de vidare for sesongen? 

Me har planlagt ein konsert i slutten av november og vonleg tre til våren. I november stiller eg sjølv opp, saman med Silje Solberg. Silje og eg har i fleire år snakka om å ha ein slik intimkonsert på museet, og det var vel kanskje ut frå det snakket at ideen kom om å dra denne serien i gang. Silje og eg har spelt saman sidan ho byrja å spela fele i januar 1993, for faktisk var eg den fyrste læraren hennar! Jon Jelmert, som stod bak den store rekrutteringsbølgja blant hardingfeleelevar på Osterøy frå midten av 1980-talet, byrja å verta noko overarbeidd då rekrutteringa tok verkeleg av rundt 1990. Så, for å få avlasting, sette han like godt oss som hadde spelt nokre år, i gang med nybyrjaropplæringa. Då ho starta, var Silje åtte og eg elleve – med tre speleår bak meg. Veldig kjekt at samspelet held fram enno!

I februar er toradarspelarane Kristoffer Kleiveland og Sindre Fotland booka, og eg gler meg til å høyra dei både solo og i duo. 

Ingvild Kleiveland Vevle er sjølv ein særs habil felespelar. Her frå Landskappleiken i Lom 2023. Foto: Kjersti Bratås.

Me ser det er stor aktivitet i Osterøy og omland, så de har sikkert nok utøvarar å ta av! Korleis opplever du som bur i Bergen og er mykje på Osterøy, denne oppsvingen?

Eg synest sjølvsagt at det er veldig stas at det skjer mykje på folkemusikkfeltet lokalt! Men for meg er ikkje dette noko nytt, for det har eigentleg alltid vore slik her så lenge eg kan hugsa. Då eg voks opp, var det mange titals born som spelte på Osterøy, og mange av oss har aldri slutta å spela saman. Seinare, i studietida i Bergen, budde eg fire år i eit av husværa på toppen av Gimle, lagshuset til Bul Ervingen, og var aktiv i laget der, mellom anna som fast dansespelar. No har eg ei dotter på elleve som spelar i Bergen juniorspelemannslag, med Gimle som øvingsstad. Så eg opplever at aktiviteten heile tida har vore i flyt. Men ja, det er ein ekstra oppsving akkurat no samanlikna med for nokre år sidan. Osterøy hadde ein lengre periode frå starten av 2000-talet der det var få nybyrjarar, men er no i gang med fleire store rekrutteringsprosjekt. Me som i dag er vaksne utøvarar, både på hardingfele og toradar, har sjølve kome i foreldrealderen og fått auga opp for kor viktig det er å bringa spelet vidare til nye generasjonar. Det er særs inspirerande og heilt uvurderleg å ha eit levande miljø rundt seg, og det er viktig at dette miljøet har folk i alle aldrar. 

Scenen vil fyrst og fremst vil profilere lokale utøvarar?

I folkemusikkmiljøet på Osterøy har me alltid brukt mykje tid på samspel, og her er me gode. Men me har eit forbetringspotensiale når det gjeld å verdsetja den einskilde utøvaren sitt særeige spel. Det har i alle fall eg sakna litt og med Kveldsete håpar eg at me klarer å skapa ein møteplass der det skal kjennast naturleg å høyra den enkelte solo og i mindre samspelsgrupper. Me har mange særs gode utøvarar som treng tilbod om ei scene! Eg håpar òg at Kveldsete kan vera ei scene der me kan syna fram sjølve den lokale folkemusikken som har røter på Osterøy. 

Går det greitt å få søkt inn økonomiske midlar til ein slik konsertserie? Om det no sit andre lesarar av bladet her som kunne tenkje seg å gjera noko av det same, kva for tips vil du gje dei for å koma i gang?

Det gjekk bra i dette tilfellet å få midlar. Sparebanken Vest hadde ute ei utlysing av noko dei kalla Lokale midlar, og logoen dei brukte her, var ein grafikk av eit bunadskledd par som dansa folkedans. Det slo meg umiddelbart at denne utlysinga var skreddarsydd for laget vårt. 

Det viktigaste er sjølvsagt å skriva ein god søknad i tillegg til å ha ein god, litt unik idé som er mest mogleg spissa. Har elles god røynsle med å få midlar frå bankane til slike lokale, eldsjelprega motkulturprosjekt. Det finst ofte mykje å søkja på der, så det er berre til å orientera seg.