Landsmøtet i FolkOrg 25.-27. april
Vi viser til tidlegare melding om Landsmøtet.
Landsmøtet 2025 er lagt til Oslo helga 25.-27.april
Sjølve landsmøtet startar laurdag kl 13.00
Møtestad for landsmøtet er Røde Kors-Huset, Hausmanns gate 5, 0186 Oslo
Vi vonar mange ønskjer å delta på landsmøtet!
Hugs at alle er velkomne, alle medlemmer har talerett og alle utsendingar har stemmerett!
Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida.
Her er førebels program for landsmøtehelga:
Fredag 25.april | |
Kl 18.00 | Møte med områdelaga på Bygdelagshuset (BLS), Nordahl Bruns gate 22. Samling for gruppa med yrkesutøvarar i FolkOrg i regi av fagutvalet. Eigen invitasjon vil kome til begge desse arrangementa. |
Kl 18.00 SEMINAR OG KURSING | INSPIRASJONSSEMINAR: "Vær velkommen" - Eit foredrag om haldningar, ubevisst diskriminering og aktiv inkludering i lokallaga. Her får du konkrete verktøy for korleis ditt lag kan jobbe med auka mangfald. Med Wesam Almadani og Angelica Bråten (Buskerud Teater). |
Kl 20.00-23.00 | Registrering av deltakarane på Anker Hotel |
Kl 20.00 SEMINAR OG KURSING | INSPIRASJONSSEMINAR med tema “Rekruttering og inkludering i lokallaga”. Korleis få til både inkluderende og rekrutterande aktivitet i danselaget/spelmannslaget. Med Torill Jørgensen (Røros folkedanslag) og Tone Ingvaldsen (Dansemølje/Leikarringen i BUL Oslo). |
Kl 21.00 DANSEFEST I BYGDELAGS-HUSET | Dansefest på Bygdelagshuset. Dansespel med Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten. Heile fredagskvelden på BLS er eit samarrangement med Noregs Ungdomslag, som har årsmøte same helga. |
Laurdag 26.april | |
Frå 08.00 | Registrering av landsmøtedeltakarane Røde Kors-Huset, Hausmanns gate 5, 0186 Oslo |
Kl 10.00 SEMINAR OG KURSING | Lokallagsseminar: Det er mange tilskotsordningar både enkeltmedlemmer og lokallag kan søke på gjennom eit år. Korleis skrive gode søknader? Korleis få til ei berekraftig styredrift i lokallaget? Samt fleire andre aktuelle tema. |
Kl 11.00 SEMINAR OG KURSING | Seminar og panelsamtale: FolkOrg sette hausten 2024 ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på dei store arrangementa våre. Oppdraget var å kome med attendemelding til styret om tankar og gode idear om Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, med eit særleg fokus på korleis arrangementa våre også i fråmtida vere gode møteplassar på tvers av generasjonar. Det blir presentasjon av arbeidet med ei påfølgande panelsamtale. |
Kl 12.00-13.00 | Lunsj |
Kl 13.00-17.00 | Landsmøte |
Kl 19.00 | Felles middag på restaurant Südøst. |
DANSEFEST PÅ RIKSSCENEN | Stor dansefest på Riksscenen med m.a. Ein haile halve maone. MERK: Kvar enkelt kjøper dansefestbillett sjølv - bruk koden "Heisann" for 50% FolkOrg-rabatt ved kjøp av ordinær online billett. |
Sundag 27.april | |
Kl 10.00-13.00 | Landsmøtet held fram |
Kl 13.00-14.00 | Lunsj |
Dokumenter til landsmøtet – PDF
FolkOrg Årsrekneskap 2023 - Signert
FolkOrg Revisjonsberetning 2023 - Signert
FolkOrg Årsrekneskap 2024 - Signert
FolkOrg Revisjonsberetning 2024 - Signert
FolkOrg Årsmelding 2024 (Kjem så fort det er klart)
Førebels dagsorden for landsmøtet 2025
Sakspapira blir sendt ut seinast i veke 14.
PRISAR
Overnatting på Anker Hotell:
Enkeltrom kr. 1020,- / kr 1190,- (Førstemann til mølla får billigaste pris!)
Dobbeltrom kr. 1250,-
Dagpakke pr. person pr. dag kr 500,- (møte m/ lunsj)
Vi kan ikkje garantere overnattingsplass til dei som melder seg på etter fristen. Påmeldte som ikkje kjem på møtet, og som ikkje har meldt avbod, må rekne med å måtte betale opphaldsutgiftene.
