I etterkant av Landsfestivalen på Oppdal har det oppstått ein debatt kring definisjonen av ei gammaldansgruppe. I reglementet til FolkOrg står det «Gruppespel er definert som minst to personar». Da det var to duoar (av totalt 18 grupper) som nådde høgt, vart det ein stor snakkis under festivalen. I etterkant har det vore artiklar i lokalavisa GD og diskusjonar på Facebook. Enkelte røystar hevdar at ei gammaldansgruppe er definert som fele og trekkspel, toradar og trekkspel eller berre toradarar, i tillegg til bass og gitar. Duoane mangla altså komp.

Statusrapport

Eg tykkjer Landsfestivalen har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra. Deltakartala har til ein viss grad vore stabile, publikumstilstrøyminga har vore god, tevlingane har fått eit meir naturleg format med dans under kvalifiseringane, og medieaktørar har fatta interesse for tevlingane i form av laiv-streaming. Noko av sjarmen med Landsfestivalen er at den tiltrekker seg publikum frå utanfor «meinigheita». Denne oppslutninga opplever eg har halde seg stabilt gjennom fleire år.

Nivået på utøvarane og musikken dei presenterer er svært jamt og høgt. Dette skapar spenning og engasjement blant publikum. I gruppespel på Oppdal er eg sikker på at minst ti av gruppene var kandidatar til finala.

FLEIRE INNLEGG I LANDSFESTIVALDEBATTEN:

Utfordringar

I mine augo er hovudutfordringa til Landsfestivalen å famne om heile gammaldans-Norge. Heilt frå starten har festivalen vore dominerte av gudbrandsdalsmusikarar. Det er kanskje ikkje heilt unaturleg sidan gammaldansen står sterkt blant folk flest i desse bygdene. Dette har ført til at gruppene får utøvd musikken som bruksmusikk, i tillegg til at dei tek tevlingane svært seriøst.

Personleg kunne eg ønskt meg at fleire distrikt var representerte. Tidlegare har trønderane vore hyppige festivaldeltakarar. I år var det berre ei «halv» trøndergruppe (Bjørkås kvintett). Kanskje hadde det samanheng med at Landskappleiken på Røros vart arrangert berre tre veker tidlegare. Vestlendingane var også underrepresenterte i år. Dette kan ha samanheng med reiseavstand. Eg trur likevel at ein føresetnad for at dei deltek er at musikken deira blir set pris på blant dommarar og publikum. Dei siste åra finst det fleire eksempel på grupper frå desse distrikta som har vorte neddømte. Dette meiner eg skuldast lite kunnskap innad i miljøet. Eg oppfordrar derfor Folkorg til å ta denne musikken på alvor, og kanskje arrangere fagseminar e.l. kor ein går i djupna på særtrekka ved runddans frå ulike områder i landet. Nord-Norge, Valdres og Hallingdalen er områder som eg også til ein viss grad saknar.

 

Krav om medlemskap

Dei siste åra har det vorte stilt krav om at alle deltakarane på Landsfestivalen må melde seg inn i FolkOrg. I mine augo er dette ein svært unaturleg måte å rekruttere nye medlemmar på. Eg kjenner fleire som ikkje stiller på Landsfestivalen fordi dei føler at arbeidsområdet til FolkOrg ikkje famnar dei. For mange av desse er det meir naturleg å melde seg inn i NTL enn FolkOrg. Å gje rabatt på påmeldingsavgifta til medlemmane, verkar som ein meir profesjonell tilnærming. Hadde det vore ein ide å prøvd eit år utan krav om medlemskap?

Variasjon i instrumentsamansetning

Gjennom historia til Landsfestivalen har det oppstått ein del standardbesetning. Skrekkeksempelet på dette er ei fele, to trekkspel, bass og gitar. Eg tykkjer det blir monotont viss alle skal stille med same besetninga, og kunne derfor tenkt meg fleire kvartettar, grupper med fleire feler, reine trekkspelgrupper osv. Definisjonen av komp er svært sneversynt i mine augo. I år som mange år tidlegare stilte alle gruppe som hadde komp, med bass og gitar. I fleire områder er det meir vanleg med pianokomp enn med bass og gitar. Eg kunne også tenkt meg større variasjon i melodiinstrument. Blåseinstrument som fløyte og klarinett er instrument som har vore med tidlegare, og som eg sakna i år.

