Tekst: Pressemelding

Les platemeldinga i nyaste nummer av Folkemusikk.

Ingrid Fossum med tre av dei totalt 12 langeleikane som har brukt i prosjektet. Foto: Cathrine Dokken.

Vi får høyre ein stor variasjon av ulike klangar og tonalitetar, og kan dykke ned i verda til kvart instrument. Ingrid har i lag med instrumentmakar Oddrun Hegge reist rundt og undersøkt langeleikar frå ulike område i Noreg. Dei har funne fram til tolv eldre instrument, frå Valdres, Telemark, Gudbrandsdalen, Hallingdal og Gjøvik – pluss ein kopi av ein eldre langeleik frå Ulvik. 

Ingrid har brukt lang tid på å bli kjend med og forstå kvart instrument, og speler ein stor variasjon av låttemateriale frå ulike område. Fokuset har vore å bli kjend med kvar langeleik slik han er – med sine ulydar og utfordringar, men òg med sin unike klang og tonalitet. Der det finst opptak, har ho forsøkt å ta med seg noko av spelestilen til kvar kjelde – utan mål om å kopiere dei heilt. Det følgjer eit detaljert teksthefte med plata, der ein kan sjå og lesa om kvart instrument ein høyrer, og det Ingrid har funne av informasjon om repertoar og utøvarar knytt til instrumenta. 

I fysisk form blir plata gjeven ut på vinyl – eit lydformat som kler instrumentet og klangane ekstra godt. På grunn av at det er mindre plass på vinyl, er det nokon fleire kutt på den digitale versjonen.

Plata til Ingrid er unik i det at ein får høyre mange ulike eksempel på eldre tonalitet, som er fysisk knytt til kvart instrument. Før pianoet og den tempererte skalaen vart vanleg, varierte oppfatninga av kva som var ein “riktig” eller “rein” tonalitet. Langeleiken har tidlegare spelt ei viktig rolle i tonalitetsforsking, blant anna i arbeidet til Erik Eggen, Eivind Groven og Reidar Sevåg. På denne plata får vi høyre eksempel på dette i praksis, frå instrument der den eldre
tonaliteten er blitt bevart.