Det vil bli sendt ut faktura i etterkant.
REISE
Utsendingane kan søke FolkOrg om reisetilskot. De må då fylle ut reiserekningsskjema.
Frist for innsending av reiserekning er 1. juni 2023.
PÅMELDING OG FULLMAKTSKJEMA
Påmeldingsfrist: 20. MARS. Påmelding via skjema nedst i artikkelen.
I tillegg til påmelding, må fullmaktskjema signert av leiar i laget, sendast til jorun@folkorg.no innan påmeldingsfristen.
Har du spørsmål, ta kontakt med Jorun Hagen, e-post: jorun@folkorg.no, telefon: 22005622
LANDSMØTEMIDDAG
Landsmøtemiddag er planlagt på Südøst restaurant, men dette er ikkje banka. Landsmøtemiddagen er ein trerettarsmiddag, og krev påmelding. Pris for landsmøtemiddag er 650 kr + drikke. Det vil bli sendt ut faktura i etterkant. (Prisen kan verta litt endra dersom vi byter stad for landsmøtemiddagen)
DANSEFEST PÅ RIKSSENEN
Laurdag kveld er det stor dansefest på Riksscenen med m.a. Ein haile halve maone. MERK: Alle må kjøpe billett til denne direkte på Riksscenen sine nettsider sjølv -
_____
VIKTIG INFO FRÅ VEDTEKTENE:
Utsendingar til landsmøtet
Om utsendingar til landsmøtet seier vedtektene:
§6 Utsendingar til landsmøtet . Stemmerett på landsmøtet har:
A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for siste meldingsår innan 31. desember etter følgjande skala:
a. Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending
b. Lag med 30–99 medlemmer: 2 utsendingar
c. Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar
d. Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar
e. Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar
f. Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar
B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer
C) Ein utsending frå kvart områdelag
D) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på landsmøtet
- Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.
- Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag. Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.»
- Det er medlemstalet pr. 31.12.2024 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.
- Alle utsendingar må ha gyldig medlemskap. Ta kontakt om de har spørsmål kring medlemskapen.
For spørsmål om landsmøtet ta gjerne kontakt
Aslak Brimi, dagleg leiar
aslak@folkorg.no
Kva skal FolkOrg arbeide med framover?
Verdigrunnlag
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for at folkemusikken og folkedansen i Noreg skal få ei sterkare rolle og betre vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg står for eit mangfald av ulike sjangrar og lokale variantar. Dei har fått si form gjennom langvarig bruk og utgjer fullverdig kunst i seg sjølv. Ei styrking, synleggjering og formidling av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i FolkOrg sitt arbeid, og organisasjonen skal som ei naturleg følgje av ei levande tradisjonsforståing fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag. FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar, medlemmer, arrangørar og publikum. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.
Visjon
Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikk- og danseglede, og vil vere ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon.
LANGTIDSPLAN
Det er landsmøtet som vedtek kva FolkOrg skal arbeide med framover. Her kan du lese langtidsplanen som vart vedteke på landsmøtet i 2023.
Alle medlemmer i FolkOrg har talerett og anledning til å sende inn saker til landsmøtet.
Frist for å fremje saker til landsmøtet var 15. januar 2024.
Styret i FolkOrg etter valet på landsmøtet 2023
Leiar: Hilde Reitan
Nestleiar: Camilla Granlien
Nestleiar: Kristian Ihle Hanto
Styremedlem: Thomas Nilssen
Styremedlem: Lene Furuli
Styremedlem: Torfinn Hofstad
Styremedlem: Tormod Kleiveland
1.vara: Anders L. Herfoss
2.vara: Helene Høye
3.vara: Gro Skanke Raatama
Fagutval for yrkesutøvarar
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Mattias Thedens
Jon Bugge Mariussen
Tilsynsnemnd
Torunn Raftevoll Rue
Per Øyvind Tveiten
Karolina Westling
Valnemnda
Solveig Brekke Hauknes
Nina Furuli
Per Anders Buen Garnås
Her finn du kontaktinformasjon til alle som er i styret
Observatør
Medlem i FolkOrg som ønskjer å delta på Landsmøtet. Alle medlemmar har talerett.
Her kan du melde på observatørar til landsmøtet
Du kan melde på deg sjølv som observatør om du er medlem i FolkOrg, du treng ikkje vere tilknytta eit lokallag.
Utsending
Utsending har stemmerett og talerett.
PÅMELDING AV UTSENDINGAR