Tekst: Johanne Flottorp Foto: Ingrid Lingaas Fossum
Den gamle langeleiken som blei funnen utanfor Gjøvik har inngraveringa «anno 1524» og var i bruk av Petter Hasvoldseter i Gjøvik spelmannslag heilt fram til han døydde i 2012. Så det er ikkje nokon skjør 500-åring det er snakk om. Langeleiken er laga av eitt stykke tre.
For tida er langeleiken å finne på musikkutstillinga Lydbølgen på Vitensenteret på Gjøvik. Men søndag 10. mars blei leiken spelt på og fortalt om på ei konsertforteljing på Tingbygningen på Hunn, i regi av Mjøsmuseet og Gjøvik spelmannslag. Bygningen er ein del av museet, og husar både spelmannslaget og tradisjonsmusikkarkivet til museet.
Ukjend originalskala
Marit Steinsrud hadde før jubileumskonserten langeleiken heime hos seg for å spele han opp.
– Det er ein veldig god langeleik. Han har skifta skala nokre gonger opp igjennom, så det er vanskeleg å finne tilbake til originalskalaen, seier ho og illustrerer over telefon korleis han let.
Då Gjøvik spellemannslag prøvde å revitalisere musikken rundt Gjøvik på 1980-talet, dukka denne langeleiken og fleire andre gamle instrument opp.
– Petter Hasvoldseter, som eigde langeleiken, hadde instrumentet i ei kasse under sofaen. Ungane hans har fortalt at han ofte kom rett frå fjøset og sette seg ned for å spele, seier Steinsrud.
Markeringar året gjennom
Ei av dei som har tatt initiativ til at det skal skje mykje i langeleik-året 2024, er Ingrid Lingaas Fossum. Mellom anna held ho på med eit prosjekt saman med Oddrun Hegge der dei skal dokumentere eldre langeleikar og spele inn slåttar på desse.
I tillegg er Fossum for tida ute med skuleframsyninga Danse mi dokke, springe min hest. Saman med dansar Brigitte Blomlie fortel ho her historia om langeleikspelaren Berit på Pynten og dansedokkene hennar.
– Det blir fleire markeringar for langeleiken gjennom året, mellom anna på Landskappleiken, Hilme-stemnet og på Riksscenen. Det blir ei feiring av instrumentet! seier Fossum.