Toppbilete: Gudbrandsdølenes spelemannslag, vinnar av lagspel senior. (Foto: Liv Annette Nygjerdet)
Frå tevlingane
Vann gruppespel – Fjuken (Arve Danielsen, 23.6.2016)
Ottadalen fekk torsdag sin fyrste siger under Landskappleiken da vågåjentene Åshild Aasgaard og Ragna Valde Sletten frå Vågå spel- og dansarlag gjekk til topps på heimebane og vann gruppespel junior.
Åsne tråkka i gang Landskappleiken – Varden (23.6.2016, krev abonnement)
Åsne C. Haugen fekk ros av veteranen Aud Manheim frå Seljord etter oppvisninga, og det var sjølvsagt noko ungjenta frå Tessungdalen sette pris på.
Slik gjekk det på Landskappleiken torsdag – Hallingdølen (Tone Merete Tho, 24.6.2016)
Spel hardingfele B baud på opptur for éin spelemann og eit lite skår i gleda for ein annan. Hallingane held fram med å hevde seg på kappleiksscenen i Vågå.
Kvedar om kongepokal – Hallingdølen (Tone Merete Tho, 24.6.2016)
Seint fredag kveld kom resultatet: Årets kongepokal kan hamne i Hallingdal for tredje gong i Landskappleikens historie. Kongepokalen er i år sett opp i Vokal A, eliteklassen i kveding. Tre damer syng finale laurdag kveld: Margit Myhr frå Gol spel- og dansarlag, Berit Opheim frå Voss Spelemannslag og Unni Løvlid frå Hornindal Spelemannslag.
Erlend Viken best av de beste: Spilte seg til topps – Opp (Morgan Frelsøy, 25.6.2016)
Erlend Viken fra Oppdal var ett med fela si og vant den gjeveste klassen under Landskappleiken, der sambygding Andreas Bjørkås tok tredjeplassen.
Storeslem til Telemark – Varden (25.6.2016, krev abonnement)
Ottar Kåsa vann i dag hardingfele klasse A under Landskappleiken i Vågå. Dette er den fjerde sigeren til storspelemannen frå Arabygdi og Bø. Resultatet blei kjend under premieutdelinga i Vågåhallen seint laurdag kveld. Kåsa oppnådde 90 poeng.
Siri leverte i Vågå – Avisa Hordaland (Siri Flatlandsmo, 27.6.2016. Krev abonnement)
Toradarspelaren Siri Nordgård har vore med på Landskappleiken for fyrste gong. Der slo ho til og kapra andreplassen i klassen durspel junior.
Mesterkonsert Landskappleiken 2016 – NRK Hedmark og Oppland (på nett 29.6.2016)
Her kan du sjå heile meisterkonserten frå Vågå! Mesterkonsert fra Landskappleiken i Vågå, 2016 Nett-TV sending fra NRK Hedmark og Oppland, ved Terje Gording Hong og Gunnar Gravdal.
Litt av kvart
P1 Ettermiddag i Hedmark og Oppland – NRK P1 (24.6.2016)
Intervju med kappleiksgeneral Kjærsti Gangsø og dansespel med Vågå spelemannslag.
Landskappleiken som sakte-TV – Fjuken (Arve Danielsen, 24.6.2016)
29 lag var i sving under lagspelet i Vågåhallen fredag. Det var stor stemning blant det folkemusikkentusiastiske publikummet i den bortimot fire timer lange tevlinga. Programleiar Ivar Odnes kom med ein idé før han introduserte siste laget på scena: Landskappleiken som sakte-TV.
Vågåkveld til tusen – Fjuken (Arve Danielsen, 24.6.2016)
Det var eit forrykande førestilling som vart servert for ein fullsett Vågåhall fredag kveld under Landskappleiken. Vågåkvelden var ei stormønstring der 104 aktørar i alderen 6–80 år deltok i førestillinga «Ikkje ver blug, kyss meg!».
Rasmus Stauri utnemnd som heidersmedlem i FolkOrg – folkorg.no (26.6.2016)
Rasmus Stauri har bidrege vesentleg til å styrkja folkemusikken og folkedansen sin rolle og vilkåra for den i samfunnet. Arbeidet er i særleg grad knytt til formidling av folkemusikken i det offentlege rom, gjennom organisasjonsarbeid og undervisning, innsamlingsarbeid og CD-utgjevingar og som utøvar.
– Ingen kappleik – Opp (Morgan Frelsøy, 26.6.2016)
Folkemusikkveteran, Sverre Bjørkås mener den nye rangeringsordningen på Landskappleiken er meningsløs. Han vil ha tilbake den gamle ordningen der alle rangeres.
Vel blåst landskappleik – Fjuken (Arve Danielsen, 26.6.2016)
– Det var spenning om arrangøren ville klare å følgje opp frå tidlegare arrangement. Det vart gjort, sa styreleiar Per Øyvind Tveiten i FolkOrg da han takka hovudkomiteen. … Styreleiaren i FolkOrg håpa at Vågå kjem attende som arrangør ved eit seinare høve.
Folkemusikktimen – NRK P2 (26.6.2016, programleiar Leiv Solberg)
Første folkemusikktimesending med opptak og intervju frå Landskappleiken i Vågå 2016. Du får mellom anna høyre Erlend Viken, Eivind Tanche-Larsen Knutsen og dei tre kongepokalfinalistane Berit Opheim, Unni Løvlid og Margit Myhr.
Rekord for Landskappleiken – NRK P1+ (Radiolangs, 27.6.2016, programleiar Finn Dag Steiro)
Reportasje der mellom anna Kjærsti Gangsø og Tom Willy Rustad er intervjua.
På NRK sine nettsider kan du sjå om igjen heile meisterkonserten i Vågåhallen søndagen!
Knut Utler foto (Facebook) – med mange bilete frå Landskappleiken 2016.
Glimt frå arkiva
Folk i nabolaget – NRK TV (16.–29.9.1987)
Programserie i tre bolkar frå Landskappleiken i Sogndal 1987.
Landskappleiken – NRK TV (5.7.1992, programleiar Lise Foss)
Folkemusikken skaper kontakt mellom generasjonene. Her møttes gammel og ung til kapping og musikkglede. Halvtimes program frå Landskappleiken på Fagernes 1992.
Arven etter Myllarguten – nrk.no (Lene Granli, 7.11.2006)
Ottar Kåsa drøymer om å vinne Landskappleiken på hardingfele. Han er berre 22 år, og vil ta opp arven etter sin berømte stamfar Myllarguten.
Gutane dansar og jentene græt! – Gudbrandsdølen Dagningen (Camilla Berg Hansen, 27.7.2008)
– Vil du høre spelemenn som virkelig slår seg laus, er ikke tevlingene rett adresse! Det lover en liten hær med gudbrandsdøler som er på plass i Oppdal og beviser at det er utendørs det er mest leik på landskappleik. Frå Landskappleiken på Oppdal 2008.