Breidde og mangfald

Dei siste åra har det kome ei rekkje nye klassar på Landsfestivalen. I 2011 vart pardans innført som eiga klasse. Denne klassa har hatt svært stor påmelding. I 2014 kom lagdans, og i 2016 vart det innført ei eiga klasse for større toradargrupper og trekkspelklubbar. Desse gruppene har tidlegare tevla i gruppespel.

Dette er lågterskelklassar kor dei fleste kan finne sin plass. Eg meiner dei er viktig for breidda og for rekruttering av nye dansarar og bæljespelemenn. I klassa for lagspel toradar/trekkspel kunne eg tenkt meg fleire frå trekkspelmiljøet. Eg ser det derfor som svært positivt at Malm trekkspelklubb stiller. Mykje av trekkspelmusikken som blir utøvd i dag passar utmerket inn i dette formatet.

Finalar

Høgdepunkta i tevlingane på Landsfestivalen oppstår gjerne under finalane. Her blir musikken utøvd i sitt rette element, med stappfulle dansegolv. Eg meiner at regelen med gradering av kor mange finalistar ein skal ha ved ulikt antal startnummer er uheldig. Dette bidreg kanskje til at nivået blant finalistane er ivaretatt, samtidig meiner eg at ein bør ha eit fast antal på seks finalistar. Å kome til ei finale betyr meir for ei ung og framstormande gruppe enn ei etablert gruppe som har spelt finale mange gongar. Arne Stasviken trekte fram lagspel som eit godt eksempel. Her er det ein tendens til at 3–4 lag har klyppekort til finala. Viss ein hadde hatt seks finalistar kvart år, kunne nye lag fått denne moglegheita, noko eg trur vil gje auka motivasjon. Ein må sjølvsagt setja eit minimum antal startnummer for at ein skal ha seks finalistar. Eg meiner dette talet kan vera på tolv startnummer. Da kjem 50% av deltakarane til finala.

Enkelte stilartar har ein tendens til å vera overrepresentert i finalene. Eg kunne tenkt meg større mangfald av dialektar og stilartar i finalene. Kunne det vore ein ide å oppfordre dommarane til å ikkje ta med fleire enn 3–4 frå same området/stilar? Dette betingar sjølvsagt at dei aktuelle finalistane held eit visst nivå.

Buskspel

Eit viktig element i folkemusikkfestivalane er buskspelet, uhøgtideleg og sosialt. Dei seinare åra har dette dessverre døydd noko ut. Eg meiner at det er viktig for Landsfestivalen at ein stimulerer til å få liv i buskspelet att. Eit eksempel på eit verkemiddel for å stimulere dette er å utnemne ein buskspelpris. Dette har vore gjort før, utan at eg veit kvifor det ikkje er vidareført. Ein slik pris behøver ikkje innehalde meir enn heider og ære, men ein kunne for eksempel delt ut denne prisen under meisterkonserten, slik at deltakarane får kome opp på scena og ta i mot heideren.

Yrkesutøvarar

Eitt heitt diskusjonstema i etterkant av Landsfestivalen har vore tevlingsvilkåra til yrkesutøvarane. Denne diskusjonen skaut for alvor fatt etter at Kjetil Sandviken skreiv ein kommentar i GD (31.07.2017) kalla «Leikegrind for godt skolerte?».

Eg ser det som svært positivt at yrkesutøvarane interesserer seg for runddansen. Det verkar på meg som at mange skolerte musikarar ser på runddansen som enklare enn bygdedansen. Eg trur likevel mange av desse ville hatt problem med å nå opp i tevlingane på Landsfestivalen. Det blir stilt krav til eigenskapar som ein ikkje lærer på skulen, og som må øvast inn og modnast gjennom fleire år. Dei yrkesutøvarane som er aktive på Landsfestivalen i dag er oppvaksne i runddansmiljøet og innehar såleis desse eigenskapane. Noko av det som er fascinerande med runddansen er at ein kan tilpasse den til alle nivå, frå enkle songar til innvikla storgardsmusikk. Eg meiner derfor at yrkesutøvarane ikkje trugar Landsfestivalen, og kunne ynskt meg at fleire av dei deltek i tevlingane.